Av Per Arne Grebstad

 

Det er vinteren 1987. Ein båt bryt isen på Sykkylvsfjorden i småbitar. Vi er langt inne i fjorden og på den andre sida ser vi tuna på Riksheim. Elvane fører mykje ferskvatn til fjorden. Dette er lettare enn saltvatnet og flyt øvst. Dermed frys det. Isbrytaren kom frå Blindheim der dei dreiv lakseoppdrett, store, tjukke isflak kunne øydeleggje merdene. Brørne Vik starta det første oppdrettsanlegget for laks og regnbogeaure i 1955 der. Dei hadde ferskvatn frå Vikeelva og sjøvatn frå fjorden.

Under krigen fann lensmann Bernt Tanstad på at han ville prøve å tene litt pengar på ved. Han leigde ungdomar til å hogge bjørk ved elva og den kløyvde veden vart lødd opp. Då elva ut på sommaren etter eit regnvêr fekk god vassføring, velta dei vedlada på elva. Men først hadde han spent ei kastenot over osen. Nota vart fullare og fullare av ved og til slutt sprakk ho. Fjorden vart full av vedskier. Om bord i mjølkebåten «Kaulå», eller «Framstig» som han heitte offisielt, undra dei seg. Det smalt i skutesida. Kunne det vere drivis  midt på sommaren? Det skal enno ligge vedskier i Vikelva.

Når fjorden fraus til og isen var trygg sykla vi gutane frå Aure inn til Schmidtgranene. Der gjekk vi ned på isen. Det var ein stor tumleplass og dessutan hadde vi ei oppmålt bane der vi konkurrerte på tid. Men oppe i stoveglaset sto fru Jenny Tynes, denne fantastiske pianolæraren vår. Vi skulka pianotimane og eg trur at det gjorde henne vondt.

Vi gutane i puberteten var mest interessert i jentene på den andre sida av fjorden. Det vart mange gode stunder med isdans. Å halde ei jente i handa når ein er i konfirmasjonsalderen gjer ein gut varm og glad. Eit minne for livet. Det var vondt når godsbåtane «Venga» og «Klungnes» laga råk. Då måtte vi stå på kvar vår side.


Riksheim.jpg

Året er 1987. Is på fjorden. Riksheim i bakgrunnen. Foto: Per Arne Grebstad