Sist sommar høvde det so at skulestyrar Ole Martinus Uri unte si tid i heimbygda si, Valldal. –  Han fortalde då eit og anna frå «gamle dagar». Eg tykkjer det er både interessant og lærerikt å høyre  korleis dei som har levt på tuftene våre er no, har stritt og streva før oss.  Og her skal eg då gjeve aller ei soge frå han, umlag so som han fortalde meg ho. Soga er um kor strevsamt det var å hente doktor, og det ikkje er lenger sidan enn ei 65 år.

I 1872 til 1873 tente hr. Uri  på Kleiva i Eidsdalen hjå Elias Kleiven (1832-1872). Den same Elias var ein både dugande og vyrd mann i bygda og dei som tenarar var både vyrde og elska han, segjer Uri. Han var ikkje av so mange ord, men når han sa noko var det med grein og ein fast vilje merktes. Han kravde orden so kvar ting på gården måtte vere på sin rett plass, segjer forteljaren.

Den siste sommaren eg tente hjå han, det var i 1872, vart han sjuk, held han fram. Husbonden og fortejaren hadde endå vore i Robbervika og henta noko tømmer som vart sagt vinteren før i ein skogteig han åtte der. Mellom onnene dette året for so desse to karane, husbond og dreng, for å slepe det tømmeret inn til Ytterdal. Vi fekk stokkane på sjøen, batt dei saman og tok til å ro innover. Det va godt ver til å byrje med, litt vestleg bris, som auka på etter kvart. Og då vi kom utfor Skrenakken, fekk vi nokså høg struplesjø og sterk motstraum, so det var sanneleg hardt å ta seg fram. Ja, ei tid såg det rett mørkt ut for oss, at vi ikkje skulde greie oss med floten til Ytterdal.

Forteljaren gjer merksam på at han berre var i sitt 17. år og var soleis enno ikkje nok «tiltrena» til å vere «full mann». Og endå båe to la i alt dei evla, so ytte nok husbonden den største kraft - - -.Dei vart ogso «mataslitne», idet arbeidet hadde teke lenger tid enn tenkt.  Endå sleit vi oss mødde og utmasa til Ytterdal. Etter å ha kjøpt oss mat hjå «Lånna – Ola» drog vi tømmeret på land, og for sidan fram på Kleiva. Frå den dagen var Elias Kleiva ikkje frisk meir.

Snart kom slåtten. Men husbonden var ein og annan dagen burte frå arbeidet, han greidde nok ikkje vere med, nei. Og somme tider talt han  om at han turfte  vel fare til Aalesund for å søke doktor. Det  vart og til at han for, kona var med han. Det var hardt for oss som tenarar var. Men vi vart samde om å henge i og gjere vårt beste.Elias vart burte i 3 – 4 veker. Og då han kom att, var han heller ringare enn då han for. Det heile kom av den harde påkjenninga ved Robbervikturen; hjartet var sprengt.Ei 14 dags tid låg han so heime. Men so ein dag sende han bod på meg, han ville tala med meg. Han spurde då om eg ville ta på meg å fare til byen og hente dr. Sødring heim til Kleiva. Eg sa meg naturlegvis viljug til å gjere mitt beste. Det var ein onsdag.

Den tida hadde Storfjorden dampbåt to gonger i veka, tysdag og laurdag inn, onsdag og sundag ut att til byen. Ein kunde ikkje vente at doktoren vilde bruke dampbåten , og ikkje kunde Elias vente lenger.Det vart so avtalt at det skulde brukast ein trirøringsbåt med 6 mann. Og allereide same onsdag   e. m. kl. 2 rodde vi frå Ytterdal.Vi kom til Aalesund kl. 3 om natta til torsdag. Vi hadde altso brukt 13 timar på turen utover.  Vi kvilte so i båten til kl. 9. Då gjekk eg opp til dr. Sødring og talte om ærenda mi. Han lovde å vere med,   men ikkje før kl. 1 middag kunde han ta ut. Han hadde nemleg fleire patientar i byen som han måtte sjå til og varsle.

Først i 3 – tida kom vi oss av stad frå byen. Det vart å sete seg til årane igjen og ro.Om ei stund tok doktoren roret. Og då kunde alle 6 mann med full kraft legge seg på årane. Og det gjekk etter måten strykande innover att. Då vi kom på Flisfjorden, fekk vi litt vind frå sudvest. Då rigga vi segla og rodde attåt. Litt etter kvart stilna vinden heilt av, og då vi kom innfor Ramstad, fekk vi motvind og motstraum (andror) heile vegen. Vi kom då til Ytterdal fredag morgon kl.  6. 15 timar på heimvegen.

Det var avtalt at hest skulde kome ned frå Kleiven til doktoren kom. Men ingen hest var å sjå. Og etter å ha venta ei stund, måtte eg labbe oppover til heimen for å varsle at doktoren var komen. Hest vart då straks sendt nedover og kl. 12 kunde doktoren ta på veg framover.Medan doktoren var opover dalen, fekk eg sove litt. – Det er framleis Uri som fortel. – men i 2 – 3 tida måtte eg atter tørne ut, for doktoren skulde skyssast  til byen igjen, naturlegvis, og eg måtte ordne  ymse ting til doktoren kom ned att.Noko av mannskapet vart skift ut, men eg måtte no vere med.

Vi rodde då frå Ytterdal kl.6 fredag ettermiddag, og var i Aalesund laurdag kl. 9. altså 15 timar.Doktoren sov i båten omlag heile natta. Då han gjekk i land, bad han oss med seg heim – han budde i Peder Devolds hus – og på kjøkkenet vart det diska rikeleg op med smørbrød og kveitebrød. Og det smakte sanneleg godt etter den lange roturen. Han takka for den lange og hyggelege turen (skyssen) og ynskte oss lykke på heimturen. Elles meinte han at vi burde kvile natta over før vi tok ut att. Han bad meg elles hente medisin på apoteket om kvelden, so det var i orden, og det gjorde eg.

Vi låg om bord i båten til kl. 3 om natta. Då tok vi av sted att – 7 mann. Det var nemleg komen ein til som ville ha seg «far» innover. Vi fekk då jamt ha ein mann ved roret. Dette var sundag. Og vi måtte ro heile vegen mot straum og vind. Kl. 9 sundag kveld kom  vi til Ytterdal. Då hadde vi brukt 18 timar.

Altso: frå onsdag e. m. kl. 2 til søndag kveld: 1. tur rodd i 13 timar, 2. i 15, 3. i 15 og 4. i 18 timar. Til saman 61 timar.

Om dette er rekord – sluttar hr. Uri – det veit eg ikkje. Men at eg og dei andre som var saman med meg gjorde vårt beste, det veit eg, og er viss om.I dag om noko sovore kjem på, har vi doktor fleire stader innafor byen vår. Skal nokon hente ein av desse, er det båt, båt – bil. Det går med maskinkraft, lettvint og med stor fart. Ja, tiden har med desse 65 år forandra seg mykje.

Underskrivne spurde om forteljaren trudde det vart betalt noko eller kravd noko betaling for det harde arbeidsstykket.Det kunde han ikkje seie noko visst om. Men for sin part fekk han ikkje noko ekstra. Trudde at om hans gode husbond hadde friskna til att (det han ikkje gjorde) så hadde nok roarane fått t. d. noko korn for dei avla gildt med korn på Kleiva i den tid. Sidan han fall frå, vart det neppe noko meir av betalinga, meinte han.

Elles var det ei djup sanning i dei kjende ord av Aasen:«Var det nokon som der leid vondt og vart fyre tap og spille, brått det spurdest um bygdi rundt, og alle tykte det var ille».

Ja, dei var budde på å gjere hjelp – og gjerne gratis. Ein som leid vondt fekk i slike høve kjenne varmen av slike hjartans pulsslag for seg. Det held på verte noko annorleis i so måte i vår motoriserte og mekaniserte tid. Og dermed har ein mindre høve til å kjenne varmen av «gode grannar og sådant mere» stråle seg i møte. Det vert gjerne kaldare å vere menneske på det vis.