Robbervik.jpg

Den vesle plassen Røbbervik var eit marginalt levebrød i eldre tid, men furuskogen som voks rundt småbruket var gull verdt. Det rikaste småbruket i landet, kalla Georg Stokke det, då han saman med fleire grunneigarar fekk etablert ei olivingruve der.



Røbbervika-olivinbrudd.jpg

I 1983 starta firmaet Industrimineraler med etablering av ei Olivin-gruve i Røbbervika. . Ti år seinare tok AS Olivin i Vanylven over. I 2003 sikra North Cape Minerals seg alle aksjane i AS Olivin. Sidan 2008 har gruvedrifta lege nede på grunn av marknadssituasjonen for olivin.

Gullalder og snauhogst

Det som gjorde at trelasteksporten skaut slik fart, var oppgangssaga som vart innført her i landet rundt 1530. Samtidig miste hanseatane handelsprivilegia sine på Vestlandet, og skottar og nederlendarar tok over, og det var furuskogen dei var interessert i. I eldre tider var det furuskog som vart rekna som skog. Det var furu dei brukte både til husbygging og til båtbygging, og når det var lite skog, steig prisen og det å kjøpe hus, ta dei ned og flytte dei vart det vanlege. Mellom bygdene skjedde slik flytting sjøvegen, og det er ikkje få bustadhus og løer som er blitt tekne ned og frakta frå ei bygd til ei anna. Det kunne ha vore interessant å ha skaffa seg ein oversikt over husflyttingar som skjedde på tvers av eller på langs av fjorden. Ei av dei siste slike flyttingane skjedde vel i 1939, då Lars K. Smoge kjøpte det gamle handelslagshuset på Stranda og frakta det med båt inn i Smoge-støa og tok materialen til gards med taubane, men så kom krigen, og huset i to høgder vart ikkje sett opp før i 1941. I tillegg hadde Ytste Smoge eit stort hus i Eidsdal, Smogehuset, med fire leiligheiter. Det vart bygd tidleg i 1930-åra, og Lars Martin Smoge fortel at størstedelen av materialen til dette huset vart teke i furuskogen langt oppe i Smogemarka. Stokkane vart løypa ned til sjøen, knytte saman til eit raft og så slept til Ytterdal med motorbåten. Lars Martin fortel at før dei fekk seg motorbåt måtte dei ro furuflåten ut til sagbruket i Uksvika, og når dei kom ut for Uksneset og møtte utrønå, så kjendest det ut som om dei ikkje kom av flekken. Etter saginga fekk dei lagra materialen i Uksvika til han vart tørr og mange kilo lettare, før dei frakta han inn til Smoge att.

Eksporten av furutømmer må ha vore svært stor, og både bøndene som hadde skog og dei som sto for salet, tente nok gode pengar. Mens det fram til 1660 var opptil 15 sager i Dale skipreide, sto det i 1640 berre to att, begge på Stranda. Den eine var i Uksvika og den andre på Sløgstad. Uksvika var også den einaste hamna innanfor Skotet det vart eksportert tømmer frå. Det fanst knapt vegar for frakting av tyngre last, og det vart vatnet i elvar, vatn og sjøen som vart den viktigaste transportvegen. 

Oppgangssag i Bjørkedalen.jpg

Oppgangssaga i Bjørkedalen i 2014.

Framleis fanst det nok att furuskog i terreng som var vanskeleg tilgjengeleg.  Fjellsider både i Djupedalen, i Liabygda og på Uksneset/Liefjellet og i Raudbergvika på andre sida av fjorden fanst det framleis furuskog. Det same var tilfelle også i Tafjorden og heilt oppe i Reindalen. Derifrå frakta dei nok tømmeret først over Langvatnet, så ned gjennom den bratte elva, så rodde dei det over Zakariasvatnet, vidare ned gjennom elva til Onilsavatnet og så i elva ned til fjorden. Med våre dagars målestokk verkar ei slik frakt heilt usannsynleg, men tid, krefter og arbeidslyst hadde dei nok av. Furuteigane vart gjerne stykka opp i mange teigar. Fram til  rundt 1900 frakta dei nok tømmeret heilt ned til bygda, men rundt 1900 vart det sett opp to oppgangssager i Reindalen, og frå då av vart stokkane saga der oppe og borda frakta ned.

På Liefjellet mot Sunnylvsfjorden var og er der tett furuskog, og mange gardar på Stranda hadde teigar der. Når ein son eller dotter skulle setje bo og få bygd seg hus, var det vanleg at det vart skipa til dugnad i furuskogen i Liemarkane. Furene vart så sende ned gjennom hamrane til sjøen, der dei vart plukka opp og festa saman til flåtar som vart kalla raft. Det er frå dette ordet det meir moderne «rafting» kjem frå. Raften vart så rodd rundt Uksneset og inn til saga i Uksvika. Då var det viktig å runde neset før utrøna med motstraum kom.

På andre sida av fjorden ligg Røbbervika, eit heilt marginalt småbruk i strandkanten som vart rydda tidleg på 1700-talet. Garden var fattig på alt bortsett frå furuskog, og eigarskifta var hyppige. Felles for jordsmonnet både på Strandasida og i Røbbervika var eit stort innslag av olivinhaldige bergartar. Det er ideelt for furuskog, og oppe i fjellsida her har dei henta seg både bryne og slipesteinar. Til og med Hans Strøm skriv om det midt på 1700-talet. Den same olivin-åra kjem att både mellom Ytterdal og Norddal, og inne i Tafjorden. Gjennom åra kjøpte bønder både i Geiranger og i Sunnylven teigar av Røbbervik-jorda. Blant dei var gardane i Flydalen, og i Livsminna sine fortel Jon L. Flydal om då han var med på tømmerfløyting frå Røbbervika. Det er rundt fire mil frå Røbbervika til Marok. Også her rausa dei tømmeret ned gjennom bakkane til sjøen, og også der laga dei seg ein flote gjennom å spikre saman grannendane av stokkane i fleire høgder. Så var det å ro og slepe flåten dei fire mila innover fjorden. Var dei heldige kunne dei heise lauvsegl. På eit par døgn kom dei seg til Marok. Så var det å henge stokkane etter gamlemerra dei 4,5 kilometrane fram i Flydalen. Også det litt av eit slit.

Å ta i bruk vatnet som ferdselsåre er elles ikkje noko som berre menneska har funne på. Dei har truleg lært av dyra. Sanders Korsnes har såleis fortalt at han har sett røyskattforeldre som har frakta ungane sine over vatnet på ei inntørka kuruke. Også andre dyr fraktar ungane sine over vatn og elvar anten på eigen rygg eller på stokkar eller never.

Georg Stokke har kalla Røbbervika for «Landets mest lønnsomme småbruk», og det har han nok rett i. Då han starta arbeidet med å etablere ei olivingruve der, måtte kan først få til avtale med heile 18 ulike grunneigarar som i liten grad var i slekt med kvarandre. Sjølv sat Stokke-familien omtrent på fjerdeparten. Som kjent gjekk det bra, og i 1984 starta først Industrimineraler AS, og seinare Stokke Olivin drifta. No er det det internasjonale selskapet Sibelco som driv, men drifta i Raudbergvika er mellombels stansa inntil tidene for stålindustrien betrar seg. Det kjem nok til å skje. Georg Stokke tok dette initiativet i grevens tid. Etter at fjorden vart verdsarv ville han aldri ha fått løyve til å drive gruvedrift her.


Viken1.jpg

Viken i Fjørå ein sentral båtbyggarplass i tidlegare tider. I dag mest oppankringsplass for småbåtflåten.


Båtar bygde dei i mange av fjordbygdene. Ikkje minst i Viken i Fjørå, der det etter tradisjonen var mange dugande båtbyggarar, og i fjellsidene her var det god tilgang på furu. Dit reiste også Fosse-Nils frå Ljøfossen som seinare tok namnet Nils Liaaen. I følgje sonen Lars så bygde han ei jakt i Viken, så reiste han utanlands for å lære meir, og etter han kom heim att starta han med båtbygging i Viken. Han var også den som oppretta den første sirkelsaga langs fjorden. Denne vart sett opp ved Eidselva sitt utløp i fjorden i den bygda som då heitte Ytterdal. I dag viser det ikkje restar av denne saga. Han hadde nok lært om sirkelsager på reisa si, og den han bygde vart driva elvevevatnet. Ute i Europa vart sirkelsagene gjerne drivne av damp. Sirkelsagene var langt meir effektive enn dei gamle oppgangssagene, og kunne skjere tynnare bord. Det vart viktig ikkje minst for bygginga av færingar og fjørefar og dei vanlege bruksbåtane. Under arbeidet med sirkelsaga vart Nils Liaaen skadd i ei hand så pass at han måtte til doktor i Ålesund. Sonen Lars skriv at han bodde hos kjøpmann Drabløs ved foten av Widerøbakken. Drabløs var gift med Marie som før ho gifte seg heitte Humlen. Ho hadde ei søster som dreiv ei moteforretning i Stavanger, og ho var heime på besøk akkurat då Nils Liaaen bodde der. Dei fann kvarandre og vart forlova 12. september i 1860, og i følgje sonen si beretning så vart dei også samde om at Nils skulle flytte til Ålesund og starte med skipsbygging der. Slik har det seg at A.M. Liaaen vart Ålesunds største industriverksemd og ikkje Norddals største.

Både jekter og ikkje minst færingar vart bygde langs fjorden. Færingane frå Stranda fekk ein eigen status som gode og forseggjorte båtar. Det var bønder som bygde det, gjerne på låvebrua som arbeid mellom onnene og om vintrane. Dei produserte 3-4 færingar årleg. Også i Liabygda var det fleire som bygde færingar. Til og med i Djupedalen der det var mykje furuskog, men det å frakte færingen ned til sjøen var så vanskeleg at dei måtte bygge han med dobbel hud for at han ikkje skulle slå sund.

Om vintrane var gjerne både vatna, elvane og sjøen attfrosne, og isen kunne brukast til frakting. I bygdeboka for Sunnylven blir det fortal at dei vintrane brukte å drage tømmerstokkar frå Røbbervika og inn til saga ved Steimshølen.Då brukte dei truleg hest og slede.  Det var nokså årvisst at fjordane var attfrosne, og kunne då brukast til transport. Skuleborna gjekk over isen på skulen, og på Sunnmøre Museum har dei teke vare på ein isplog frå Tafjorden som vart brukt til å lage råk med. Istida i Sunnmørsfjordane er eit interessant historisk kapittel.