SveverenB.JPG

Båten kom for utprøving på Nordvestlandet 5. april 1965, og dreiv prøveruter både til Molde, Ørsta, Vigra flyplass og inn fjorden.

Sveveren i Ålesund- Sørneset.jpg
Hovercraften sin hovudbase var sjøflyhamna på Sørneset i Ålesund. Her frå opninga av dei første prøverutene.


Båten heitte offisielt SRN-5, men lokalt vart han kalla berre "Svevaren". Det kom av at båten svevde over både vatnet og på land på ei luftpute som heva farkosten frå underlaget, og med ei marsjfart på 55 knop kunne båten gjere unna avstanden mellom Ålesund og Molde på 35 minutt. Ikkje rart då at mange i MRF og mange andre også, såg med stor optimisme på denne moderne farkosten. Han skulle  vere ideell til å revolusjonere tilbringartenesta til både Vigra flyplass og til jarnbanen på Åndalsnes. 5. april i 1965 kom vidunderet til Ålesund, ein 19 seters Westland SR-N5. Med på turen frå England var også ein testpilot, Harry Phillips, men også den erfarne flygaren Dagbart Hareide var leigd inn som lokal pilot. Det vart gjennomført test-turar både til Molde og Åndalsnes, og til Ørsta og også innover fjorden til Stranda. Mange fekk prøve seg som passasjerar, og det var ei oppleving å prøvekøyre denne båten som suste over vatnet, men han bråka nok ein god del.
Torsdag 8. mai, tre dagar etter at båten kom til landet, kom "Svevaren" i rasande fart utanfor Slinningsodden. Så i brøkdelen av eit sekund, etter ein knapp manøver, vart båten kasta rundt og vart liggande med skjørta i vêret. Heldigvis kom ingen til skade. Det var den engelske testpiloten som var kaptein, og han skulle sjølvsagt demonstrere at dette var ein båt som også kunne tole vêret og bølgjene på Nordvestlandet. Men det vart fiasko. Alle planar om å kjøpe ein slik båt vart skrinlagde, men elles rundt om i verda er slike båtar framleis i bruk med stor suksess.





Rutetabell.jpg