Vi har tidlegare vore inne på jektefarten her i Norddal.  Enno er det spor att etter dei gamle jektene. «Den vandrende lykke», «Svanen» eller kva dei måtte ha heitt. Jekteborda i  Åsenaustet er  vel dei  mest talande.  Men det finst andre båtbord også - i andre  naust.  For å halde meg til Linge, berre i Massnaustet er det nytta bord frå to båtar, den eine kanskje ein kjempefæring, den andre kanskje ein åttring! (Det er ikkje gjort forsøk på å rekonstruere båtane ut frå desse funna). Dei fleste nausta  på Linge kom uskadde frå Tafjordulukka. Både på Dale- og Rellingsida står det att naust slik dei må ha stått dei siste hundre åra. På  Ytterdal gjeld det same.  Kanskje kan ein gjere funn der og.

Naust høyrde til dei fleste gardane før i tida. Det var båten som var framkomstmiddelet gjennom århundra. Mykje tyder på at båtane også for ein stor del var bygde her. Det er t.d. tradisjon for at det  vart bygt båtar i Muldalen på vinteren. Båten  tok dei  då ned på oppeberene på vårparten  og sjøsette han slik.

Frå Fjørå kjenner vi også namnet på fleire kjende båtbyggjarar. Sjå meir om desse i Ole Selboskar sine «bygdeprofilar» [ Årbok for Norddal 1996, side 9-18]. Kanskje har det også vore bygt større båtar der (i Vika?) som jekter.

Det kan sjå ut til at båtbyggjarane reiste rundt på gardane og bygde båtar på oppdrag. Frangars-Tore   (Tore O. Linge), fortalde at på ein bete i løa deira stod dette innskriftet:

«Det er sant og visst på alle måtar

at han Sti-Kristian kan å byggje båtar» 

  

STI-KRISTIAN BÅTEN

Vi er så heldige å ha ein slik «Sti-Kristian båt» her i Norddal. Det er Gunnar Aspehjell som er eigaren og båten er sannsynlegvis godt over 100 år. Det var bestefaren hans som fekk laga han.  Materialet til båten vart henta frå Skrenakk-traktene.  Gunnar  fortel at ein enno kan sjå stuvane.

Han har også teke vare på mast og segl, vi ser styrevol og ror. I det heile var det lite som skulle til for å føre båten tilbake til si fordums prakt.

Sti Kristian.jpg

 Sti-Kristian-færingen. Eigar Gunnar og Turid Aspehjell. Foto: Terje Linge

Båten vart brukt til fiskeri, både med garn, line og laksenot. Far til Gunnar, Sølfest, hadde laksenot på Lauvikane på Lingesida i fleire år. Når dei skulle leggje ut laksenøt, måtte dei frakte ut nokre store steinar  som skulle halde nøtene på plass. Desse steinane kalla dei hondane.  For å få dei på sjøen  med minst mogeleg handtering vart dei gjerne frakta på stokkar  som 1åg tvert over båten.

Sølfest  rodde frå Ytterdal tidleg om morgonen kvar dag når laksenota var ute. Då var det jamnast stilt på sjøen.  Det fyrste han gjorde var å sjå etter om der var fisk, så gjorde han landgarnet reint. Når han fekk  mykje fisk, sette han eit merke i bakskuten, rodde ut til mjølkebåten og leverte  fisken. Tilbake i Lauvika åt han nista og etterpå kvilte han medan han venta på utrønå. Når ho kom,  fekk han segle innatt til Ytterdal.  Båten skulle  vere ein god seglbåt.

Elles vart båten brukt til allslags frakt. Så lenge familien budde på Ospahjellen måtte alle slags varer i båt. Etter at dei flytte til Ytterdal vart båten også brukt til å frakte vinterfor til eit par sauer.

Det var også vanleg å sanke rekved. Rekveden var ettertrakta, og fekk dei ikkje med seg alt dei fann,  la dei veden opp ovanfor flomålet. Då rekna dei at dei åtte veden.

Båten var mykje brukt, men han låg aldri ute, fortel Gunnar.

- Far drog båten inn i naustet kvar kveld etter bruk. Han tok opp tiljene for å få luft ned i kjølen, tok ut nyglene og støtta han opp slik at han sto beint. Ein gong for året vart båten tjørebreidd.

Det spesielle med denne båten er ein kile i framskuten, det meiner Gunnar er kjennemerket på  båtane som Sti-Kristian laga.

Er vi her på sporet etter den gamle sunnmørsbåten – «snidbetningen»? 


Sjå Årbok for Norddal 1996 s.19 f


05.07.2019