14_mb-tafjord1935.jpg

M/B "Tafjord" i 1935

Båten vart bygd på Vestnes i Romsdal av Einar Helland i 1927. Motorbåtlaget Tafjord fekk fartøyet bygd for å drive rutetrafikk i Tafjorden, ei fkordarm av Storfjorden. I tillegg vart båten brukt både som isbrytar, kyrkjebåt og vanleg skyssbåt for folket i Tafjord. I den veglause bygda Tafjord var ein avhengig av båt, og rutegåande båtar gjekk ikkje dagleg til Tafjord. "Tafjord" vart difor ein viktig lekk i kommunikasjonen med omverda. I starten var båten utstyrt med ein Wichmann-motor. I 1937 fekk "Tafjord" ein 24 hk Union, og i 1973 vart det sett inn ein Volvo Penta som i 2002 vart skifta ut med ein Volvo Penta TMD 70.

Restaureringa av båten har halde fram. I 2013 starta ein på det arbeidet som blir mest synleg for ettertida. Nemleg å ta bort aluminiumssalongen bak styrehuset, og få tilbake den opphavelege utsjånaden med eit lite dekkshus som ein kunne gå rundt, og med toalett på hekken. Etter først å laga det nye dekkshuset etter same mål som det gamle inne på snekkarverkstaden, har no Jarle Aas Båtbyggeri starta å plassere huset inne i aluminiumssalongen på nøyaktig dei gamle merka etter det dekkshuset som stod der heilt fram til 1984. Vi har også for 2014 og 2015 fått lovnad om tilskot frå Riksantikvaren.  Eldsjelene sluttførte restaureringsarbeidet i 2015, men dei er neppe ferdige med det.

I dag er det det lokale selskapet MB Tafjord AS som er eigar, og som har som formål å ta vare på "Tafjord" gjennom antikvarisk restaurering og aktiv bruk av fartøyet med transport av passasjerar og gods.


Tafjordbåten-3.jpg

Snart ferdig restaurert og funne verneverdig og støtteverdig av Riksantikvaren.


M/B Tafjord 1934

M/B Tafjord i bakgrunnen for gravfølgjet etter Tafjord-ulukka i april 1934.