MB «Ytterdal» ved meierikaia på Stranda. Eigar var Jon Ytterdal, og i fjordbygdene vart båten difor kalla Jonbåten. I tillegg til mjølkespanner frakta båten også folk og andre varer. Var i drift frå 1931 til 1959

MB "Ytterdal" ved meierikaia på Stranda. Eigar var Jon Ytterdal, og i fjordbygdene vart båten difor kalla Jonbåten. I tillegg til mjølkespanner frakta båten også passasjerar og andre varer mellom fjordbygdene og Stranda. Var i drift frå 1931 til 1959.


Jonbåten

”Jonbåten” eller M/B ”Ytterdal” som var det offisielle namnet, var eit kjært syn i indre fjordstrok. For folket i Norddalsbygdene, i Liabygda og på Stranda var denne båten eit kommunikasjonsmiddel som batt folket saman. På bildet ligg båten ved meierikaia på Stranda og lossar mjølkespann til Sunnmøre Meieri, avdeling Stranda. Meieriet på Stranda kom i 1921 og det vart straks enklare for bøndene i indre fjordstrok å få levert mjølka si, men då måtte det etablerast ei mjølkerute på fjorden. Det var til denne trafikken båten vart innkjøpt i 1931. Båten heitte opphaveleg M/B «Hjalmar», og Jon Ytterdal kjøpte han av Aalesund Canning Co. Hermetikkfabrikken hadde brukt båten som føringsbåt og til oppkjøp av torsk under torskefisket i Borgundfjorden.  I førstninga var det skyssbåten ”Luna” på Stranda som fungerte som mjølkebåt på fjorden, men denne båten vart snart for liten, og i 1931 vart så ”Hjalmar” kjøpt inn til bruk i mjølkeruta. Båten vart heitande ”Hjalmar” i mange, mange år framover, før eigaren og skipperen døypte han om til ”Ytterdal”. Det gjekk føre seg ein viss namnestrid i den bygda som i dag heiter Eidsdal, og ved å nytte sitt eige namn på båten, kunne Jon Ytterdal samstundes slå eit slag for det bygdenamnet han kjempa for. Striden sto mellom Eidsdal som fremste del av dalen heiter, og Ytterdal som strandstaden heitte. På Stranda var det nokre som på venskapeleg vis erta Jon ved konsekvent å kalle båten hans for Eidsdal. Striden var knallhard, og det blir fortalt at det om bord ein gong sto to blautkaker frå bakar Roald på Stranda til to mottakarar i Eidsdal, som begge budde nærast vegg i vegg. Den eine kaka var merka med Eidsdal Handelslag, Eidsdal, og den andre var merka Anne Marie Eide, Ytterdal. 


Mjølkebåt

I 28 år, fram til september 1959 gjekk ”Ytterdal” trufast mellom meieriet på Stranda og fjordbygdene. Rundt 500 mjølkespann dagleg var om bord, og Jon sjølv rekna ut at han årleg hadde frakta rundt 2,2 millionar liter mjølk til meieriet på Stranda. Særleg på såkalla tredjedagar, til dømes tredje pinsedag, var mjølkemengda stor, og den siste hjelpesmannen Jon hadde med seg om bord, Magnar Dahl, fortel at det var ein slik dag dei leverte nesten 25.000 liter mjølk frå fjordbygdene til Stranda. Mjølkeruta var frå det som då heitte Ytterdal til Dalsbygda, vidare til Valldal, Linge, Overåneset, Liabygda og så til Stranda.

I tillegg til mjølkespann var det med mange passasjerar på desse turane. Dei skulle til Stranda for å gå på apoteket eller til frisørdama eller hadde andre ærend. Jon og hjelpesmennene hans om bord kjende etter kvart kvar einaste som kom om bord, og som regel visste dei også kva ærend dei var i. Før vegen mellom Eidsdal og Dalsbygda var ferdig, vart båten også nytta til kyrkjebåt for eidsdalingane når dei skulle inn i Dalsbygda til kyrkje. Til sjuketransport var også ”Ytterdal” mykje nytta. Då var det å gå med sjuke menneske frå ei av desse bygdene og ut til Dyrkorn, der ein nådde tak i riksvegnettet og kunne nytte sjukebil ut til sjukehuset i Langevåg. 


Tre gongar påbygd

Tre gongar vart båten påbygd. I 1936/37 vart det skifta motor. Ein 60 Hk Volda-motor vart sett inn.  I 1946 vart han ombygd og forlenga hos Vik Båtbyggeri på Vestnes, og det var då at han fekk namnet M/B «Ytterdal». I 1952/53 vart båten påbygd i høgda hos Fiskerstrand Slip & Mek. Verkstad A/S, og fekk samtidig innsett ein ny Wichmann-motor på 120 Hk. 


Seld til Sørlandet

I 1959 var det altså slutt. Meieriet ville nytte tankbilar og ferje i staden. Jon Ytterdal selde båten og fekk arbeid på ferja til han i 1963 flytta til Lillehammer. Han døydde i 1966.

M/B «Ytterdal» vart seld til Martin Korsedal på Stranda som brukte båten til m.a. skuleskyss i Måløy-distriktet. Så vart båten seld til Lillesand & Topdalens Rutebillag i Lillesand og omdøypt til M/B «Øya II» for rutetrafikk mellom Lillesand og Kristiansand. Til slutt vart båten kjøpt av ein privatmann til bruk som fritidsbåt, Namnet tyder på at han var dyrkjøpt for han vart døypt M/B «Costa Plenty».