Ein av dei største kjendisane ikkje berre i indre fjordstrok, men på heile Sunnmøre, var Olav Alstad (1880-1965), Alstad-Olav i daglegtalen, frå Valldal. Her har Magne Flem avbilda han i Olavshellaren der Olav Haraldson, den seinare Heilag-Olav, oppheld seg mens mennene hans laga seg veg gjennom Skjersurda, slik Snorre fortel om. Alstad-Olav voks opp på Oppigarden på Alstad, han tok amtsskulen på Sjøholt, han arbeidde både som snikkar og matros på Møre Fylkes Rutebåtar. Kjendisstatusen fekk han som historieforteljar, replikkunstnar og humorist. Det blir fortalt at  det ryktast i dei indre fjordbygdene når Alstad-Olav skulle reise med rutebåten til Ålesund, og då auka passasjertalet raskt. Han hadde ei stor forsamling. Formannen i amtstinget i Romsdals Amt i over 30 år, og ordførar i Norddal endå lenger,  Nils E. Grønningsæter, var ein hyppig passasjer på rutebåten. «Nils på dampa» vart han kalla. Ein gong han skulle reise til amtstinget, fann han ikkje att nokre viktige papir han skulle ha med seg. Då kom han brått på: «Du ska’ håre dej sjå dei e’ komne mylljå løfs’ne». Nils E. reiste ofte saman med fylkesagronom Gerhard Myklebust, også frå Valldal. Dei reiste alltid på første klasse, men når dei høyrde at Alstad-Olav kom om bord, flytta dei seg alltid fram på andre klasse for å høyre på. Olav miste tidleg håret, og kalla seg difor «Valldalens lysaste hovud». Han spøkte med si manglande hårpryd, og ein gong han var invitert til middag i Ålesund, men kom for seint, orsaka han seg med at han vart hefta hos frisøren. Alstad-Olav var så visst ingen fråhaldsmann, og etter eit årsmøte i revelaget i Ålesund, stavra han seg i retning pensjonatet han budde på, med ein god slump pengar i lomma. I Sorenskriver Bulls gate gjekk det ikkje betre til enn at han vart overfallen, kakka i hovudet og rana. Dagen etter kom han med båten inn til Sylte, ille medfaren, gul og blå og med sundrivne klær, utan pengar, men han tok luven frå heile elendigheita ved å forklare dei frammøtte på dampskipskaia: «Ja du, der rauk dei på meg og reiv ta meg alt anna enn håret!» 


AlstadOlav.jpg

Olav Alstad (1880 - 1965). Foto: Magne Flem