Ingen resultat.

Reisa til Glomsetbygda for å kjøpe rundtømmer til stove

Frå Barndomsminne frå Hjørundfjord av Jon Mork Eg og Jakob bestemte at straks over nyttår skulle eg reisa til Glomsetbygda og kjøpe rundtømmer til stove. Me var no så mykje folk at det var ikkje forsvarleg med det husrom me hadde.
1920 - 1920
Storfjorden
Les heile artikkelen

Frå kaia i Tafjord 1932

av Turid Aspehjell Ein gong var det så mange båtar på brislingfiske i Tafjorden at det var mest ikkje råd å sjå rutebåten når han kom dampande mellom snurparane på veg mot kaia.
1927
Tafjord
Les heile artikkelen

Kyrkje- og naustmiljøet i Norddal

Bygdefolket langs fjorden var avhengig av to "hus" - naustet og kyrkja. To hus som gjerne var "naboar".
1780 - 2010
Norddal
Les heile artikkelen

Kyrkjeferd

av Harald Kjølås Fram til 1920 var kyrkjebakken offentleg kunngjeringsstad og møteplass for bygdefolket. Her er Osvik-folket på veg til kyrkja i Norddalen som dei høyrde til. Dei var ikkje lenger pålagt å møte til gudstenestene, men her traff dei vener og kjentfolk og praten gjekk livleg.
1840 - 1940
Tafjord
Les heile artikkelen

Høyfrakt og robåt

av Harald Kjølås Med robåten frakta dei høy frå eigen utmarksslått og frå markane til gardar som låg øyde. Med robåten frakta dei husdyr til og frå beite, og med robåt reiste dei til kyrkje, til handelsmann og grannar. Og med snøre og krok fiska dei frå robåten og sørga for matauke for folket langs fjorden.
1880 - 1920
Storfjorden
Les heile artikkelen

M/B "Tafjord" - på land og framleis på sjøen

Av Harald Kjølås Den 7. april 1934 vart motorbåten "Tafjord" kasta 60 meter opp på land av flodbølgja frå det store skredet frå Heggura. Men båten vart gjort i stand att, og brukt til transportoppdrag både av Tafjord Kraft og andre. På sine eldre dagar vart det sett i gang ein stor dugnadsinnsats for å berge båten og sikre framtidig drift. Det har gått bra, og no har Riksantikvaren sagt ja til at båten er verneverdig og kvalifisert til å få støtte til restaurering.
1934 - 2015
Tafjord
Les heile artikkelen

Fleire hus i farta

av Eystein Hjelme I "Nøysemd"-bøkene mine er det fortalt mange historier frå indre fjordstrøk, også om fleire hus som er blitt flytta på.
1904 - 1953
Valldal
Les heile artikkelen

Båtbord

av Eystein Hjelme Sunnmøringen såg seg nytte i det meste, og ein gammal båt som ikkje lenger var tett eller av andre grunnar var ubrukbar på sjøen, kunne nyttast som tømmer på land, skriv Eystein Hjelme i denne artikkelen om gjenbruk av båtbord, henta frå den første "nøysemd"-boka hans som kom ut i 2012 på Bjørlykke Forlag AS.
995
Storfjorden
Les heile artikkelen

Endå fleire hus i farta

av Harald Kjølås Huset på Lundanes vart også flytta, fortel Nils Roger Matvik. Det står i dag i Sykkylven.
1890 - 1952
Hellesylt
Les heile artikkelen

Tømmerfløyting på fjorden

Harald Kjølås På hausttinget i 1759 fortel amtmann Collin at folk fortalde at det på Sunnmøre for 100 år sidan, altså på midten av 1600-talet var prektige furuskogar. Det meste av desse skogane var no hogne ned. På 1500- og 1600-talet var Sunnmøre meir eller mindre tømt for furuskog.
1600 - 1700
Storfjorden
Les heile artikkelen

Mjølketransporten på fjorden

Av Harald Kjølås I dag blir mjølka henta på kvar gard i tankbilar med kjøling som køyrer til Sunnmøre Meieri i Ålesund. I gamle dagar var nettopp transporten av mjølka fram til meieriet den kritiske faktoren.
1870 - 1950
Storfjorden
Les heile artikkelen

Doktorbåten

Av Harald Kjølås I desse fjordane har dei kalla båten distriktslegen brukte for "doktorbåten" uansett kva namn båten har. Doktorbåten var ein kjend og kjær gjest, og både unge og gamle lærde seg å kjenne båten på lyden. Båten vart nytta både for å frakte distriktslegen på kontordag i dei ulike bygdene. Det var faste ruter, men det kunne også vere sjukdomstilfelle som kravde utrykking, og båten var einaste transportmiddelet når distrikslegen på Stranda eller i Valldal eller på Sjøholt skulle til andre bygder i legedistriktet sitt.
1890 - 1965
Stranda
Les heile artikkelen

Husflytting på fjorden

Av Harald Kjølås Når folk i tidlegare tider flytta så tok dei med seg husa sine, og langs fjorden skjedde flyttinga med båt. Både bustadhus og løer er flytta og gjenbrukte i andre bygder. Her var lite skog og tømmer var dyrt. Gjenbruk var billegare.
1700 - 1960
Storfjorden
Les heile artikkelen

Sakte fart med telegram

Av Harald Kjølås Før telefonen kom til dei inste fjordbygdene var robåten den einaste forma for kommunikasjon dei hadde. Sjølv når ein skulle sende telegram så tok det si tid.
1885 - 1950
Geiranger
Les heile artikkelen

Jonbåten

I daglegtalen vart M/B "Ytterdal" berre kalla Jonbåten etter eigaren Jon Ytterdal. I 28 år, fram til september 1959, gjekk M/B "Ytterdal" trufast mellom meieriet på Stranda og fjordbygdene i Norddal. Eigaren, Jon Ytterdal, hadde rekna ut at han årleg hadde frakta rundt 2,2 millionar liter mjølk til meieriet på Stranda. I tillegg til mjølk hadde han også med seg passasjerar.
1930 - 1966
Storfjorden
Les heile artikkelen

M/B "Luna" - Skyssbåt på fjorden

Frå tidleg i 1950-åra var M/B "Luna" doktorbåt for doktor Oddmund Torgersen på Stranda. Frå 1921 var båten den første mjølkebåten til og frå meieriet på Stranda, og heile tida var M/B "Luna" skyssbåt på fjorden. Det kunne bere fotballkampar, skirenn, og ikkje minst dansetilstellingar eller bryllaup då båten vart nytta til å transportere menneske. Mange langs fjorden har gode minne frå turar med M/B "Luna".
1920 - 1964
Storfjorden
Les heile artikkelen

Ei nyårsferd i Storfjorden i 1930-åra

Av Henrik Straumsheim Straumsheim som var ein omtykt lærar på Møre Folkehøgskule i Ørsta, diktar av Sykkylvssongen, og lyrikar på sin hals, skreiv i eit julenummer i Sunnmørsposten og ein nyttårsferd på Storfjorden i 1930-åra. Han gir eit bilde av at det å ta seg fram langs fjorden når ein blir for sein til rutebåtane ikkje er så enkelt. (trykt i eit julenummer i Sunnmørsposten)
1930 - 1939
Sykkylven
Les heile artikkelen

Også "Sveveren" var på fjorden

Av Harald Kjølås I desse tider er Storfjorden peika ut som testfjord for sjølvgåande skip utan både kaptein og mannskap, framtida er her. Det meinte dei også i 1965 då dei satsa på at luftputefartøy skulle bli framtida for rutetransport på Sunnmøre. Luftputebåten SRN-5 vart leigd inn, men lokalt vart han heitande berre "Svevaren", og på Stranda, der garden Sve ligg, vart han heitande berre "Sve-vêren".
1965 - 1965
Storfjorden
Les heile artikkelen

- Dei kalla oss "KIDS"

Minne frå ein skuletur i 1930 Av Ole Gjerde Tre av dei ungdommane frå Stranda som i 1930 var med på skuletur hentar her fram minna frå den gongen. Turen gjekk til Geiranger, Hellesylt, Øye og attende til Stranda. Dei hadde chartra "Luna" til turen. Så bli med på turen og del minna til Kjellaug Rusten, Kristine Røyr og Johan Hagebakk.
1930 - 1930
Hellesylt
Les heile artikkelen

Isbryter

Det var ei tid vinterane var kalde og fjordane fraus til. Både til sorg og glede. Isen var ein leikeplass og ein møteplass, men også ei hindring for båtane som skulle inn og ut av fjorden. Då laut isbrytarane trå til.
1955 - 1986
Sykkylven
Les heile artikkelen

Doktorskyss Ytterdal - Aalesund for 65 år sidan.

av Karl Rem Denne artikkelen stod i Sunnmørsposten i mars 1938. Det er tidlegare skulestyrar Ole Martinus Uri (1855-1947) som fortel Karl Rem om doktorskyss på fjorden i ei tid då dette var meir utfordrande enn det er no for tida.
1872 - 1838
Norddal
Les heile artikkelen