Bilde11.png

Kaia i Tafjord 1932. Fotograf er Øivind Vassbotn som var lærar i bygda rundt 1930. Foto: Øivind Vassbotn.

Ei som vaks opp i Tafjord på denne tida skildrar kor fullt av båtar det kunne vere her, mange av dei langvegs frå.

Når ungane stod og stirde utetter for å sjå om ikkje rutebåten snart kom, var det ofte at snurparane låg så tett at det såg ut som ein kunne hoppe frå den eine til den andre tvers over heile fjorden. Og det var ikkje råd å sjå kor rutebåten var hen før den hadde tråkla seg gjennom heile snurpeflåten og kom dampande inn mot kaia. Dette var helst litt ut på kvelden, og da var det ekstra spanande å sjå om det var eitt ljos der ute som etter kvart vart større og kom nærare mellom alle dei hundretals ljosa i den flytande byen, som syntes å stengje heile den tronge fjorden.


26.01.2020