Ivar var fødd i 1929 på Vedde i Sula og bodde der til han var 5 år. Karl og Laura Holmen var foreldra til borna Ivar, Bodil og Inger.

Ivar bodde fast på Stordalsholmen, frå 1934 til 1970, òg han er den som framleis steller og held vedlike husa på Holmen. Tidlegare deltok og systera Bodil i dette arbeidet.

Hovudhuset er freda av Riksantikvaren, så litt pengar er det kome derifrå, men det meste har nok Ivar og systera Bodil stått for.

Holmen er utan både veg og elektrisitet så her må det meste gjerast på gamlemåten. All ferdsel og transport til og frå måtte difor vere med båt. 


Dyrehald

Holmeneset er ein liten husmannsplass som ligg 1,5 km. lengre inne i stranda. Denne er eigd av Holmen og her var då mjølkekyrne frå i mai til framimot jonsok, medan geitene var i heimemarka. Og for å kome inn på Holmeneset måtte alle dyra i storbåten. Frå jonsok vart kyr og sauer jaga til Holmesætra. På neset hadde dei sommarfjøs og hit måtte dei ro frå Holmen for å mjølke både kyr og geit. Mjølka måtte morgon og kveld fraktast ut til Holmen for avkjøling og vidare behandling, om det var til smør eller ost.                                                               

Kjea som gjekk på Holmen saman med geitene var det vanleg å kjevle. Dvs. dei sette ein pinne på tvers attom tennene og knytte denne fast, då fekk kjea syge mora berre eit par korte stunder - geitmjølka skulle helst nyttast til anna. Resten av kjea vart av og til frakta inn til Knurrestøa (4 km). Her måtte dei gå  heilt til hausten og klare seg sjølve, terrenget er her så vanskeleg at dei kom seg ikkje vidare.

Bodil fortel at ein gong dei skulle heim var utrøna så sterk at same kor mykje ho og søstera Inger rodde, vart dei for lette, og båten dreiv attende innom Holmeneset fleire gongar.

Alt høy som vart slege på dei ulike utslettene og Martaplassen vart teke ned i meiser og rodd ut til Holmen. Medan det på Latøyna (1,5 km frå Holmen) var så flatt at her vart det gjerne oppsett hesjar, seinare vart turrhøyet frakta ut til Holmen, dette siste kunne òg vere ein farefull siglas. Kom vinden på ein liten færing, som var overlest med høy, var det ingen spøk.

Vi veit at ei Jakobia, som var frå Skråvikja - ein liten plass innom Holmen – kom ut for ei ulykke. Båten henna vart kasta rundt og ho drukna der på Stordalvikja, då ho hadde vore i Stordalen på kjæraste-besøk.

Vinden kan ofte vere stri i området kring Holmen, og inn og ut fjorden. Ivar fortel at under Dagmar slo bårene heilt opp til troppa på Holmehuset. Ein gong Karl kom frå Rorshamna med færingen på slep etter motorbåten «Alf», vart færingen kasta rundt. Rorshamna er 0,8 km innom Holmen og her er det einaste plassen ein så stor båt kunne ligge nokolunde trygt. Når storebåten vel var fortøygd her inne måtte Karl ro heim til Holmen, og attende til Rorshamna neste morgon. Karl hadde frakt av all mjølk frå Stordalen og Holmebygda inn til meieriet på Sløgstad.

Asbjørg Ringmo fortel at onkel henna Petter Vinje, ofte rodde folk mellom Stordal og Stranda, for dette fekk han 25 øre pr. passasjer. Det var ikkje uvanleg at han la inn ein pause ved Latøyna og at både rorskaren og passasjerane gjekk opp til Latøy-Lars der dei som regel fekk servert eple frå likkista til Lars. Lars hadde ordna seg med kiste, som i ”ventetida” stod oppe på betane og var nytta til lager for eple. (Sjå Nøysemd 3). Dette var før 1910, då Lars flytta. 


Skule

I tidlegare tider var der skule på Holmen, men då Ivar, Bodil og Inger skulle byrja på skulen vart dei frakta til Stordalen (2,5 km ) anten med færing eller faren Karl Johan frakta dei med motorbåten. Då var det ei veke på skule og ei veke fri. Skuleveka budde dei hjå dei i Rystene, som var av slekta. Der var fem ungar frå før så vi hadde godt selskap. Men vi lurte oss ofte opp i loftglaset og stod der og såg etter far då han reiste attende til Holmen, det hende at det av og til draup ei tåre då, seier Inger.

 

Ishuset

Ishuset var truleg oppsett av Gunder Myrhe, han var jekteskipper og handelsmann og kom i frå Rosendal i Hardanger. Han kjøpte Holmen i 1834. Ishuset ligg eit stykke innom Holmen på Stordalsida på ein plass der det er svært lite sol, berre ei lita stund om morgonen. Huset er grave inn i terrenget slik at det er berre endeveggen mot sjøen som er fri. Huset er fint mura i gråstein og innvendig er det panel og i mellomrommet er det sagmask. Dette for isolasjonen. Huset vart restaurert av Storfjordens Venner i 1984.

Kvar vinter når isen la seg i hølane på Stordalselva vart denne saga opp i passelege stykkje, før dei med lånt hest og slede vart frakta ned til sjøen. Her var isblokkene tekne om bord i treroringen og rodd ut til Ishuset og stabla inn, med sagmask og halm mellom til isolasjon. På denne måten fekk dei isen til å ”stå” til ut på sommaren. 

ishuset stordalsholmen.jpg

Ishuset eit stykke innom Holmen på Stordalsida.


Fiske

Gunder kjøpte opp all laks han kunne få frå Stordalselva og frå andre pluss det han sjølv måtte klare å fange i flakenota på Holmen. Denne ligg endå i naustet på Holmen. Seinare drifta Holmen to kilenøter, og etter at Lars Hellebust (Latøy-Lars) reiste frå Ytste Latøyna i 1910 og bruket gjekk då attende til Holmen, var det i ein periode 3 kilenøter i drift. Fangstdagbøkene er framleis i Ivar sitt eige. Seinare drifta Ivar med krokgarn i to år, sidan desse var mindre arbeidskrevjande for ein mann åleine.

Laks og eventuell anna fisk vart lagra i Ishuset til det passa å laste båten for vidaresal, som regel var dette til Bergen. Karl og onkelen hans dreiv med dette fram til i ca 1925/1930. Dei prøva endå til med eksport til England, men dette vart ikkje vidare vellukka.

Beste fangsten skulle ha vore på 25 laks/pjakk ut av ei nót på ein gong. Òg den største laksen som var fiska ved Holmen var på 21 kg. Det var bestefar til Ivar som fekk denne, medan Ivar sin største er på 17 kg.

Rundt 1960 – 1970 trappa Bodil og Ivar ned gardsdrifta på Holmen, og Ivar og faren Karl dreiv då ein del fiske i fjorden. Fangstane som var mest torsk, men òg litt anna fisk som vart omsett frå båten ved kaia  på Sløgstad og i Stordal.

Endå i dag ordnar Ivar vinterforsyninga av fisk for seg og Bodil kvar haust. 


Gode naboar

Tilslutt ei historie frå kvardagen på Holmen:

Ein gong vart Karl Johan så akutt låk i ryggen at han ikkje klarte å kome seg ut av senga og langt mindre ta seg ned i maskinrommet på ”Alf”. Difor kunne han heller ikkje få start på båten, som skulle hente mjølk for å frakte denne til Stranda meieriet. No var gode råd dyre, men mor til Ivar, Laura visste råd. På Holmen var ikkje telefon så ho rodde  over fjorden til Skjortneset og gjekk opp til garden, der i frå fekk ho ringt til Korsedal og snakka med Elias Korsedal. Han kunne med båt og motor, og sa seg viljug til å hjelpe. Elias gjekk til sjøen og Laura gjorde det same. Ho rodde til Korsedalstøa, henta Elias og rodde attende til Holmen. Denne ro-turen vart då heile 8 kilometer i rett line. Her fekk Elias start på motoren og tok seg like godt av mjølke hentinga og leveringa denne dagen.

Stordal hadde gjennom tidene fleire notlag, her skal eg nemne berre to av dei: 

Alf av Holmen.jpg


Dette biletet av ”Alf” er teke ca 1930 på Muldalsvika under notfiske etter sild/mussa/brisling. Eigar Karl Johan Holmen. ”Alf” var slepebåt for notbåtane til Stordal Snurpenotlag (Kalla Skaddane). Skaddane var det eldste notbruket i Stordal (1960). Dette vart til ved at mange gardbrukarar  gjekk saman om å kjøpe trålen og så batt kvar av brukarane kvar sin part av nota.

”Alf” vart i tillegg nytta i 20 år til mjølketransport til Sløgstad.

  

Åsen av Stordal..jpg


Dette er båten ”Åsen”. Den vart kjøpt frå Vigra i 1952 og var så stor (60 fot) at den deltok som hjelpebåt under storsildfiske ute ved kysten. Stordalingane hadde som oftast med sine eigne notbåtar.

 

Eystein Hjelme.

  


Kjelder:

Ivar Holmen.

Eystein Hjelme: Nøysemd 3. Frå fjøre til fjell og heilt til Natal. Bjørlykke Forlag 2014.

You Toube: Stordal Historielag.

Asbjørg Ringmo