Lundanes-huset.jpg

Lundanes-huset slik det sto på Lundaneset

Huset på Lundaneset vart flytta i 1952. Det er eit tømmerhus, første gong oppført rundt 1890. Nils Roger Matvik fortel at bestefar hans, Petter Johan Matvik, kjøpte garden Lundanes i 1922, då garden nettopp var fråflytta. Son hans, Leif Matvik, overtok huset i 1952, Huset vart teke ned, flytta og gjenreist på Erstad i Sykkylven. Der står huset framleis. Nils Roger Matvik fortel vidare at Storfjordens Venner nyleg har fått tilbod om å ta over huset som gåve dersom organisasjonen vil ta på seg oppgåva med å flytte det tilbake til Lundaneset. Om det lar seg gjere, står att å sjå. Eigarane på Lundaneset må i så fall gi løyve. Det same må styresmaktene, og i tillegg vil det vere eit økonomisk spørsmål, men det vil utan tvil vere ein attraksjon ved innløpet til Geirangerfjorden.