Tidlegare var det både mangel på skog, materialar og det var svært arbeidskrevjande å tømre i hop materialar til eit heilt hus. Pengar var det og lite av mellom folk flest, så når nokon skulle få seg eit nytt hus vart løysinga ofte å kjøpe eit gamalt hus og nytte dette så godt som råd. Alt som kunne nyttast vart gjerne anten flikka på eller reparert. Segna seier at i gamle huset  på garden Hjelme (der nede, bygd ca. 1870) skulle syllstokken vere frå det aller fyrste huset der i tunet. Her fortel ætteboka at fyrste brukaren er som i mange andre tun, nemnd i 1603. Etter Aslak Bolt si jordbok. Med andre ord finn vi gjenbruk av hustømmer kanskje heilt frå tidleg middelalder.

I boka mi Nøysemd  har eg teke fram døme på korleis hus vart flytta, gjenbruka og fekk nye oppgåver gjerne etter å ha kryssa fjorden både ein og to gongar. I artikkelen ”Klyngetunet på Omenås” skriv eg om

Larsgarden, Omenås, Valldal, Røykstove med ark.

”Arka på denne røykstova var brurekammerset til Jørgine (bestemor mi) då ho i 1904 gifte seg med Nils B. Hjelme”. ---” I 1909 vart arka seld til Ebbe Relling frå Dalsbygda. Materialane vart frakta til Sylte med hest, i robåt over fjorden til Dalsbygda, og vidare opp bygda med hest til Storkroken på Halstadvegen. Derifrå vart tømmeret bore opp gamleråsa i det bratte Dalhusberget til Rellingsætra, der det vart oppattsett og oppattnytta til sæterhus. Det var Ebbe -Tore og Buda-Jakop som bar kvar sin av dei største stokkane”. 


 Bakkehuset, Omenås, Valldal

Under utskiftinga i 1905, var der visst nok berre eit steinhus som høyrde Bakketunet til. Så her vart det behov for eit nybygg.

” Tømmeret til nyhuset vart kjøpt på rot frå Storskotet i Liabygda for kr.45,- . Terrenget i Storskotet er så bratt at Omenåskarane måtte henge i tau når dei skulle felle tømmeret. Historia seier at då trea vart felt, rausa dei rett på sjøen og fòr så kvast og djupt at dei ikkje kom oppatt før midtfjords, og då var dei ferdig kvista!

Vidare vart tømmeret flota over fjorden til Opsvika på Stranda, der det vart saga, før det vart flota vidare til Sylte og så køyrt med hest og slede til Omenås”.

I boka Nøysemd 3. Frå fjøre til fjells og heilt til Natal.

I artikkelen om Siri Viken fortel eg om Siristova, som i dag står i Vika til høgre ved tunellopninga når du kjem frå Valldalen.

Siristova, Valldal

”Det var ikkje noko nytt hus ho fekk seg opp her. Huset skal opphaveleg vere  frå Omenås, før det vart flytt til Tafjorden, der etter vart det flytt til Halstad i Dalsbygda, før det på nytt skal ha stått på fleire plassar i Valldalen, og det kom til sist frå Døvingen. Ca 1911 vart endestasjonen Vika -----”.

Om dette huset var med på meir enn tre-fire fjordkryssingar, er det neppe nokon  i dag som kan svare på.

Huset frå Inste Åkerneset

Eigaren Jakob Jakobsson Åkernes frykta fonnfaren og flytte til Naustberget ved Ljøen, der han og familien budde mens dei samtidig dreiv garden på Inste Åkerneset fram til 1923, då familien kjøpte seg gard på Flisnes i Ålesund og busette seg der.


Insteaakernes.jpg
Karl Johan Ringstad frå Stranda studerer dei vakre murane på Inste Åkernes. Dei er det einaste som er att av denne garden.
Husa vart flytta inn på Naustberget på Ljøen på grunn av rasfare. (Foto: Magne Flem)



Skulehuset i Oaldsbygda.

Skulehuset i Oalsdbygda vart bygd i 1924 på Me-garden sin grunn. Huset hadde eitt klasserom, kjøkken, gang og loft. Elevtalet låg mellom 10 og 14, og alle sat i same klasserommet. Skulehuset vart elles brukt som forsamlingshus i bygda. Etter at Oaldsbygda vart tømt for folk i 1953, vart skulehuset seld og flytta ut til Langevåg. Det var Anders Ringdal, oppvaksen på Ytste Åkernes og seinare busett på Me-Åkernes som kjøpte og flytta huset. Huset står framleis, men med nye eigarar.


Oaldsbygda skule.jpg

Skulehuset i Oaldsbygda, I bruk frå 1924 til 1953.

Her har vi kanskje eitt av dei siste husa som var Hus i farta på Storfjorden?


HusetTil A-Ringdal.jpg

Slik ser det gamle skulehuset i Oaldsbygda ut, der det ombygd står i Langevågen. (Foto: Nils Roger Matvik)

 

Både Oaldsbygda og Smoge hadde eige brevhus, og Oaldsbygda hadde også anløp av rutebåten på eiga kai, mens ein på Smoge måtte nytte føringsbåt.

Oaldsbygd brevhus.jpg

 

Smoge brevhus.jpg