Ingen resultat.

Om føringsbåtar

av Kåre Nerhagen. Om førslebåtar eller «storbåten», som vi sa i daglegtale. Den mest vanlege type båtar i indre Storfjorden var nok færingen. Ein robåt med to par åra og to tofter, god til fiske og skysse folk og varer, og ikkje minst som kyrkjebåt. Men det kunne vere trong om noko større og stødigare båtar til frakting av til dømes storfe og hestar.
1850 - 1950
Fjøra
Les heile artikkelen

Reisandebåtane «Gerdt Meyer» og «Conrad Landgaard»

av Johan Weiberg Gulliksen Reisandebåtane si stordomstid var i 1920-30-åra. På Nordvestlandet, som elles langs kysten, var agentane sitt verste problem at det var så vanskeleg å komme seg frå stad til stad. Det var både avgrensa tilbod på offentlege kommunikasjonsmiddel og dårleg utbygde vegnett. Løysninga vart å bruke reisandebåtar. Nokre av grossistane skaffa eigen båt, men dei langt fleste leigde frå private reiarar i området.
1888 - 1940
Valldal
Les heile artikkelen

Ord og uttrykk knytt til båtbruk på Sunnmøre

Dei siste åttringane med det kjende råseglet vart brukte i Herøy på 1880-talet. Som så mange båtar før dei vart desse rigga om til «møringar». I 1911 skriv D. Liseth i ein artikkel i «Tidskrift for Sunnmør historiske lag» at det no er vanskeleg å finne ein åttring med den opphavelege sveipen.
1880 - 1880
Storfjorden
Les heile artikkelen

Båtbyggjartradisjonar

av Terje Linge Om båtbyggjartradsjonar i Norddal generelt og om Sti-Kristian færingen spesielt.
1850 - 1950
Norddal
Les heile artikkelen

Sunnmørsbåtane

Den kanskje fremste kjennaren av sunnmørsbåtane er nok båtbyggar Saxe Bjørkedal frå Bjørkedalen, som er utdanna skipabyggar og har bygd også moderne båtar på Ankerløkken Verft i Florø. Han har laga denne oppstillinga av dei ulike sunnmørsbåtane som er å finne på museet i Bjørkedalen.
1885
Geiranger
Les heile artikkelen

Sunnmørsjekta

Kjell Håvard Hatløy, styrar ved Herøy kystmuseum, gjorde for ein del år sidan eit interessant funn i eit naust på Håkonsholmen utanfor Ulsteinvik. Dte var restane av ei sunnmørsjekt, som vi har mangla kunnskap om, bortsett frå teikninga i "Søndmøres Beskrivelse" av Hans Strøm. Det var nok restar til at eksperten og båtbyggaren Saxe Bjørkedal kunne lage ein modell i målestokken 1:10. Arne Emil Christensen, i si tid leiar for vikingskipssamlinga på Bygdøy, har vore med på rekonstruksjonen, og Herøy Kystmuseum har stått bak bygginga av ei rekonstruert sunnmørsjekt som er lokalisert i Herøy.
1500 - 1900
Storfjorden
Les heile artikkelen

Snidbetna sunnmørsbåtar

Sunnmørsbåten var brei framme og smalna akterover. Denne forma fekk dei ved å setje inn fleire bordgangar i framskipet enn i akterskipet. To skråskorne bordgangar vart klinka saman med ein breiare rett framfor masta. Det gjorde båtane mjuke og føyelege i tung sjø, og godt eigna til å brukast på ei vêrhard kyststrekning.
1893 - 1900
Geiranger
Les heile artikkelen