Av Harald Kjølås

Det var Karl Mjelva som jakta på opplysningar om det første turistbesøket med skip til Geiranger. Ei tante som bodde i England hadde kome på spor av at det skulle ha vore ein seglbåt med kvekarar om bord, og han lykkast i å få stadfest at namnet på skuta var «Nereid» som er ei havnymfe i gresk mytologi. Han fekk også tak i eit bilde frå Storledet i Ålesund, truleg tatt i 1869. Det er først og fremst Kåre Aasebø som har avdekka historia til desse første cruiseturistane på Sunnmøre. Iherdig innsats på nettet gav resultat. 

Eigaren av skuta var familien Backhouse. James Backhouse var i Norge tre gongar, i 1851, i 1853 og i 1860. Sonen Edward var sikkert med på reisene, og etter at faren døde, kom han sjølv med skonnerten «Nereid» til Ålesund 26. juni 1869. Fem familiemedlemmer var med på turen, og eit mannskap på 13 samt ein los frå Stavanger. Edward førte dagbok og både teikna og fotograferte frå turen. Backhouse skriv at niesa hans, Anna Priscilla Mounsey, held møte ved foten av Aksla, der byparken seinare kom. Familien var kvekarar og dei misjonerte under turen og delte ut skrifter som dei hadde fått av Asbjørn Kloster, grunnleggaren av fråhaldsrørsla her i landet. Ho samla rundt 50 interesserte ålesundarar rundt seg. På den tida var alkoholen eit stort problem i byen, og ikkje minst kvinnene var nok interessert i det Anna Priscilla hadde å fortelje, men om dei skjønte engelsk er ei anna sak. Skriftene dei fekk var i alle fall på norsk. Edward Backhouse (1808 – 1879) var grunnleggar av Backhouse Bank i Sunderland som seinare vart slått saman med Barcleys Bank, den store kvekarbanken som i dag er Englands tredje største bank. 

Nereid.jpg

Skonnerten «Nereid» og Backhouse-familien var to gongar i Norge, i 1866 og i 1869, men det var på den siste turen at skipet kom så langt nord som til Sunnmøre og Molde.


Etter besøket i Ålesund reiste båten vidare til Molde, og i dagboka omtalar han Molde som å vere fjerdeparten så stor som Ålesund, der han anslår at det budde 4.500 menneske. Etter besøket i Molde kom skonnerten tilbake til Ålesund og etter ein liten avstikkar til Nordfjorden kom han tilbake og reiste vidare inn Storfjorden. Det var bortimot vindstille, og med på turen til Norge slepa dei på ein båt med dampmaskin. Denne slepa «Nereid» inn til Geiranger, og det var nok litt av eit syn for folk langs fjorden som denne tida var opptekne med slåtten. Dampbåtar var dei vande med, den røykspyande og bråksame hjulbåten «Søndmør» hadde gått inn fjorden sidan 1857, og hadde nok kanskje også hatt med seg utanlandske turistar, men mange var det ikkje.

Dei første turistane

Dei første turistane1869.jpg

Familien Backhouse og mannskapet på 13 på «Nereid» var nok dei første turistane som kom til Geiranger på eigen kjøl. Skipet har dei ankra opp, og kom inn til land med dampbåten dei brukte som følgjebåt. Denne hadde dampmaskin og vart brukt når det var vindstille, slik det var når dei kom inn gjennom Storfjorden. I denne dampbåten, som har namnet «Launcher», sit nokre frå mannskapet, mens det er Backhouse-familien som sit på steinen og står til høgre. Bak Meroks Hotell, ferdig i 1866. Dette er truleg det første bildet som er teke i Geiranger.


Dei første turistane var elles ikkje først og fremst turistar, men meir oppdagarar og opptekne av naturfenomen, botanikarar opptekne av planter, og etnografar opptekne av folk og folkedrakter og boforhold og kultur. I Geiranger vart dei av bøndene den første tida nærast sett på med forakt fordi dei ikkje gjorde noko nyttig anna enn å spasere rundt og snakka på eit språk dei ikkje forstod. Dei budde om bord i båten, men gjekk på land og delte ut Asbjørn Kloster sitt blad «Menneskevennen». På land fekk dei stilt opp nokre frå lokalbefolkninga til bilde. Sikkert det første bildet som er tatt i Geiranger. Dei var i Geiranger frå torsdag til laurdag, og gjekk tur opp langs elva og fossane. I dagboka skriv dei ikkje eitt ord om fjord- og fjellgardane dei passerte. berre om fossane. Dei låg lenge under Dei sju søstre, og Edward Backhouse teikna dei i dagboka si.  Det var naturfenomena som interesserte. Nokre geirangerfolk vart også inviterte om bord. Den raude topplua som Ellend Ellingson Hole hadde på seg, imponerte Backhouse. Det er døtrene og kona som er med. Ellend var 55 år då dette bildet vart tatt. Han kom opprinneleg frå Hole i Sunnylven og gifte seg til det som vart heitande Ellendgarden på Maråk. Han gjorde seg såpass forståeleg at engelskmennene skriv i dagboka at dei forstod at både lua og dei blå knebuksene hans var 33 år gamle, og at han brukte dei berre på sundagane. Det var med andre ord kyrkjeklede, og det var nok tilfelle også for draktene kvinnene hadde på seg. Også dei hadde hovudplagg, rundhuer. Hovudplagg var vanleg for kvinner den tida. Dei var alle alvorlege. Fotograferte hadde dei ikkje blitt tidlegare, og dei var skeptiske. Ikkje fekk dei sjå resultatet heller. Om kvelden før skonnerten «Nereid» skulle reise, kom fleire robåtar med rundt 60 geirangerfolk som song norske songar til stor glede for dei britiske turistane. Som takk vart 3-4 ungdomar inviterte om bord for å sjå yachten.

Bilde 3-Geiranger.jpg

Ein familie vart invitert om bord i «Nereid». Det var Ellend Ellingson Hole, innflyttar frå Sunnylven, og kona hans, Gunhild, og tre av døtrene deira. Ellend var gardbrukar på Ellendgarden på Maråk. Om bord fekk dei mat og fekk sjå seg rundt, men den store konversasjonen kunne det ikkje bli. Ingen i Geiranger, heller ikkje skulelæraren kunne noko engelsk. Backhouse var imponert over topphua Ellend hadde på seg, og Ellend greidde å gjere seg så mykje forstått at Backhouse kunne skrive i dagboka si at både hua hans og dei blå knebuksene var 33 år gamle, og at han brukte dei berre på sundagane. Det var med andre ord besteklede dei hadde på seg, og alle kvinnene hadde ei slags kyse på hovudet.


Hotella

Før Geirangervegen over fjellet til Skjåk var ferdig i 1889 og frå Grotli til Hjelle i 1894, var Geiranger ei bortgøymt bygd i enden av ein fjord. Dei få turistane som kom, kom for det meste med båt, og mange av dei var knapt i land. Alt mens dei bygde vegen, i 1888, kom det 39 turistskip til Geiranger. I 1889 og -90 kom det 39 skip og deretter auka talet opp til rundt 70 ved hundreårsskiftet. Det tok berre ti år før Geiranger var etablert som turistbygd, og det var ein kombinasjon av vegbygging og hotellbygging som skapte denne næringsmessige revolusjonen i den vesle fjordbygda med i overkant av 400 innbyggarar, dei fleste fram til då knytt til drift av gardsbruk.

Hotellbygginga starta med Martinus K. Merok som i 1869 sette opp ei «lån» eller handelsbud i Maråkvika, også med plass til losjerande. «Lånabuda» vart seinare til Meroks Hotell. Hotellet fekk eit oppsving gjennom vegbygginga. Første ladninga med vegarbeidarar kom i 1880. Det var 50 mann frå Gloppen, og i boka si «Livsminne 1862-1948» skriv Jon L. Flydal at dette var villslusk: «Å slik dei banna og geberda seg! Det rolege bygdefolket hadde berre å flytte seg or vegen» Desse sluskane lærde kjerringane i Geiranger både å koke og å bruke kaffi, skriv Flydal. Det kom 300 anleggssluskar til bygda, og behovet for overnattingsplassar auka dramatisk.


Geiranger Meråk håndkolorert kort.jpg

Geiranger rundt 1890.

Det fekk norddalingen Nils Petter Weiberg til å satse på å reise ei tømmerbygning som losjihus tidleg i 1880-åra. Det vart seinare til Hotell Geiranger. Den 18. juli 1890 kom Keisar Wilhelm II av Tyskland med tre dampskip på besøk inn til Geiranger. Dei låg for anker til dagen etter, og majesteten med følgje gjekk i land og sette seg til å beundre bygda frå haugane ovanfor Gjørva. Dette var første gong ein majestet besøkte Geiranger. Året etter, den 16. mars i 1891, kom eit dampskip trekkjande med to store  prammar. Dei kom frå Orkanger med material til eit hotell som skulle byggast på røra ovanfor Merok. Det var Adolf Schieldrop og bankkasserar Stub frå Ålesund som sto bak prosjektet. Schieldrop kom frå familien som dreiv Schielderops Hotel i Ålesund. Hotellet i Geiranger vart ferdig, og den 23. mai i 1893 kom Adolf Schieldrop til Geiranger for å opne Hotell Union med seg sjølv som sjef. Aksjeselskapet som eigde hotella gjekk nokså raskt konkurs, men Schieldrop fekk drive for kreditorane si rekning fram til 1898. 

Det var frøken Julie Soug frå Ringsaker som kjøpte hotellet  med støtte frå bror sin, for 40.000 kroner. Ho var hotellhusmor på Grand Hotel på Åndalsnes, og gifte seg med skysskaren Karl Johan Mjelva. Han var eldste son til Syver Andreas Engeset frå Stranda, og kona Susanne Marie Kjølås også frå Stranda.

Alt i 1890, året etter at vegen over fjellet vart opna, starta Inger Severine Vesterås med herberge i ei anleggsbrakke ved Djupvatnet. To år seinare vart eigedomen kjøpt av Lauritz Ugelvik frå Ålesund. Han hadde vore til sjøs i fleire år, kunne språk og fekk seg jobb som portier på Hotell Geiranger. Han la ned ein stor innsats for å få hotellprosjektet i drift, men så døydde han alt i 1898, og det vart enkja, Ane Ugelvik, fødd Velle frå Ørsta, som dreiv Djupvasshytta vidare.


Geiranger 1892 naustrekke.jpg

Geiranger 1892

I 1893 bygde Edvard Hole Hotell Utsikten Bellevue, og dreiv det fram til 1907, då den kjende hotellfamilien Dahl, tok over og moderniserte hotellet.

På vel ti år vart det altså etablert fem hotell i den vesle turistbygda som før vegen og hotella kom, knapt hadde sett ein einaste turist, og som til og med såg med skepsis på framandfolk. Eit så raskt hamskifte er det ikkje mange bygder som opplever, og hovudgrunnen til alt var bygginga av vegen over fjellet. Vegdirektør Hans Hagerup Krag som var med og tok initiativ til denne vegen, sa ved opninga at han trudde vegen ville bli til glede for bygda og turismen. Han skulle berre ha visst!

Med hotella vart turisme ein del av levebrødet, og dei måtte legge til rette for turisme. Med assistanse frå Turistforeninga og frå vegstyresmaktene vart det sett opp rekkverk på stup der folk ferdast, og det vart skote ut fjell bak Storseterfossen slik at folk lettare kunne gå under fossen. Knivsfossane var i starten berre 3-4, men med litt veiting vart dei sju, og fekk namnet Dei sju søstre. På andre sida av fjorden låg Geitelva, og det at han delte seg slik at det likna på ei flaske, gjorde det mogeleg å skape ei historie rundt namnet Friaren, han som fridde til dei sju søstrene, men fekk nei fordi han slo seg på flaska. Litt lenger ute kom ein tynn foss ned, og fekk namnet Brudesløret. Slik skapte dei fortellinga om Geirangerfjorden. Storytelling heiter det på fint, og er som marknadsføringsprinsipp i vinden som aldri før.

Cruiseskipa

Bilde 6-Geiranger-statistikk.jpg

I Geiranger førte dei dagbøker og registrerte talet på turistskip som kom. Det var anløp som vart registrert, mange av skipa kom fleire gongar kvar sommar, så det var ikkje nye skip som kom kvar gong. Imponerande er det likevel kor fort det «eksploderte» straks turistane oppdaga Geirangerfjorden.


Fjordane på Sunnmøre kom relativt seint med som reisemål for cruiseturisme. Det var Nord-Norge med midnattssola som lokka både båtane frå Bergenske og frå Nordenfjeldske. Og det var nordover dei reiste dei britiske turistane som frå 1860-åra kom med Thomas Wilson & Co sine ruteskip frå Hull. Skulle turistane inn i fjordane måtte dei bruke rutebåten frå kystbyane, men det var nok ikkje mange som reiste til Geiranger før det første hotellet kom i 1869, same året som dei første utanlandske turistane kom med eige skip til bygda. Damphjulbåten «Søndmør» var første rutebåten og første turen kom i slutten av januar i 1858. Ein tur i veka til og frå Ålesund.

Alt året før Geirangervegen vart opna, kom det i følgje den nøyaktig førde dagboka til Hans Hole 39 skip inn til fjordbygda. Det var turistskip, men same skipet kom nok fleire gongar. Det første turistskipet som gjesta Norge, var britiske S/Y «Ceylon» som kom til Bergen i 1885, og besøkte også Molde, men kom neppe til Geiranger før nokre år seinare. Då kom S/Y «Ceylon»  med rundt 200 passasjerar kvar fjortande dag i sesongen fram til sommaren 1907. Geiranger var første bygda i fjorden som fekk kai i 1887, men ho var lita og hadde knapt nok plass til rutebåten.


Bilde 7-DY Ceylon.jpg

Den britiske Damp-Yachten «Ceylon» blir rekna som det første cruiseskipet som kom til Norge i juni 1884. Det er usikkert om skipet kom inn til Geiranger så tidleg, men få år seinare vart det ein årviss gjest fleire gongar kvar sommar fram til 1907.


I 1892 auka talet av turistskip til Geiranger frå 41 året før til 72, og dette nivået var omtrent det vanlege resten av hundreåret. Geirangervegen og naturen og fjorden hadde skapt ein attraksjon. I følgje dagboka til Lars Gjørvad var det i 1904 heile 95 anløp av turistskip. 15 av dei var engelske som sto for i alt 38 anløp, 12 var tyske med 19 anløp, fire var franske med fire anløp, eitt finsk skip som kom til Geiranger to gongar den sommaren, eitt belgisk og eitt amerikansk turistskip kom også innom i 1904. I tillegg kom ruteskip frå Bergenske og Nordenfjeldske to gongar for veka til Geiranger. «Mira», «Vega», «Sigurd Jarl» og «Ragnvald Jarl» hadde normalt rundt 60 passasjerar som var med på desse turane. Alt i 1888 hadde  dei to reiarlaga starta ei turistrute frå Leith i Skottland til Trondheim via Bergen og Vestlandsfjordane.

Keisar Wilhelm II gjesta Geiranger i gjennomsnitt annakvart år frå 1890 og fram til 1908. Etter at han vart avsett som keisar og busette seg som privatperson i Nederland, kom han i 1920-åra på privat gjesting til Geiranger for å helse på gamle vener. Det var noko anna enn når han i 1908 kom som keisar og hadde med seg ein marineflåte med 900 mann om bord. Mange andre kongelege følgde i Keisar Wilhelm sine fotspor. Dronning Wilhelmina av Nederland var her fleire gongar. I 1904 kom den britiske dronninga, Alexandra, til Geiranger. Ho vart beden på gjestebod oppe på Vesterås og bydd norsk bondekost. Ho fotograferte og laga også ei bok frå opphaldet med bilde både frå Geiranger og av nedbrende Ålesund. Lite visste Alexandra at yngste dotter hennar, Maud, vel eitt år seinare skulle bli dronning i dette landet.  Den dåverande norsk-svenske kong Oscar II og den belgiske kong Leopold var også innom fjordbygda, og i 1906 kom Norges nye kongefamilie på signingsferd med kongeskipet D/S «Mira» til Geiranger.  Desse kjendisturistane var med å trekkje nye straumar med turistar til Geiranger og dei andre turistfjordane.

Dei første utanlandske turistskipa var eigentleg bygde som emigrantskip. Dei skulle frakte emigrantar til USA, og var dårleg utrusta med komfort. Dei hadde ikkje bad, hadde store felleslugarar, få toalett og nokre få vaskerom på deling. Det viste seg raskt at turistturane til Norge vart så populære at dei bygde nye og spesialtilpassa cruiseskip. S/Y (steam yacht) «St. Sunniva» var det første, og vart så populær at skipet måtte ta fem turar til Norge første sesongen i staden for den eine som var planlagt. I tillegg til S/Y «Ceylon» var også S/Y «Rognvald» og S/Y «Domino» på fleire årvisse turar til Geiranger alt før hundreårsskiftet. Også tyske turistar følgde keisaren, og tyske reiarlag, ikkje minst det mest kjende, HAPAG, hadde årvisse skip til Geiranger. Dei mest kjende var S/Y «Prinzessin Viktoria Luise» (1900) og S/Y «Auguste Victoria» (1889), og ikkje minst det gigantiske «Deutschland» med fire skorsteinar var ofte i Geiranger. I 1904 kom tyske D/S «Meteor» som var årviss fram til 1. verdskrig starta, då det vart ein pause i all turisttrafikk fram til rundt 1920. I 1919 vart «Meteor» teke som britisk krigsbytte, og i 1921 kjøpt av Bergenske skipet  til bruk som turistskip på cruise både i Norge og i utlandet. Dette vart ein suksess som resulterte i at Bergenske bestilte turistyachten «Stella Polaris» og Nordenfjeldske bestilte «Prins Olav». I 1925 starta Den norske Amerikalinje med sine turistreiser med «Bergensfjord» og «Stavangerfjord». Alle desse var innom Geiranger, og ikkje minst «Stella Polaris» var ein kjær gjest. Ikkje for ingenting er dette skipet blitt kalla verdas vakraste cruiseskip. 

Bilde 8- Stella Polaris.jpg

S/Y «Stella Polaris», ein fast sommargjest både i Geiranger og på Øye i mange år, er med rette blitt kalla verdas vakraste cruiseskip, og dette bildet pryder då også omslaget på den store og viktige historieboka om cruisefart til og frå Norge som den tidlegare direktøren ved Norsk Sjøfartsmuseum, Bård Kolltveit, har skrive.