Doktorbåten Poff.jpg

Dette er doktorbåten "Poff" som doktor Torgersen kjøpte i 1940, og som var den siste Peter Jelle førte.



Captain Sivertsen-Peter Jelle.jpg


Peter Syvertsen Jelle var både kaptein på doktorbåten og ein kjend hestehandlar.

Den mest legendariske av doktorbåt-førarane i indre fjordstrok var nok Skaffar-Peter, Peter Syvertsen Jelle på Stranda. Han voks opp på skysskaffargarden på Stranda, den garden som frå gamalt av hadde plikt til å skysse folk på sjø og land. Skaffar-Peter tok over presteskyssen etter far sin i 1890-åra. Den tida var det å ro, og han rodde både prest og doktor mellom Stranda og Stordal og mellom Stranda og gardane langs fjorden, når doktoren måtte på sjukebesøk. I 1910 fekk han seg motorbåt, og  det gjorde straks distrikslegen mykje meir mobil i det store distriktet som fram til 1919 omfatta alt innanfor Skotet, inkludert Dyrkorn. I 1919 vart Norddal kommune utskilt som eige legedistrikt.

Den lengste tenesta si hadde Skaffar-Peter saman med doktor Oddmund Torgersen. Heil frå han kom i 1924 og fram til Skaffar-Peter slutta som båtførar i 1940, var det dei to som kryssa fjordane i lag. I alle desse åra avlyste ikkje Skaffar-Peter ein einaste tur på grunn av styggevêr. I 1926 kjøpte doktor Torgersen seg eigen båt med seks hestars Hjelset-motor. Med den kunne han få frakta pasientar frå Stranda til sjukehuset i Ålesund på fire timar om det sto om livet. Grunnen til båtkjøpet var at Torgersen rauk uklar med presten Fredrik Grønningsæter om fordelinga av skyssutgiftene. I eit intervju som Helge Søvik hadde med Skaffar-Peter, eller Captein Sivertsen som Torgersen kalla han, i Sunnmørsposten i 1967, fortel han om ei julehelg der han og Torgersen la ut med båt frå Stranda veslejulaftan og heldt det gåande på kryss og tvers i det store legedistriktet i samfulle åtte dagar før dei kom attende til Stranda. Då greidde ikkje Skaffar-Petter meir, men doktor Torgersen var så vidt kome heim att, før han på nytt vart kalla ut til sjuke menneske. Skaffar-Petter rekna seinare ut at dei denne julehelga hadde køyrt att og fram i fjordane tilsvarande ein avstand kysten rundt til Oslo.

I 1940 kjøpte doktor Torgersen seg ny båt, ”Poff”, og Martin Korsedal var førar for denne framover til rundt 1950, då doktoren gjekk over til å bruke ”Luna” som doktorbåt. Eigaren og føraren av ”Luna”, Olaf S. Oksvik, Engen-Olaf som han vart kalla, hadde kjøpt båten i mellomkrigsåra og dreiv skyssbåttrafikk både i fjordane og elles langs kysten. ”Luna” vart også nytta som mjølkebåt. På dette bildet står Olaf Oksvik om bord i ”Luna”.  Fram til doktor Torgersen gjekk av i 1964 hadde ”Luna” og Engen-Olaf vore med på heile 2.220 turar rundt om i desse fjordane saman med doktoren. Meir om doktorbåtane og førarane deira kan du lese i den nye boka om doktor Torgersen som Bergljot Engeset har gitt ut.