Ospahjellen.jpg

Gunder Aspehjell kjøpte eit hus i Dalsbygda, frakta det ut til Ospahjellneset og frakta materialen opp til tomta. Løe kjøpte han på Skarbø på Stranda, rodde materialen inn og bar han opp og sette opp løa. Han skøytte på henne med ei løe frå Overå som han nytta som geitefjøs. 22 meter lang vart ho til slutt .


Ospahjellen

På 1700- og 1800-talet var Sunnmøre og Finnmark dei mest skogfattige distrikta i landet. Finnmark var det på grunn av klimaet, men Sunnmøre var det fordi vi her hadde selt det meste av skogen til skottar og hollendarar. Hustømmer var dyr vare, og det vanlege var når nokon flytta på seg, så tok dei ned huset det budde i, fjøl for fjøl og frakta dei ned til næraste stø, der dei vart lasta om bord i ein færing eller ein større båt som eit fjørefar, ein åttring eller den største føringsbåten som Hans Strøm kallar tendring. Vegar fanst knapt, så fjorden var den enklaste transportvegen. Når dei sleit slik for å få med seg husa sine, var det sjølvsagt fordi slitet var gratis og husa var den viktigaste kapitalen dei hadde. Når dei tok med seg husa hadde det også mykje å gjere med at det var mykje arbeid å handsage material til eit nytt hus. Jamvel båtbord vart brukte som bordkledning.

Den fjordgarden som truleg har teke imot flest flytta hus, er Ospahjellen. I 1883 kjøpte Gunder Aspehjell halvdelen av «Osphjelen eller Oterskindet kaldet», og to år etterpå gifte han seg med Nikoline Marta Ytterli. Dei flytte på Hjellen, det som vart kalla Oterskind, truleg fordi lysninga eller grasbota likna på eit oterskinn. Der, 420 meter over havet, var der berre restar av ei høyløe. Gunder kjøpte Framigardsstova på Linge og frakta tømmeret, stokk for stokk  og bygde hus og også løe oppe på Hjellen. Nikoline bar kvar dag mat frå Ytterdal opp på Hjellen, der ho kokte han ferdig under ein hellar.  Etter mange år borte på fiske og trandamping for å tene pengar, mens Nikoline og ei tenestetaus budde åleine på Hjellen, kjøpte Gunder ein 400 meter brei teig ned fjellsida til sjøen, og der på ei hylle bygde han heimen sin. Han kjøpte eit hus i Dalsbygda, frakta det ut til Ospahjellneset og frakta materialen opp til tomta. Løe kjøpte han på Skarbø på Stranda, rodde materialen inn og bar han opp og sette opp løa. Han skøytte på henne med ei løe frå Overå som han nytta som geitefjøs. 22 meter lang vart ho til slutt  Sonen Nils tok over halve garden i 1920 og  bygde på huset med material teken frå eigen skog.

Skrenakken

I 1919 reiste Magnus og Anne Marie Korsnes frå Skrenakken som dei hadde drive i mange år. Dei flytta til Sylte i Valldalen.  Skrenakk-Magnus (1854-1939) vart han kalla. Han bygde seg nytt hus på Skrenakken. Det blir sagt at tømmeret til dette huset skal ha vore hogge i Muldalen i Tafjord, og truleg vart det då anten saga i Muldalsvika er det var sag, eller fløytt som raft ut fjorden til ei anna sag. Det var sjølvsagt eit slit å frakte denne materialen opp til Skrenakken. Skrenakk-Magnus flytte frå huset sitt, men i 1920-åra fekk Ivar Heggen i Valldal kjøpe huset, og det vart plukka ned og frakta ned til sjøen, og inn til Sylte. Der vart det skipa til stor dugnad med mange menn og mange hestar som transporterte materialen dei 8-9 km fram til Heggen, der det står den dag i dag. Broren til Magnus, Nils Petter, var også ein kraftkar, og når han flytte frå Skrenakken i 1910, så bar han vedkomfyren deira ned svingane til støa. Derifrå rodde han komfyren inn til Korsnes i Tafjorden og bar han bratta opp til garden. Han hadde selt komfyren til Gustav Korsnes, fraktfritt må det ha vore, og på Korsnes står komfyren den dag i dag.

Knivsflå

På Knivsflå kom det pålegg frå formannskapet om at begge dei to tuna måtte fråflyttast. Det var oppdaga ein laus hammar ovanfor husa som kunne ramle når som helst, og i 1898 skulle det skje. Både Ingebrigt-tunet og Jakob-tunet måtte tømast, og dei risikerte ikkje bustadhusa sine, men to dei med. Problemet var at dei mangla ein stad å plassere dei, så dei første åra måtte huslyden i Ingebrigt-tunet bu på Stokke i Oaldsbygda, i Knutgarden på Maråk, og på Gjørva før dei til slutt fekk bygsla ei hustuft ved Elvasteinane, dit huset frå Knivsflå vart flytt. Ved hjelp av løypestreng frakta dei materialen ned i støa, og så vart han rodd inn til Maråk. Også folket i Jakob-tunet fekk bygsle tomt ved Elvasteinane huset på Knivsflå vart teke ned rodd inn til Elvasteinane. Løene og nokre mindre hus sto att på Knivsflå og der overnatta dei under slåtten. Dei slo og hesja på Knivsflå heilt fram til 1965. Høyet rodde dei inn til løer dei hadde fått leige plass i. Den farlege hammaren heng der enno.

Smoge

01SMOGE.JPG

Det kvite huset i bakgrunnen er frå først av flytta frå Stranda, der det gjorde teneste som butikklokale for Handelslaget. Materialen vart frakta inn til Smogelandet med båt og  heist opp med løypestreng til Ytste Smoge, der det framleis står. Bildet er frå Storfjordstemnet på Ytste-Smoge i 2000.


Eit toetasjes hus vart bygd blant kyrkjebudene på Stranda i 1885. Det vart butikklokale for mange i åra framover, men siste brukaren var Stranda Handelslag. Handelslaget bygde sitt eige hus, og det gamle handelslagshuset vart selt,  demontert og flytta til Ytste Smoge i 1939, og bygd opp att som bustadhus der. Det var nok kanskje den største husflyttingsoperasjonen av alle, men så var det også kyndige folk som sto for jobben, og der var løypestreng som frakta materialen dei bratte bakkane opp til Smoge. Etter krigen tar folk sjeldnare med seg husa når dei flyttar. Det lønner seg ikkje.