kirkeferd3.jpg


Osvik-folket på veg til Norddalskyrkja. Foto: Johannes Osvik.


Her legg Osvik-folket ut på kyrkjeferd. Dei skal ro ut til Norddal kyrkje i Dalsbygda, kyrkja som sørsida av Tafjorden høyrde til i. Frå venstre i båten sitt Anna Osvik Otterlei, gift på Fjørtoft, så kjem sønnene til Lars og Karoline - Olav Osvik og Johan Osvik. Deretter kjem så ekteparet Lars O. Osvik og kona Karoline. Mellom dei på biletet sit Karl Johan Osvik, og nærast sit Oline Osvik, mor til Karl Johan og Anna. Sundagane stemnde slike båtar ut frå  mange støer langs fjordane på Indre Sunnmøre. Dalsbygdarane sa om kyrkjebåtane at dei såg ut  «som kråker på Vikjene» . Gardane på sørsida av Tafjorden kom med sine båtar. Stundom gjekk grannar saman og rodde i ein båt. Dei kom frå Verpesdalen, mange frå Ytterdal, frå Ospahjellen, frå Skrenakken, og jamvel frå Smoge. Det var litt av eit syn når dei kom roande mot kyrkja, mens kyrkjeklokkene ringde. Det var snakk om fleire timars rotur for dei som hadde rodd lengst.

 

I tidlegare tider var det ei plikt å møte opp i kyrkja, men etter opphevinga av Konventikkelplakaten i 1842, miste kyrkja retten til å straffe dei som ikkje møtte fram. Det sosiale trykket om å møte fram til gudsteneste var likevel så sterkt  i mange mannsaldrar etterpå. Det kunne bli bygdesnakk om dei  ikkje møtte. Dessutan var  kyrkjeferda preikesundagane omtrent einaste gongen dei kom seg utanfor garden, og det å reise til kyrkje var difor noko dei gjorde med glede. Dess lenger unna dei var, dess meir kjærkommen var desse turane. Sjølve gudstenesta med ei preike som var lengre då enn dagens, gjorde vel at mange sovna etter ein strevsam rotur. Då gjekk gjerne kyrkjetenaren rundt med ei lang stav og vekte dei, særleg dei som til og med snorka.

 

Ofte var det barnedåp i samband med gudstenesta. Dei trudde at udøypte barn ville gå fortapt om de døydde. Difor hasta det med dåpen, og mange nyfødde døydde nok som følgje av at dei vart kalde eller smitta i samband med den lange dåpsferda. Sokneprest Leonhard Tafjord har fortalt om eit barn frå Tafjord som skulle døypast. Fjorden var islagt og uråd å ta seg fram på. Då bar dei barnet over Kallskaret og ned til Dalsbygda, og reiste same vegen tilbake.

 

Etter preika steig lensmannen opp på kyrkjegardsmuren og kom med kunngjeringar. Fram til 1920 var kyrkjebakken offentleg kunngjeringsstad. Det kunne vere lister for vegvedlikehald, kommunestyremøte, auksjonar og liknande. I tillegg kunne bøndene tinge seg tenestefolk, byte hestar, tinge seg ein gris, selje ei ku og ikkje minst, treffe slekt og kjenningar. Det var her dei frette nytt som dei hadde å snakke om både på heimvegen og resten av veka.

27.06.2019