Den rekonstruerte sunnmørsjekta ved Herøy kystmuseum. Foto:Silje L. Bakke
![Sunnmørsjekta.jpg Sunnmørsjekta.jpg](/upload_images/D42BA0C1057C4D3A9238AAEE740A975E.jpg?w=650&h=446)
![Sunnmørsjekta-rekonstruert.jpg Sunnmørsjekta-rekonstruert.jpg](/upload_images/7C6E6CD8443D4884A42443F4B6320DC6.jpg?w=650&h=462)
Kjell Håvard Hatløy, styrar ved Herøy kystmuseum, gjorde for ein del år sidan eit interessant funn i eit naust på Håkonsholmen utanfor Ulsteinvik. Dte var restane av ei sunnmørsjekt, som vi har mangla kunnskap om, bortsett frå teikninga i "Søndmøres Beskrivelse" av Hans Strøm. Det var nok restar til at eksperten og båtbyggaren Saxe Bjørkedal kunne lage ein modell i målestokken 1:10. Arne Emil Christensen, i si tid leiar for vikingskipssamlinga på Bygdøy, har vore med på rekonstruksjonen, og Herøy Kystmuseum har stått bak bygginga av ei rekonstruert sunnmørsjekt som er lokalisert i Herøy.
Den rekonstruerte sunnmørsjekta ved Herøy kystmuseum. Foto:Silje L. Bakke