naust enda mindre.jpg


Biletet syner det som var det vanlege kyrkje - naustmiljøet i tidlegare tider då folk kom roande til kyrkje frå gardane og bygdene langs fjorden.

Dette er no det siste kyrkje - naustmiljøet på Sunnmøre og ligg i Dale i bygda Norddal. 

Den gamle stavkyrkja vart riven og den nye kyrkja, den første åttekanta på Sunnmøre, stod ferdig i 1782.

Foto: John Kåre Storås


19.11 2019 Johan Weiberg Gulliksen