Borte ved Aurebrua stod Søkelvens meieri som i åra 1894 – 1907 produserte smør. Separatoren og kinna vart drivne av vatn som kom gjennom ei renne frå Meieridammen. Dei demde elva der Storhallen står i dag.

I 1911 kom det kolfyrte elektrisitetsverket på Buholmen og meieriet der, det vi kjenner som Sunnmøre Meieri. Elias Gjersdal skaffa seg motorbåt og gjekk med mjølka frå Aurekaia til Meierikaia i Ålesund. Rasmus Mork sitt namn er også knytt til mjølkebåtane og deira historie.

Eg er ein landkrabbe som bur i eit klyngetun og luktar ikkje tjære, og ikkje har eg sildereist på støvlane. Men forfedrane si historie er knytt til båtar, båtar som førte postflagget. I 1861 vart det oppretta fem postopneri langs Storfjorden. Første postopnaren  var tippoldefar min. Han ekspederte fjordabåten frå færingen sin. Oldefar bygde Aurekaia der første propellbåten, DS «GeirangerT, la til i februar 1896. Det var dampskipsruta Ålesund – Hellesylt med hjulbåten DS «Søndmør» som la grunnlaget for at postføraren ikkje lenger måtte gå «Den Trondhjemske postvegen»  over Ljøbrekka. Skipsruta Ålesund – Hellesylt vart oppretta i desember 1856.

22 03 17 brev segl.jpg

Verdebrev frå postmester Grebstad i Volda.


Far fortalde om postføraren som grov seg ut av snøfonna med posthornet. Den einaste ferien eg hugsar far hadde var nokre dagar etter at vi var ferdige med slåtten. Mor sende han av garde med ei formkake og ein god klem. Så kunne han og postopnaren i Geiranger kose seg litt i godvêret. Han reiste som postekspeditør på fjordabåten i mellomkrigstida. Seinare, i 1940 – 44, reiste han med hurtigrutene og hadde ruta Tromsø – Harstad.

Til slutt frå mi eiga historie. Ein sommar då eg var student sykla eg med trøsykkel landpostruta, 28 km. Og laurdagane sykla eg 25 km til Hundeidvik og tok mjølkebåten som var fjordabåten. Inne i fjorden sat ei jente og venta. Og no sit ho 58 år seinare her i det gamle  posthuset.

17.03.2022