På midten av 1800-talet var det ikkje lett å ta seg fram over lange avstandar. Langs kysten gjekk det fire skip i fast rute mellom Trondheim og Kristiansand, og med stopp i Ålesund. Turen tok åtte dagar. I Kristiansand var det ny båt til Oslo to gongar for veka, overnatting i Arendal og båten var framme i Oslo neste kveld. Det var det lokale kommunikasjonsbehovet som var det viktigaste, og det var lokalrutene som kom først.

Bygdene langs fjordane på Indre Sunnmøre mangla vegsamband med omverda. Einaste unntaka var at Ørskog som fekk ein skral kjerreveg ut til Ålesund i 1830-åra og til Vestnes, og at Sunnylven hadde postveg over til Hornindal. Om sommaren hadde Geiranger samband til Skjåk.  Mellom dei andre bygdene var det veglaust, og det var fjorden som var transportåra. Nausta sto tett ved fjorden i alle bygdelag. Alle hadde båt. På fjorden var det færingen og andre robåtar som dominerte, og fram til 1860-åra var det jektene som sytte for transport inn og ut frå storfjordbygdene og til Trondheim eller Bergen.

Dei rodde

Dei rodde til byen og dei rodde heimatt, og dei reiste aldri med tom båt. Dei hadde med seg noko dei skulle selje i byen, og heimatt hadde dei byvarer dei hadde kjøpt. Var vinden lageleg, kunne dei bruke lauvsegl for å auke farta, men det vanlege var å ro. Frå Stranda til dømes rekna dei 5 mil til Ålesund, og dei brukte nes som merke på når det var på tide å skifte rorskar. Frå Uksvika, Liastøa eller Sløgstad var Skothalsen første etappe. For mange var ei byferd den lengste reisa dei gjorde i heile sitt liv, og også eit minne for livet.

16. desember 1857 kom dampskipet «Søndmør» inn fjorden. Det var bakenden av hjulbåten «Drafn» som vart delt i to. Av bakskipet kom D/S «Søndmør», og av framskipet kom D/S «Romsdal». Eigar var Det Søndmørske-Romsdalske Dampskibsselskab. Det vakte skrekk og gru med det same, røyk- og gnistspyande som båten var, og med skovlar som bråka slik at båten kunne høyrast langande lei. Jens Ekornes fortel i memoarboka si at bestefar hans, Sivert Hessegjerde som kom frå Stranda og slo seg ned på Ikornnes, fortalde at mens han rusla oppover frå sjøen i Uksvika på Stranda, der han hadde ei tøystampe, , såg han ei svart røysøyle passere forbi Stordalsholmen, og med eit kraftig bråk. Dette var i 1857 og første turen inn fjorden for den dampdrivne hjulbåten «Søndmør». Det blir fortalt at då båten kom inn til Geiranger, vart lærar Carl O. Lundanes så forfjamsa av bråket at han gløymde å gi elevane lekse. To gongar for veka gjekk D/S «Søndmør» frå Ålesund om Borgund, Aure, Ørskog, Stordal, Stranda, Norddal (Dalsbygda), Sylte og til Sunnylven. Bortsett frå på jomfruturen vart Geiranger sløyfa som stoppestad den første tida. Marknaden der for reiser var tydelegvis ikkje stor nok. Billetten til Ålesund kosta ein halv dalar. Etter 10 års drift gjekk Det Søndmørske-Romsdalske Dampskibsselskab konkurs, og begge hjulbåtane vart selde til Bergen.

Hard konkurranse

Eit nytt Søndmørske-Romsdalske Dampskibsselskab vart skipa i 1868 med båtane «Lodden» og «Erknø», men etter 10 år måtte også dette selskapet gi opp. Konsul Joachim Andersen starta eige reiarlag i 1879 og kjøpte DS «Lodden», og han gjekk i kompaniskap med kaptein Halvor Iversen som eigde D/S «Robert». Med desse båtane dreiv dei ruter på sunnmørsfjordane. I 1885 vart det reist aksjekapital og skipa Søndmøre dampskibsselskab med hovudsete i Ålesund, og selskapet hadde fått ferdig bygd D/S «Geiranger» med eit passasjertal på 266. Dette var eit stasskip som skulle konkurrere med D/S «Lodden» og D/S «Robert», og konkurranse vart det. Dei la seg på same rutetider og same rute, og kappkøyrde innover fjorden. Klokka 07.00 frå Ålesund kvar tysdag og laurdag. Innover fjorden fekk desse dagane nemninga «dampdagar». Onsdag og sundag  gjekk dei same ruta ut att til byen. Desse båtrutene var den faste bindelekken mellom alle som sokna til Storfjorden, og med 20 stoppeplassar i Borgund, Sykkylven, Skodje, Ørskog, Stordal, Stranda, Norddal og Sunnylven. Før båten kom seg inn til Hellesylt og Geiranger var det som regel blitt natt. Det fanst ikkje kaier, og det var flyttbåtar (gjerne færingar) som frakta gods og passasjerar til og frå rutebåtane. Første kaia i fjorden kom i Geiranger i 1887. Så kom det kaier i Ytterdal og Valldal i 1893, Stordal i 1892, på Stranda i 1894, i Dalsbygda i 1902, på Hellesylt i 1904 og Oaldsbygda i 1932.

Mangla kontantar

Det kosta pengar å reise med rutebåten, og kontantar var det ofte smått med på fjordgardane i naturalhushaldet si tid. Sakarias Ansok fortel om Jakob Knivsflå frå Jakob-garden på Knivsflå som brukte å ro ut i Borgundfjorden vintrane for å delta i torskefisket der. Eit år fisket var slutt spurde han Søndmøre Dampskibsselskab kva det ville koste å frakte færingen og vegna hans inn til Geiranger. Dei ville ha seks kroner. Men det vart for dyrt, og grytidleg ein dag heiste han segl i frisk vind, og rodde attåt der vinden ikkje passa. Seint om kvelden same dagen landa han ved Knivsflå-naustet, sliten, men seks kroner rikare.

Mangel på kontantar i naturalhushaldet si tid, fekk mange utslag. Ingeborg Korsnes budde med mannen sin, Nils Petter, på fjellgarden Skrenakken, 400 meter over Storfjorden. Ho hadde fått betennelse i eit auge. Doktor Thesen på Stranda sa at ho måtte reise til spesialist i Bergen så fort ho kunne. Dette skjedde rundt 1915. Ingeborg fortalde det legen hadde sagt til mannen sin, og han var samd i at dei måtte reise, men kontantar hadde dei ikkje. Han tok difor med seg ein slakteokse på båten som han ville selje når han kom til Bergen. Der ville han få høgare pris, og nok pengar også til returbilletten. Dei leidde oksen over fjellet til Ytterdal, og gjekk om bord i rutebåten til Ålesund, og derfrå med kystruta til Bergen. Etter tre reisedagar kom dei fram. Nils Petter fekk selt oksen og fekk god pris. Ingeborg var hos dokteren i tre veker. Då kunne ho reise heim att og var frisk.

Det gjekk ikkje meir enn to år med konkurranse før «Robert» og «Lodden» trekte seg frå kampen, og Søndmøre Dampskibsselskab tok over postkontrakten deira. Rundt 1910 starta Rasmus P. Mork rutedrift med mange mindre mjølkebåtar. Rutetidene for rutebåtane passa dårleg for frakting av mjølk som helst skulle kome til meieriet ferskast mogeleg. Mjølkerutene til Mork med små motorbåtar på mellom 30 og 65 fot, gjorde det mogeleg å hente mjølk i fjordbygdene og få mjølka frakta til meieriet i Ålesund på dagen. Båtane var innreidde slik at dei også kunne ta med passasjerar, og det gjorde at ein til dømes  frå norddalsbygdene kunne kome seg på ein dagstur til Ålesund. Før måtte det ei overnatting til. Også Søndmøre Dampskibsselskab fekk bygd seg ein motorbåt, M/B «Aure» som vart sett i rute mellom Ålesund og Sykkylven. Det var morgonrute til byen, med mange stopp langs Sykkylvsfjorden, og retur om ettermiddagen, akkurat slik som med Mork sine mjølkebåtar.

Sjøholt knutepunkt


Nykaia-Sjøholt.jpg

Nyekaia på Sjøholt. Dei hadde ikkje råd til noko anna enn ei trekai, bygd tidleg i 1920-åra.


Sjøholt utvikla seg til å bli det samferdselsmessige knutepunktet for heile Indre Sunnmøre. Eit svært hotell vart bygd i 1891. Det brende i 1901, men Andreas Rasmussen hadde gjort det godt i Amerika og bygde eit endå flottare hotell i sveitserstil. Det sto ferdig på tre månader. Han dreiv det fram til 1918. Seinare dreiv Rikka Dahl og Nils Overå hotellet fram til 1960. Det vart nedlagt i 1965, men står framleis. Sjøholt si tid som knutepunkt var over, men heilt til 1937 då vegen over Strandafjellet vart opna, var Sjøholt endestasjon for alle fjordbygdene si tilkobling til riksvegnettet. Unntaka var Sunnylven som hadde samband til Hornindal og Geiranger som hadde veg til Skjåk og Stryn. Storparten av folket langs fjordane på Indre Sunnmøre måtte bruke båt for å kome seg til og frå byen.

I 1920 vart Søndmøre Dampskibsselskab ein del av det fylkesomfattande Møre Fylkes Ruteselskap, MFR. 21 dampskip vart innlemma i MFR. Då vart rutebåten frå Ålesund og inn til fjordbygdene ei heilt sentral rute: Ålesund-Ørskog-Vaksvika-Stordal-Stranda-Norddal-Hellesylt-Geiranger. Ruta var slik at skipet gjekk inn fjorden ein dag og utatt neste dag. Tre dagar for veka frå Ålesund, tysdag, torsdag og laurdag. Det var dampdagar på dei 18 stoppestadane innover fjorden. Då kom posten og folk som hadde vore i byen. Dagen etter var det utovertur. Ørskog, Vaksvika, Stordal og Stranda hadde anløp i alle seks ruteturane. Ytterdal og Valldal hadde fem anløp. Dyrkorn, Liabygda og Hellesylt hadde fire anløp, Sykkylven, Norddal og Fjørå tre, Glomset, Ramstad og Oaldsbygda hadde to og Langskipsøy eitt anløp for veka. Tafjord hadde anløp i torsdagsruta med overnatting til fredag. Geiranger hadde anløp på tysdag og laurdag kveld og med tur til Ålesund natt til onsdag og sundag ettermiddag. For den passasjeren som skulle frå Ålesund og heilt til Geiranger vart det ei lang dags ferd mot natt. Nærare midnatt etter ruta, men svært ofte forseinka, og på folkemunne vart forkortinga MFR omdøypt til «Mykje før rutå».

Livet på rutebåten

Det å følgje rutebåten på fjorden anten utover eller innover kunne vere eit eventyr. Dampen, for det var dampskip den første tida, førte post og folk og fe og varer av alle slag frå byen og inn til dei inste fjordbotnane. Med desse båtane fekk handelsmennene varene sine, mjølsekkar og sirupsfat vart heiste om bord, og både hestar, kyr, kalvar og andre husdyr vart også heiste om bord. Stallen på desse rutebåtane var ofte full av husdyr som anten skulle seljast til andre bygder, eller som skulle til slaktaren i byen. Peter S. Dyrkorn har i memoarboka si, «Eg minnast så mangt», skrive forvitneleg om det han opplevde på dampbåten. «Når tida nærma seg «flyttedag for tenestefolk på landet», (14, april om våren og 14. oktober om hausten), såg ein stundom nokre sauer som sto bundne på eine sida i stallen. Det var ikkje uvanleg at når ei jente var «festa» ein stad, så fekk ho ta med seg ein sau som husbondfolket fødde over vinteren. Det var noko av lønna. Når flyttedagen kom, kunne ein sjå jentene kome dragsande med ein kvit eller svart sau over landgangen. Ingen tykte det var eit særsyn.» I stallen var hestekarane og kuhandlarane samla, og det kunne skje ein og annan handelen. Av og til måtte det ein dram til for å oppnå semje.

«Det var to klasser for dei reisande om bord i båten, førsteplass og andreplass. Førsteplass var berre for «fine» folk, og dei var det ikkje så mange av i bygdene her på den tida. Det kunne vere nokre byfruer som skulle på landet sommars tid, eller handelsreisande som var litt betre kledde enn vanlege folk. Elles reiste fylkesagronomen Gerhard Myklebust og formannen i  Amtstinget i over 30 år, og ordførar i Norddal endå lenger, Nils E. Grønningsæter, populært kalla «Nils på dampa», som regel på førsteklasse, men høyrde dei at Alstad-Olav frå Valldal var om bord, så flytta dei seg alltid fram på andre klasse, der han brukte å sitje og fortelje historier. Andreplass framme på båten var der flest ferdafolk held til. Dei som kom om bord midt på natta inst inne i fjorden, slo opp øvste køya, tok av seg skorne og la seg til å sove med ei pute under hovudet. Det var nok ikkje så lett å få sove, og når det kom mange passasjerar så måtte overkøya slåast ned slik at alle fekk plass. Dei reisande hadde med seg nisteskreppe, og dei fekk kjøpe kaffi for 10 øre koppen. På førsteklasse vart det servert varm mat, både laks og kjøtkake.

Stasbåtar

NORDALSFJORD1914til1955.jpg


Frå 1914 til 1955 var D/S "Nordalsfjord" i drift, mesteparten av tida på Storfjorden. "Silkemusa" heitte båten på folkemunne fordi båten alltid var strigla og pussa, og fordi salongane var så fine..


Det var mange gamle skip blant dampskipa som MFR tok over i 1920. Det yngste og mest moderne av dei var D/S «Nordalsfjord», berre seks år gammal og litt av ein stasbåt. D/S «Nordalsfjord» var vel også den rutebåten som var sterkast knytt til teneste på Storfjorden. På folkemunne vart båten heitande «Silkemusa», og opphavet låg i at båten alltid var så skinande silkefin å sjå til. Plysjmøblar og mahogni signaliserte stil, og kapteinane, anten dei heitte Aasebø, Myhre eller Johnsen, var strenge med å halde høg kvalitet. Rusta fekk aldri tid til å feste seg der om bord. Båten var sertifisert for 300 passasjerar, og ho kunne laste 600 sekkar i lasterommet. Fram til 1955 var D/S «Nordalsfjord» i drift. Då var det slutt. Båten vart seld til Høvding Skipsopphugging og enda sine dagar som spikar.

Ein annan stasbåt var M/B «Rollo», innkjøpt for å ta seg av turisttrafikken mellom Sjøholt og bygdene innover fjorden, først og fremst Geiranger. Båten hadde plass til 100 passasjerar, og hadde ein stasleg salong med store vindauge som turistane kunne nyte naturen gjennom. Også frå toppdekket var det plass for soling, og skulle det regne var eit segl spent over. Eigentleg var nok dette eit feilkjøp. 


rauma1889.jpg


D/S "Rauma" var av dei første rutebåtane som tok på bilar, 3-4 var det plass til på tvers på forskipet. D/S "Rauma" hadde ein lekter med kol stasjonert i Geiranger for bunkring.