2017_06_22_09_07_23_Mjolketransport.jpg



I det gamle sjølvbergingsjordbruket hadde kvar gard ikkje fleire kyr enn det var bruk for til å dekkje mjølkeforbruket på garden. I tillegg til konsum så brukte dei mjølk også til å produsere smør og ost. I dei fleste kommunar var det så få som ikkje budde på ein gard, at læraren, doktoren og andre slike gardlause, gjerne fekk kjøpe både mjølk, smør og ost frå gardar i bygda. Heller ikkje i Ålesund som fekk bystatus i 1835, var det stort behov for organisert mjølkesal. Der budde berre 482 innbyggarar i byen, og mange av dei hadde ei ku som gjorde dei sjølvforsynte med mjølk. Men så kom ekspansjonen, og i 1875 budde det 5.783 personar i byen. Framleis var det mange som held seg med eigne kyr. I 1866 vart det registrert 121 storfe i Ålesund. Likevel var det eit sterkt aukande behov for å kunne tilby mjølk og mjølkeprodukt til eit veksande folketal i Ålesund. I starten vart mjølka levert av bønder frå nærområdet som tok seg ein bytur og selde mjølk på dørene til folk. Transporten av mjølka raskt nok til at kvaliteten ikkje vart sterkt redusert, vart den store bøygen i den organiserte mjølkeomsetninga. Overgangen frå sjølvbergingshushald til pengehushaldet skjedde på Sunnmøre i løpet av 1890-åra. Meieri skaut opp i kvar bygd. Berre på Sunnmøre vart det etablert 75 meieri, små bygdemeieri, i all hovudsak meieri som laga smør. På Stranda var det ei tid heile åtte slike smørmeieri. Smørmeieriet i Fausadalen var i drift berre i ti år, mens dei fleste andre eksisterte fram til 1917. I Sunnylven vart det etablert tre smørmeieri som var i drift frå 1894 og utover. I Stordal var det fire-fem smørmeieri, og også i Norddal var det smørmeieri i dei fleste bygdelag. Nokre av meieria i Norddal var i drift til ut i 1930-åra.

2017_06_22_08_42_47_Mjolketransport.jpg

Sunnmøre Meieri sin avdeling på Stranda, etablert i 1921 og nedlagt i 1974. Sidan den tid er også bygningen borte.


1890-åra var ei vanskeleg tid med lite pengar mellom folk. Kontantar vart viktig, også for bøndene. Det er noko av forklaringa på at det vart etablert så mange smørmeieri. Det meste av smøret vart eksportert til England. Frå 1890 vart smøret sendt med statsstøtta båtrute direkte til Newcastle frå alle dei tre mørebyane, og statistikken viser at Møre og Romsdal eksporterte meir smør til England enn resten av landet til saman. Rutebåtane på fjorden samla saman smørpakkane frå gardane langs fjorden og frakta dei til eksportbåten i Ålesund.

Etter bybrannen i Ålesund i 1904 vart det etablert eit 30-tals mjølkeutsal i byen, og konkurransen om kundane var hard. Den store pioneren innan meieridrifta på Sunnmøre, Rasmus P. Mork, var utdanna meierist og starta både meieri og meieriskule i Ørsta. Han etablerte mjølkeutsal i Ålesund, men innsåg raskt at Ålesund hadde behov for eit meieri, og det etablerte han i 1906, Ålesunds Meieri. Han laga reglar som sa at det var den einskilde bonde som hadde ansvar for å frakte mjølka si til meieriet på ein slik måte at mjølka ikkje vart øydelagt. Bøndene organiserte seg i mjølke- eller meierilag og leigde seg gjerne ein motorbåt. Mork innførte ei ordning med såkalla «pliktmenn» som skulle følgje med mjølketransporten fram til meieriet. Pliktmannstenesta gjekk på omgang, og pliktmannens jobb var saman med skipperen og kanskje ein maskinmann å laste om bord mjølkespannene, og å losse dei av i byen og frakte dei til meieriet. I 1908 kjøpte Mork ein fabrikk på Buholmen



Meieribåter.jpg

H.P. Mork kjøpte mange mindre båtar til bruk for rask mjølketransport frå bygdene og inn til meieriet. Det vart ein suksess den første tida, og også folk frå bygdene nytta båtane for å kome seg fram og tilbake frå byen på dagen.


og flytte meieriet dit. Mjølka då kom mest frå Hjørundfjord, der bøndene hadde gått saman om å kjøpe mjølkebåten «Primo».  I 1910 kjøpte Mork den første motorbåten for meieriet. Denne vart sett inn for å frakte mjølka frå Nordøyane. Gradvis kjøpte han i alt 10 båtar som vart sett inn i mjølketransporten. Ein av dei gjekk dagleg rute inn til Stranda og ut att til Ålesund.


I 1918 vart det ikkje oppnådd semje mellom mjølkeleverandørane (organisert i Mjølkeringen) og Aalesunds Meieri om mjølkeprisen. I februar 1918 stogga bøndene leveransen av mjølk til meieriet, og meieriet sin mjølkebåtar vart liggande stille. Leiarane i Mjølkeringen varsla at dersom nokon mjølkeleverandør trossa blokaden og sende mjølka si med rutebåten, så skulle dei eigenhendig møte opp på kaia og tøme mjølka i sjøen. Ingen braut blokaden. Mork hadde tidlegare bode seg til å selje både meieriet og båtane til eit andelslag av mjølkebønder. 29. juni 1918 vart det halde skipingsmøte for noko som vart kalla «Bøndenes Meieri i Ålesund». Leverandørane hadde teikna seg for 5.000 andelar til 70 kroner pr. andel. Andelsselskapet kjøpte Aalesunds Meieri for 900.000 kroner. Det vart raskt omdøypt til «Sunnmøre Meieri». Mjølkebåtrutene kom i gang att, men framleis var det mange bygder på Indre Sunnmøre som låg for langt unna til å få mjølka fram til meieriet med god nok kvalitet. Både Norddal og Sunnylven kommune hadde behov for andre løysingar enn å frakte mjølka til Ålesund. Noko av det første styret i Sunnmøre Meieri engasjerte seg i, var ei avgjerd om å bygge produksjonsmeieri på Stranda og i første omgang eit ysteri på Hellesylt. Sunnylvingane hadde alt teikna 500 partar i Sunnmøre Meieri og sto sterkt. Meieriet på Stranda vart vedteke i 1920, og var i drift alt i januar 1921. Entreprenør Gerhard Relling bygde huset for 108.500 kroner. H. Hadeland vart tilsett som den første styraren. Etter han kom Kristian Pjaaten som var styrar fram til 1929, då Einar Holmgren tok over.

Meieriet i Ålesund rådde no over 10 mjølkebåtar som dekte det meste av Sunnmøre, men på Storfjorden gjekk ikkje båten lenger inn enn til Stranda. Grunnen til at fjordabåten ikkje kunne fungere som mjølkebåt, var at gamle «Søndmøre Dampskibsselskab» ikkje ville endre ruteopplegget sitt for å kome bøndene i møte. Bøndene hadde behov for fleire stoppestader enn det dampskipsselskapet kunne tilby. Selskapet sa også nei til at mjølkebåtane kunne legg til ved dampskipsbryggene, og i fleire grender måtte dei ekspedere mjølkebåtane frå færing utanfor dampskipskaia.  Rutebåtane gjekk frå byen om morgonen og kom tilbake ut på ettermiddagen. Fjordfolket måtte vere i byen to netter og ein dag om dei skulle reise med rutebåten. Difor måtte det ekstra mjølkebåtar til, og mange passasjerar nytta desse båtane for å kome seg raskare fram og tilbake frå byen enn det rutebåten kunne tilby. Drifta av desse mjølkebåtane var inga lønnsam forretning for meieriet, og når Møre Fylkes Ruteselskap vart skipa same året, vart det uttrykt ønskje frå det nye selskapet om å samle all rutetrafikk på ei hand. M.F.R. bydde seg til å kjøpe alle mjølkebåtane, og det salet gjekk i orden. Derimot greidde ikkje M.F.R å tilfredsstille alle krav som måtte stillast til mjølketransporten.  Fleire distrikt kosta då eigne båtar, og då kombinert med persontransport.

Ytste-Åkernes båten.jpg

"Pegasus» var det lyriske namnet på denne båten som her ligg fortøydd i Ytste-Åkernes-støa. Ytste-Åkernes fekk seg motorbåt i 1945. Fleire av gardane hadde motorbåt også før krigen, men etter krigen auka fråflyttinga og i 1950-åra var det ikkje så mange av desse gardane som var i drift. Bildet utlånt av Nils Ragnar Åkernes.


Avgjerda om å bygge eit nytt meieri på Stranda og eit ysteri på Hellesylt var eit forsøk på å imøtekome alle bøndene som hadde teikna partar i Sunnmøre Meieri, og som difor hadde rett til å få levere mjølk, men som låg for langt unna til at mjølkekvaliteten kunne halde heilt til Ålesund. Avgjerda om å bygge ysteri på Hellesylt vart nedstemt på årsmøtet i 1920. I 1921 kom Ingebrigt Vaule frå Bjerkreim til Hellesylt, og han tilbydde seg å forpakte meieriet dersom bøndene sjølve bygde det. Det gjorde dei, etter teikningar frå Rasmus P. Mork. 100.000 kroner kosta det, og kom i drift i mars 1922. Sunnylvingane hadde teikna seg for 347 partar, etter at Sunnmøre Meieri gjekk med på å løyse inn dei 500 partane sunnylvingane hadde teikna i Sunnmøre Meieri. Etter at Vaule hadde forpakta meieriet i fire år, tok bøndene sjølve over drifta med Vaule som styrar. Meieriet vart utvida fleire gongar. Vaule likte å eksperimentere. Han laga gamalost og pultost frå geiteostystinga. Han fekk også offentleg støtte til å produsere roquefortost av geitemjølk. Meieriet produserte både smør, kvitost og brunost, men det var mest brunost fordi geitehaldet sto så sterkt i sunnylvsbygdene. Geitemjølka vart ysta på gardane før meieriet kom. Det var ein arbeidssam prosess som kravde mykje ved, og særleg på setrane der det var lite skog, vart vedhenting eit slit. Dei øvste gardane i Oaldsbygda hadde seterhamn i Gomsdalen. Der var det særs gode beitetilhøve, men lang veg å frakte mjølk og ost heim att. Dei tok difor med seg grisane sine over fjellet til Gomsdalen, og fekk også med seg grisar frå Stranda som vart jaga frå sjøen i Oaldsbygda, over fjellet og ned i Gomsdalen. Der var grisane fødde på ku- og geitemjølk gjennom sommaren og la kraftig på seg. Fjord- og fjellgardane dreiv mest med geiter, og fram til krigen så ysta dei sjølve, men etter krigen etablerte Ytste-Åkernes ei mjølkerute med motorbåten «Pegasus». Dei henta mjølk frå Ytste-Åkernes, Oaldsbygda, Matvika og Ljøen måndag, onsdag, fredag og laurdag og frakta mjølka inn til meieriet på Hellesylt. På kaia var det montert jarnbaneskinner opp til meieriet, og ei vogn på desse skinnene vart brukt til å frakte mjølka frå kaia og opp til meieriet. Frå Geiranger kom mjølka med ferja. I 1968 vart Sunnylven Meieri slått saman med Sunnmøre Meieri. Då hadde bilen for lengst teke over mjølketransporten.

Ei svært viktig attåtinntekt for Åkernes-gardane var plukking av hasselnøtter. Desse gardane ligg i solhellinga, og det voks mange hasseltre på alle desse gardane. Nils Ragnar Aakernes fortel at han på ein tur kunne plukke opp til 36
kilo hasselnøtter, og med ein pris på kroner 4,50 per kilo, vart det kontantar av det. Etter at eigarane av Inste-Åkernes flytte ut til Eikenosen, fekk Anders og Normann Åkernes kjøpe garden. Avtalen var at dei gamle eigarane skulle få ta seg ut staur frå skogen, men det var forbod mot å hogge hasseltre. Dei var for verdfulle. Hasselnøttene vart tørka og hamsa og selde til private. Det var stor etterspørsel, og hasselnøtt-salet vart saman med plukking av tyttebær ei viktig inntektskjelde for Åkernes-folket så lenge dei budde på garden.


2017_06_22_08_44_07_Mjolketransport.jpg

MB «Luna», eigar Olav Oksvik, var den første mjølkebåten på fjorden, og vart seinare brukt både til skyssbåt og doktorbåt.


Med Sunnmøre Meieri si nye avdeling på Stranda vart det slutt på drifta av dei mange smørmeieria rundt om i grendene. Unntaket var meieriet på Fjørstad, der Sivert P. Overvoll dreiv smørproduksjon fram til 1929. Stranda-meieriet skulle dekkje alle gardane på sørsida av Storfjorden heilt ut til Aursneset. Etter at vegen over Hevsdalen vart opna i 1937, vart også mykje av sykkylvsmjølka frakta til meieriet på Stranda. I 1922 kom nordlendingen Egil Larsen til Ramstaddalen, der han vart gift med Lovise Olga Klikk frå Olegarden. Tidleg i 1930-åra kjøpte han første båten sin , «Nor», som vart brukt som mjølkebåt og passasjerbåt. Det vart etablert eit dagleg samband frå Sandvika, ytst på Furstranda og innover til Søvikdalen, Ramstaddalen, Skotet, Vidhammer, Korsedal, Skjortneset, Fausadalen og til Stranda. Larsen fekk betalt pr. liter mjølk han frakta. Han tok også på passasjerar som skulle inn til Stranda for å handle eller gå til frisøren. Han kunne også krysse fjorden til Dyrkorn når det var nokon derifrå som hadde ærend på Stranda. Til å hjelpe seg om bord hadde han pliktmenn, ei ordning som gjekk på omgang blant mjølkebøndene. Egil Larsen kjøpte seg ny båt etter krigen, «Ruggen», og i tillegg til mjølketransporten vart denne båten også mykje brukt til persontransport. Båten vart kjøpt av ein annan nordlending, fiskehandlar Hegge Nilssen, på Stranda. Mjølka vart sendt til meieriet i 15-20 liters spann. 50-liters spannene vart for tunge å handtere, og kunne heller ikkje nyttast i løypestrengane. Når ein fekk aluminiumsspanner vart dei lettare og også 50 liters spanner kom i bruk. Bøndene på Stranda køyrde mjølka til meieriet med hest og vogn. Bygda var delt opp i roder og mjølkekøyringa gjekk på omgang.

2017_06_22_08_44_37_Mjolketransport.jpg

Egil Larsen frå Ramstaddalen hadde først båten «Nor» som han sette inn i mjølkeruta frå Furstranda og innover til gardane på sørsida av Storfjorden inn til meieriet på Stranda. Etter krigen kjøpte han båten «Ruggen» av fiskehandlar Hegge Nilssen på Stranda og brukte den i mjølkeruta



Langs alle vegar vart det sett opp mjølkerampar som spannene vart henta frå. Slik var det også i Stordal, der køyrelag med hest og kjerre/slede frakta mjølka ned til kaia. Den første mjølkebåten heitte «Von». Eigar og skipper var Ole L. Hove. Båten vart etter kvart for liten, og i 1930 tok Karl Johan Holmen over mjølketransporten med ein større båt som heitte «Alf». Han frakta mjølka frå Stordal og Holmebygda, og sjølv budde han på Stordalsholmen. Pliktmenn, gjerne to eller tre,  var også med her for å hjelpe til med transporten. Vinteren 1947 var det så streng kulde at vatnet fraus rundt om på mange gardar, og også vassforsyninga til meieriet på Stranda fraus. Dermed måtte Stordal levere mjølka si til Ålesund inntil meieriet på Stranda hadde fått att vatnet.

2017_06_22_08_45_08_Mjolketransport.jpg

Karl Johan Holmen flytte med far sin frå Hessegjerde og ut på Stordalsholmen. Der tok han i 1930 over mjølketransporten frå Stordal og Holmebygda med båten «Alf».


2017_06_22_08_43_33_Mjolketransport.jpg


MB "Ytterdal" ved meierikaia på Stranda. Eigar var Jon Ytterdal, og i fjordbygdene vart båten difor kalla Jonbåten. I tillegg til mjølkespanner frakta båten også passasjerar og andre varer mellom fjordbygdene og Stranda. Var i drift frå 1931 til 1959.

Etter at meieriet på Stranda kom i drift i 1921 vart det etablert ei båtrute med skyssbåten «Luna» som frakta mjølka frå Norddalsbygdene og Liabygda og ut til meieriet på Stranda. Smoge-gardane dreiv eigen smørproduksjon, men leverte også mjølk med eigen båt. I 1931 kjøpte Jon Ytterdal ei større båt som heitte «Hjalmar» til bruk som mjølke- og skyssbåt. Denne båten gjekk i fast rute frå Ytterdal (som seinare fekk namnet Eidsdal), Dalsbygda, Valldal, Linge, Overåneset, Liabygda og så til Stranda. I 28 år, fram til september 1959, gjekk denne båten trufast mellom meierikaia på Stranda og fjordbygdene. Rundt 500 mjølkespann dagleg var om bord, og Jon sjølv hadde rekna ut at han årleg frakta rundt 2,2 millionar liter mjølk til meieriet på Stranda. Jon Ytterdal vart så forarga over at Postverket og andre styresmakter endra namnet på bygda hans frå Ytterdal til Eidsdal, at han døypte om båten sin frå «Hjalmar» til «Ytterdal». På den måten skulle han verne om namnet han kjempa for. På Stranda var det nokre som erta Jon med å kalle båten hans konsekvent for Eidsdal. I tillegg til mjølkespann var det med pliktmenn, og mange passasjerar som skulle eit ærend på Stranda. «Ytterdal» vart også nytta til sjuketransport ut til Dyrkorn, der dei nådde tak i riksvegnettet og ein sjukebil venta. I 1959 var det slutt med båttransporten. Då ville meieriet nytte tankbilar og ferje i staden. I 1974 vedtok Sunnmøre Meieri å legge ned drifta ved meieriet på Stranda, og i 1976 vart produksjonslokala selde til Norco a/s. Mjølka frå Stranda vart frakta til meieriet på Hellesylt fram til hausten 1995, då også dette meieriet vart lagt ned, og mjølka frå alle fjordbygdene vart køyrt med tankbil til Sunnmøre Meieri i Ålesund. Både mjølkebåtane, mjølkespannene og mjølkerampane er blitt historie.