Gerdt Meyer.jpeg

Agenten på reisandebåten "Gerdt Meyer" har levert mel til Nils Myren på Sylte , Valldal


I 1889 kom Ludv. Fladmark heim til Ålesund etter at båten han førte havarerte. Fladmark vart då fører av den vesle reisandebåten «Conrad Landgaard». I Sunnmørsposten frå 29.juni 1957  stod det eit stykke om ein 60-åring som fortalde at far hans hadde vore tilsett hos Fladmark, og deretter som førar av «Conrad Landgaard». Båten vart seinare seld og skifta namn til «Tekstil».

 

«Gerdt Meyer» var reisandebåt for Vaksdal Mølle i Bergen, ei verksemd som var eigd av familien Meyer. Båten vart bygd like før 1900. Det å kalle båten dampskip er nok å overdrive. Det var ein dampbåt, men tidleg i fasen med overgang frå segl til damp. Desse båtane førte ikkje last, men vareprøver som vart avhenda før dei returnerte til Bergen. Det ville ikkje vere rekningssvarande å føre last over ei så lang strekning på ein så liten båt som «Gerdt Meyer». Bergensarane var elles tradisjonelt svært aktive på Sunnmøre. Både Berstad, Friele, Sundt og Wallendal hadde reisandebåtar her inntil lokale grossistar etter kvart tok over hegemoniet.

 

Firmaet Oscar Larsen i Ålesund kjøpte, truleg rundt 1921, «Gerdt Meyer» og kalla den«Magerholm» fordi firmaet, som dreiv med klippfisk, hadde fisketørkera på Emblem, Magerholm og over mot Hjørundfjorden. Oscar Dag Larsen fortalde ein gong at «min farfar, Oscar Larsen, brukte den som inspeksjonsskip for å kontrollere at tørkerne gjorde det riktig.» Vidare fortalde han at båten elles låg i Brosundet. I 1929 skifta båten namn til «Conrad Landgaard 2».

Conrad Landgaard.jpg

"Conrad Landgaard" var ein av dei første reisandebåtane. Foto: Conrad Landgaard - Vår historie

10.12.2020