Annendagskvelden bestemte me gutane å halda ein julefest eller kva ein no skal kalle ei slik samkome. Sildefisket stod for døra og me gutane hadde mange vegar, på fiske og anna arbeid. Me bestemte å fyre opp på verkstaden og dei som hadde øl skulde ta med seg det, og Peder Osdal som var samvirkebestyrar skulde ta med ein stor dunk med kringler.

 

Det vart ein hugnadsam kveld med diskusjon om mange føreståande ting, og ute fortsette kjylden og dei islagde vegane. Då det leid fram i dei små timar vart me samde om å  fylgje Peder Osdal tilbake til buda, han hadde ein stiv fot i kneet og viss han kanta på den isete vegen var det vanskeleg for han å røyse seg med den stive foten.  Det gjekk som me tenkte. Osdal datt, men han slo seg ikkje, så me tok han i akslene og røyste han som ein annan stronge.

 

Det leid no so langt at eg som skulde gå over Åsen til Leira og ta båten derifrå, måtte takke for godt selskap og pakke sekken og drage vidare. På rutebåten fyrte eg opp i byssa i lugaren og la meg til å sove. Eg var trøytt so eg sov langt utetter fjorden. Frå Ålesund fylgde eg Spjelkavikruta. Der fekk eg spørje opp ein mann som var kalla Lars Svorta. Han ville selje noko storvaksen skog på høgda mellom Svorta og Glomset og køyre den til fjøra ved Storfjorden. Frå Spjelkavika måtte eg gå til fots for der var ikkje bilar som gjekk den dagen. Vegen var pløgd so det var ikkje noko snøvandring slik som sist eg var på desse kantar. Eg eg kom no fram, men langt var det å gå, men eg var velkomen til huset og vart godt motteken med både mat og husrom.  Eg bar fram grunnen til reisa mi og Lars ville gjerne handle so me vart fort forlikte og hogginga skulde ta til komande dag.

 

Det var ein hard tørn å koma seg opp på åsen der me skulde skoge, me var tre karar i fylgje. Lars, eg og gamlemannen på garden. Det var mykje snø oppe i fjellsida, men me kom no fram til sist og Lars blinka nokre tre, det var stor fin skog som passa godt til byggeplankar. Det var eg og gamlingen som dreiv hogginga.  Lars hadde mange jarn i elden og stansa sjeldan med noko hogst. Han og ein leigd mann skulle køyre det vidare til fjøra ved fjorden seinare på vinteren. Det måtte vere øvde hestar og køyrekarar i dette  første brattlende. Køyrekaren sat skrevs over stokkane med to boltar nedslegne i stokkane til å styre sleden med. Vêret var ekstra godt og etter åtte dagar var førtifem store tre komne ned til vatnet. Eg bad om at dei måtte køyre dei fram til sjøen so fort som råd for eg og måtte nytte snøføret for å få køyre tømmeret på saga. Dette var ei snar og vellukka skoging og eg drog glad og velnøgd heim.

 

Det gode vêret heldt fram og eg hadde lyst å hogge meir skog for eg visste me trengde det. Eg tok hest og vaje (eller stytting som det vart kalla) og tømmerslede som eg fekk låne av Raustad og drog til Nils-Rasmus på Kalvatn. Eg fekk kjøpe ein skogtopp oppe på  Bueidet berre eit lite stykke frå vegen, gamal utvoksen skog, og når kvelden kom hadde eg  eit bra lass i Kvisla ved saga. Jakob dreiv på verkstaden og laga ein kraftig vedaslede med oppståande hynning so ved og stokkar  skulde halde seg på plass under køyring. Me trengde ein sterk slede når me kom med tømmeret frå Svorta og Glomset.

21 06 18 john-og-jakob-mork-ved-den-fyrste-toemmersaga-i-kvilsa.jpg

 Den første tømmersaga som brørne sette opp i Kvilsa. Frå venstre: Jon, Jakob og Ole O. Mork. Truleg frå 1926. Foto: ukjent.

Eg dreiv på Bueidet og fekk med meg til saga eit bra lass kvar dag. Ein dag kom Rasmus og spurde om eg ikkje ville kjøpe nokre furer som stod på ein hammar eit stykke oppe i fjellsida. Der stend nokre store osper i vegen, du kan hogge dei ogso og du skal få alt saman billeg.  Rasmus  forlangte og eg tok fast. Eg felte trea og det viste seg at snøven i ura under hammaren var so godt frosen at  furene gjekk med skatet på over ura til køyrings nede i bra lende, og om nokre dagar låg ogso den  hogsten ved saga i Kvisla.

 

Eg og Jakob fann ut at me skulde lage noko øl til dugnadskøyringa, me hadde  høyrt at dei brukte det slik i Nordfjord. Det leid på tida og mars-månad var føreståande, so me fekk tak i noko ferdig malt og bryggja oppe hos oss då me hadde god grue og skorstein i dørgangen. Me brukte same utstyret som sist me bryggja i Jo-garden so alt gjekk etter planen og ølet vart godt og velsmakande.

So snart ølet var på  tynna kom det bod frå Lars Svorte at tømmeret var kome på plass til videre  skiping.

 

Me var kjende med at det var ein mann i Sykkylven som hadde ein båt som han dreiv frakting med. Namnet hans var Hjorthol og han hadde ein liten gard på Ekornes og budde der. Me fekk tak i han i telefonen og bestemte at han skulde kome ein bestemt dag til Hondavikja med båten sin når rutebåten kom frå  Hjørundfjorden i ti-elleve tida om dagen. Eg og Jakob reiste etter avtale og ved kaia i Hondavikja låg Hjorthol og venta. Det var beine vegen over Storfjorden til Glomset.  Lars Svorte hadde snakka med Bernt Glomset so han skulde  syne oss kva materiale som skulde vere med og ordne med ein fagmann som skulde lage flåte, for storparten av den lange grove materialen skulde fløytast.

 

Det vart laga tre flåtar i lengda, den eine etter den andre, og so ein merg og slepar etter midten som festa i dei tre flåtane. Det var ein flink mann å lage flåte, han la ein kjetting over framendane på stokkane og slo ein bolt gjennom kjettingen i kvar stokk, men han slo boltane berre halvvegs  i stokkane og tenkte ikkje på båregong og dårleg vêr, noko me seinare fekk svide sårt for.

Me tok om bord dei minste stokkane, toppendane og det me greidde å få om bord. Hjorthol hadde med seg sonen til den andre mannen som eigde i båten, han hadde ein dårleg fot, men var lett og snar både i maskinen og på dekk.

 

Det var på denne tida dei fiska torsk her i fjorden og me fekk kjøpe oss ein fisk so me hadde det godt med fisk og lever, og om kvelden fann Jakob ut at han ville av stad og kjøpe noko poteter. Hjorthol meinte at oppe med Bakke-Lars var poteter å få kjøpt. Jakob gjekk , men tok feil veg og vart lengje vekk. Eg tok til å verte redd for han og tok vegen til Bakke-Lars, banka på døra og gjekk inn. Eitt syn møtte meg som eg aldri gløymer. Midt på golvet gjekk eitt kvinnfolk i seksti-sytti åra med eitt stort svart plagg over haudet og haukte og skreik at ho ville forgå av tannverk. Ei anna gamal kvinne som såg ut til å vere systra gjekk og bar mat på bordet, to store brune fat med mørk havregraut, to fat med surmjølk og ei hornskei på kvar sitjeplass. Dei  to andre gamlingane som var der var brør. Perane som dei vart kalla. Dei budde i Skodje og var noko lite føre seg og vart brukte til skogsarbeid og anna grovarbeid. Dei hadde vorte våte på skogen i dag og gjekk der halvnakne i fillete underklede som andre trollfolk.  Lars sjølv var ein stor rundvoren mann med ein stor mage, han hadde eitt breitt lêrbelte med ei stor messingsølje på for å halde den store magen på plass.  Eg spurde honom etter poteter, men han fortalde at dei tok opp potetene om våren. Då er det betre pris og potetene er tyngre.

 

Dette møtet i Bakke-Lars-tunet minte meg om ein flokk kannibalar, og då eg gjekk såg eg etter i krærne om eg skulde sjå skorne etter bror min for han gjekk i slike gode skor.

 

Jakob var komen då eg kom tilbakes og dreiv og laga kveldsmat. Han hadde fått tak i poteter so no  var me ferdige å reise neste morgon om vêret heldt. Me bestilte oss tvo tusen fot plankar med Bernt Glomset ettersom han hadde material liggande, det var berre å sage når sagbøren kom, levering etter avtale ein gong rundt jonsok. Neste morgon var me tidleg på beina, det var meininga å gå med flåten direkte til Bjørke. Me heldt inn og syd unna Aursneset for å kome fort inn Hjørundfjorden. Vel midtfjords til Aursneset kom søvestvinden som han skulde vere sleppt or ein sekk, det vart nokre bårer og det var stokkar i flåten som rykte ut boltane og dei losna. Det var lite tog om bord, so me måtte løyse det som var i mastra for å få noko å feste dei lause stokkane med.  Hjorthol bestemte å gå med flåten inn om Aursnesodden og slepe flåten inn på Aurevika. Eg skulde gå i småbåten med tampar og prøve å samle og feste dei lause stokkane. Dette gjekk so fort føre seg at eg fekk ikkje tid å tenkja på for ein farleg seilas eg no gav meg ut på. Ordre var ordre og eg tok tampane og ei øks og gjekk i båten. Hjorthol med flåten fortsette for å få flåten forbi odden so han for inn på Aurevika. Eg fekk feste stokkane med mykje bal for barane var so høge at eg måtte passe meg for ikkje å kante ut og no hadde eg ikkje fleire tampar og det kom på ny ein stokk rekande.

 

 

 Så langt Jon Mork. Tømmeret kom fram til Bjørke og vart saga på Kvilsa. Brørne Jon og Jakob Mork teikna huset og sto sjølve for bygginga. Huset stod «ferdig» i byrjinga av 1930-åra, men heilt ferdig blei det nok ikkje.

 

  

PS:

Ivarsaga, Sirkelsag bygd i 1910 i Honningdalselva.

Gamlekaren på Svorta døydde i 1929.

Dette måtte hende i åra 1926 til 1929.  

 

nhs

 

19.06.2021