19 06 13 gras 2.jpg

Ingvald Knivsflå har henta høy på Knivsflå som han skal ro heim til Geiranger med. Her skal det være tre høybører framme og sju akter. Foto: Odd Knivsflå


Vi lar Ingvald Knivsflå på dette bildet være representant for alle dei  som opp gjennom hundreåra har frakta høy med færing på tvers og langsetter  desse fjordane. I førre hundreår og lenger attover i tida var robåten på mange av desse strandgardane nesten like viktig som traktoren er i gardsdrifta i dag. Med robåten frakta dei høy frå utmarksslått i fonnefar og mellom steinane på begge sider av fjorden. Med robåten frakta dei husdyr  til og frå beite. Med robåt reiste dei til kyrkje, skule, handelsmann og  grannar, og frå robåt fiska dei i fjorden.

 

Fleire av gardane langs fjorden låg tidvis øyde, og då var det gjerne naboar som fekk høve til å hauste inn grasavlingane. Det vart ikkje minst vanleg etterkvart som den meir permanente fråflyttinga frå fjord- og fjellgardane skaut fart frå slutten av førre hundreår og fram til i dag. Furnes i Sunnylvsfjorden vart fråflytta i 1888, og seinare vart det Matvik  som nytta graset derifrå. Det vart tørka på Furnes og høyet vart frakta med løypestreng ned til sjøen og frakta med båt inn til Matvik. Sameleis var det med høyet frå Lundanes, frå Horvadrag (fråflytt i  1900) og frå Megardsplassen (fråflytta 1900).  Det vart ei uhorveleg mengde med båtlass høy, og etter kvart fekk ein motorbåt til hjelp i denne frakta, men før det var det årane som var framdrifta.

 

Brukaren på Inste-Åkernes flytte inn til Naustberget på Ljøen i 1900 på grunn av fonnfaren. I 26 år slo dei på Inste-Åkernes og rodde rågraset inn til Ljøen, der dei hesja det. Brukarane på Åkernes-gardane  slo elles oppe på Timbjørgane og frakta høyet ned til sjøen og derifrå ut til Åkernes med båt.  Då gamlefolket på Blomberg flytta inn til Homlong, fekk dei ha husdyr der, og høy til dyra vart frakta ned frå Blomberg på løypestreng og rodd inn til Geiranger. Skageflå vart fråflytta i 1916, og i mange år etterpå vart det henta høy ned frå garden og frakta inn til Geiranger. Til og med frå Gomsdal frakta dei høy ned til Bringelandet og rodde det inn til Geiranger  i fleire år etter at garden vart fråflytta i 1907. Lenger ute i fjorden vart det frakta høy med båt frå Skotthalsen og inn til Vidlhammer, frå Skjortnes og ut til Ramstaddalen og frå Ura og over til Stranda.

 

Då Knivsflå vart fråflytt i 1898, tok dei to familiane stovehusa med seg inn til Geiranger. Om sommaren reiste dei ut att og dreiv garden. Den eine familien sov i ei høyløe oppe i utmarka og den andre budde i eit uthus på garden.  Frå øvste setra og ned til sjøen hadde dei fire løypestrenger som  dei frakta høyet ned med. Deretter var det å ro det inn til Geiranger. Dei  rispa til og med almelauv  i Knivsflå-marka og stappa det i striesekker som dei tok med for å ha som fôr til grisane.

 

13.06.2019