HOHENZOLLERN-1.jpg

I 1894 hadde keisar Wilhelm II tatt i bruk den nye "Hohenzolleren" og reisa gjekk til Norge. 18. juli kom keisaren og skipet til Geiranger, der dei blir i fire dagar. Deretter var det nesten årvisse turar til desse fjordane fram til 1908. Unntaket var 1905, då Wilhelm ikkje ville utfordre svenskekongen som det året miste Norge.



Oslofjord.jpg

Gamle Oslofjord, nybygd i 1938, men fekk ikkje så mange turar til fjordane. Under krigen var det slutt med cruisefart, og som skip i alliert teneste vart skipet minesprengt utanfor Newcastle like før jul i 1940.



Stella Polaris passasjerer har vært på Flydalsjuvet.jpg
I bakgrunnen - "Meteor". "Meteor" vart bygd som tysk cruiseskip i 1904. I 1921 vart det kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab og det året var skipet i Geiranger. Så dette er enten frå 1921 - eller tidlegare?



Stella Polaris med tekst.jpg

S/Y «Stella Polaris», ein fast sommargjest både i Geiranger og på Øye i mange år, er med rette blitt kalla verdas vakraste cruiseskip, og dette bildet pryder då også omslaget på den store og viktige historieboka om cruisefart til og frå Norge som den tidlegare direktøren ved Norsk Sjøfartsmuseum, Bård Kolltveit, har skrive. 

"Stella Polaris", bygd i 1927 i Gøteborg for Bergenske Dampskibsselskab, modernisert  etter krigen, seld som hotellskip til Japan, sakk under slep for dokksetting i Shanghai 2006. 


D/S Mira1906 med kongefamilien i Geiranger.jpg

D/S "Mira" var til vanleg hurtigrute langs kysten, men vart kvitmåla og brukt som kongeskip i 1905-06, då den nye kongen vår reiste på signingsferd langs kysten. Inn til Geiranger kom dei også.


Caronia og Meteor.jpg

Cruiseskipet "Caronia" var lenge det største som gjekk i fjorden, og det var stor stas når ho passerte, På Stranda ropte dei "stordamp" når ho for forbi. M/S "Meteor" blir liten i samanlikning, men han var her ofte kvar sommar.



Viking-18.jpg

D/S "Vikimg" var ein stasleg båt som gjekk her nokså fast frå 1908 i regi av den polytekniske foreininga i London. 


SS Norway kom til Oslo 3. mai 1980.jpg

S/S "Norway", tidlegare S/S "France" med bilete av interiøret.


s-s Norway.jpg

S/S "Norway" vart norsk i 1979, og kom til Geiranger i 1984, Det kom 10.000 menneske for å sjå på skipet, og full trafikkork, men eit flott syn. Bilde frå boka om S/S "Norway" si ferd langs kysten, utgitt av Nordvest Forlag.


QElisabeth-2006.jpg

Queen Elisabeth II frå Cunard LIne, lenge sjølvaste stasskipet i fjordane på sommarstid. Dette besøker er frå 2006. I 40 år var skipet årvisst. No er visstnok den gamle kjempa i ferd med å ende sine dagar som cruiseskip, og Cunard har fått eit endå finare og endå større skip, "Queen Elisabeth III". Snart kjem nok også det hit til fjordane.


Nedanfor: M/S "Astor" og M/S "Raddison Diamond" i Geiranger 1998.

MS Astor og MS Radisson Diamond i Geiranger sommeren 1998.jpg
Royal Viking Sun-Ocean Majesty-Seaborne Pride.jpg


Royal Viking Sun, Ocean Majesty og Seaborne Pride sett frå Flydalsjuvet. Det er andre liner på dei moderne cruiseskipa, og målt mot Stella Polaris er det mange som meiner dei ikkje når opp. Og det ryk meir av dei.