Luna4.jpg

M/B "Luna", stasjonert på Stranda, mjølkebåt, doktorbåt, skyssbåt.


Tidleg i 1950-åra tok Olav S. Oksvik, i daglegtalen kalla Engen-Olav, etter garden han budde på i Opsvika på Stranda, over doktorskyssen på fjorden. Han hadde då hatt motorbåten M/B Luna» på 42 fot heilt sidan i 1920-åra, og hadde drive skyssbåttrafikk både i fjordane og elles langs kysten. Han hadde også turar med handelsreisande og også turar oppover langs nordlandskysten om somrane. I 1921 hadde Sunnmøre Meieri etablert avdeling på Stranda, og M/B «Luna» vart teken i bruk som mjølkebåt, men vart etter kvart i minste laget, og vart  avløyst av den større M/B «Ytterdal» i 1931.

Doktorskyssen med distriktslege Oddmund Torgersen  omfatta både Sunnylven, Stranda og Stordal som distrikt. Ein rutedag tur-retur til Geiranger starta gjerne frå Stranda klokka 09.00. Etter å ha gjort seg ferdig i Geiranger, reiste dei ut til Hellesylt ved 18-tida. Då starta kontordagen der. Så kunne det på tur ut fjorden etter at dei var ferdige på Hellesylt, stå einkvan og vinka på dei i Matvika eller på Åkernes eller i Oaldsbygda, så var det å stoppe, og hadde dei behov for legehjelp var det å legge til land og sende doktoren opp til den som hadde bruk for hjelp. Doktor Torgersen var aldri tungbedd. Det hende seg mang ein gong at dei på ein slik kontordag på fjorden ikkje kom seg heim att før i 02-03-tida om natta. Så kunne der ligge beskjed om rask utrykning på nytt. Det hende seg at det vart fleire slike ekstraturar om natta. Doktor Torgersen hadde godt sovehjarte og sov om bord i båten til og frå.  Då kunne han stille nokolunde utkvilt på kontoret klokka 09, sjølv om han hadde utført mange sjukebesøk i løpet av natta. I Bergljot Engeset si bok "Doktor Torgersen", fortel sonen til Engen-Olav, Sverre Arvid, som ofte var med som hjelpesmann, at då faren sette inn ny og større motor i M/B «Luna» så fekk han kjeft av Torgersen. Båten gjekk raskare og brukte kortare tid på strekningane og det gjorde at doktoren fekk mindre søvn.

Fram til doktor Torgersen gjekk av i 1964 hadde  ”Luna” og Engen-Olav vore med på heile 2.220 turar rundt om i desse fjordane saman med doktoren..  Om vintrane gjekk det jamt snøfonner ned i fjorden frå begge sider, og  i eit intervju i Sunnmørsposten i 1962 har doktor Torgersen fortalt om ei slik fonn som styrta ned i sjøen like utanfor Oaldsbygda mens doktorbåten passerte. «Eg hadde lagt meg til å sove. Så seier svigerinna mi, Ruth (som også var sjukesøster), at eg måtte stå opp for det var slik frykteleg sjø ute. Så opna eg døra, og dermed var det kvitt overalt inne, snøen låg under tak og påveggar. Båten la seg slik over at skipperen som sto i styrehuset, kunne ta i vatnet med handa. Men båten reiste seg att – og han var godt ballasta- så nokon livsfare var det ikkje.» Dei var nok i utkanten av fonna. Eit direkte treff kunne ha velta båten.

M-B Luna.jpg


Engen-Olav, Olav S. Oksvik, eigar og skyssbåtførar av M/B "Luna" som vi ser i bakgrunnen. Båten hadde fast ankringsplass ved stranda nedanfor Engen, garden i Opsvika, der eigaren budde.