«Dei som no veks upp er ukjende med det serlaget som høyrde den gamle sunnmørske havbaaten -  ukjende med sigling og styring - ja, ogsaa sume namn og ordvendingar som livde paa dei gamle baatarne - og kverv burt med deim. Det er visstnok heller ikkje nokon baaatbyggjar no,  som legg upp   eller bordar ut baatar, korkje smaa eller store, etter den gamle maaten. Kjølbordi er reist annorleis og boidgangarne er heile – so det vert eit anna lag i heile baaten, sjølv om ein endaa ser færingar, som er stemde og yverskorne nokorlunde etter det gamle draget i riparne.» ( D. Liseth i Tidsskrift for Sunnmør Historiske lag 1911, side 52-64.)

D. Liseth laga så ei liste med ord og uttrykk som høyrde til det gamle båtbruket på Sunnmøre:

(Forkortningar: m. hankjønnsord,  f. hokjønnsord,  n. inkjekjønnsord,  v. gjerningsord,  adj. eigenskapsord.) 

 

Aar, f. andsrom-år, bak-, kjempe-, sigle, vara-.

Andsrommet,1 n. = der dei sat i andøvet.

Andøve, v. = halde båten på same stad med årane.

Auskjer, n.  Austr, m.  Austrmål, n. = austren gjeng over tiljene.

Bak-kjempa, f. = øvste bordet i bakskuten.

Bak-lik, n. = attarste seglkanten.

Bak-rom, n., styrmannsrommet.

Bak-skut, m. - tilja f. — tofta f.

Bording, f. = sidene på båten frå kjøl til rip.

Bræding, f. = øvste enden av masta, jamnast svartbredd.

Drag, n. = eit sterkt tau til å halda seglet høveleg høgt med.

Dreglar, m. = tynne smale bord til å setje i ripskardi.

Dråg, f. = ein varakjøl, som var negld under den eigentlege kjolen.

Farm, m. = last, (fermd, adj., tungfermd = ha tung farm).

Fostova, f. = rommet attmed stamnen — også sjølve rångi som var nærast stamnane.

Fram-kjempa, f. = øvste bordet i framskuten.

Framrøn, adj. = om vind, som fall for naud, gav slag i seglet.

Fram-skut, m. = stamn, m. o. a. samansetningar.

Framtau, n. = krabbetau — til å feste i krabben eller landtau i hamn.

Hånkje, m. = små treklossar med hol festa i seglskotet på fremste kanten av seglet nedst på.

Hånkje, m. = hol i framkjempa til å festa seglet i, når vinden var rom.

Hånkji, m. = „ha seglet i, fremste hånkjen" = rom bidevind.

Hals, m. = eit sterkt tau i fremste hjørne på seglet, tredt gjennom hånkjane og lagt bukt for bukt framom stamnen, så ein kunne strekkje seglet i framliket.

Halse, v. = strekkje seglhalsen.

Handsyft, n = eit rykkjeband i seglet.

Holk, m. = ein ring av hopfletta snøre eller av honn til å feste vantnålene med.

Holkestøyta, v. = riva holkane opp av vantnålene, så masta gjekk overbord.

Honnbora, f. = hol i mastetoppen for segldraget.

Hund, m. = ein stor flat stein med tau i hundetauet — som var utfar for båten i hamn.

Kabbe,m. = eit sterkt tau frå underliket fremst på seglet og fest kring masta ned med sigletofta.

Keip, m. = heilvaksen krok eller skeiv kross, til å ro mot.

Keips-næv, n. = den oppståandande armen av keipen.

Kne, n. = tverrbjelke under toftene over rengerne og feste med endane ut i bordinga. I ein åttring var fem kne.

Knott, m. = ein norve eller snedband frå ripa ned over esingen og ned åt botnabordet. Det var fire knottar i åttringen : ein på kvar side i kjemperommet, og dei sneid att — og ned. Ein på kvar sida i bakrommet, og dei låg fram — og — ned.

Krabbe, m. =- anker eller dregg, laga av ein lang stein, felt inn i to lange treklavar, som stod den eine inn i hin. Over dei fire klave-endane var festa to tvertre — det eine utanpå det andre i kross — på og tilkvesste i endane — „krabbeklør". „Krabbeorden".

Krabbetak, n. = to mann står jamsides og tek tak i dråtten med båe hender kvar sin gong.

Krakje, m. = ein noko lang stein i ein treklave med eit tvertre over, så det vert to klør.

Krøkje, v. = „krokje på seglet" — halse i fremste hånkjen.

Laskje, m. = ei smal plate av hardt tre fest opp på keipen — keiplaskje — eller på årene til å ta slitet — årelaskje.

Lik, n. = seglkant.

Litle-sigla f. = det fjerde rommet framanfrå - auserommet.

Lo-lippa, f. = der stemnet og kjølen møtest framme.

Luv-girug, adj. = om ein båt som søkjer hardt „opp i vinden".

Pentekrok, m. = krok av jern i framstamnen til feste for halsen.

Plitt, m. = trekanta tilja ytst i skutene.

Prél, m. = ei stong til å spenne seglet ut med i platt-vind.

Rakkje, m. = ei gjord kring masta — av tre partar tau med trekuler på. Rakkjen var fest åt råa på båe sider av masta, og i nedre kanten av han var rakketrossa festa, så han kunne halast ned over masta.

Ramstemnd, adj. = om ein båt med for lite krumma stemne.

Reide, m. = mast og mastetau „segl og reide" — også segl og mast.

Reme, v. = når båten tok inn sjø over heile sida — „remefull".

Rip, f. = øvste bordkanten.

Romstein, m. = stein som vart tilmåta å liggje i romma — og som sist vart utkasta.

„Ro opp unde" = å ro under segling — „han åt å tøygjer mellom vorane" når vinden vart friskare.

Røma, v. = slakke på seglhalsen — også gjeve ut skaut.

Setja, v. = la seglet sige ned å løyse draget.

Sigla, f. = Store-sigla (Nordfjord „Frelsa") — rommet masta stod i.

Sigle kjering, f. = ei brei rong som masta stod på. (Sigletre) sjå undeskurd.

Slenghake, m. = ein lang jernkrok til å halde styrevols-tunga fast i styret.

Spenne-rong, f. = Storespennerong — det største band i båten frå rip til rip i framskuten. Litle-spennerongi låg mellom fostovrongi og storespennerongi, ,men rakk ikkje så høgt til bords som den store. Rængerne og kne var det som gav botnen og sidene i båten det skapet han skulde ha. Skutrongi svara til storespennerongi for bakskuten.

Strike, v. = taka seglet ned.

Styrelaas, n. = to kjenger i stemnet og ein i styret — den siste vart måta inn mellom dei to, og styret vart fest med ei „rennespyta" — ein liten tein av jarn gjennom kjengane.

Styrelykkja, f. = av jarn, fest nedst på bakstemnet med eine armen opp-over og den andre ned-over stemnet.

Styre-sop, m. = det hjørnet av styret som stakk djupast.

Styre-vol, m. = styre-stang. Styre-vols-tunga — eit kneforma stykke som var festa til styret med den lange armen, og den korte armen var med eit ledd festa til volen. Ved å „toge fram" søkte båten til lovart — ved å „skjota att" til le.

Tilefar, n. = alle tiljer og plittar.

Undeskurd, m. = ein trekanta tynn flake mellom kvart rom. Mellom undeskurdane låg „sigletre" til feste for romsteinen.

Urva, f. = ei stropp av tjukt tau til feste for vant og stag.

Våshard, adj. = om ein båt med godt lag under farmen.

Vatslappe, m. = om ein båt som var flå og tok vatn inn i småvêr.

Vant, n. = hovudvant attarste vanteparet.

Vantnål, f. = ei alnelang stang med hol midt på, og i gjennom dei var vanta tredde og festa med eit halvstikk kring nåla. Skulle vante gjerast lenger, var det å roma på stikket — „kvitta" — motsett „taka".

Vor, m. = åredrag -  opphavleg rørsle i sjøen t. d. etter kval eller stor fisk.

Æsing, f. =- av ås — ei firkanta stang langs den øvste sudi festa med tresaum, og rakk gjennom alle rom og kring ei alen inn i kvar skut.

Æsing-spord, m. = den attarste enden av æsingen; feste for seglskautet.

Æsinge-ladd adj. = om båten når han låg i vatnet til æsingen.




båt02.jpg
båt01.jpg
D. Liseth: Sunnmørsåttringen; i Tidsskrift for Sunnmør Historisk lag, 1911, side 52-64


13.07.2019