De første turistene.jpg

Familien Backhouse og mannskapet på 13 på «Nereid» var nok dei første turistane som kom til Geiranger på eigen kjøl. Skipet har dei ankra opp, og kom inn til land med dampbåten dei brukte som følgjebåt. Denne hadde dampmaskin og vart brukt når det var vindstille, slik det var når dei kom inn gjennom Storfjorden. I denne dampbåten, som har namnet «Launcher», sit nokre frå mannskapet, mens det er Backhouse-familien som sit på steinen og står til høgre. Bak Meroks Hotell, ferdig i 1866. Dette er truleg det første bildet som er teke i Geiranger.


I første bandet av bygdeboka ”Sunnylven og Geiranger” frå 1949 skriv P.A. Lillebø at det første engelske fartøyet kom til Geiranger i 1869, og at det vart buksert av ein liten dampbåt. Passasjerane gjekk i land og delte ut nokre religiøse skrifter. Akkurat slik har historia vore fortalt i Geiranger, og no veit vi at det var akkurat slik det skjedde. 

Lenge har det vore jakta på kven desse første turistane kunne vere. Ein visste at dei var kvekarar. Hotelleigar Karl Mjelva fekk nye opplysningar frå ein britisk hotellgjest og søkte nye spor under eit besøk i England, men med nokså magert resultat. No har internett kome til og gjort leitinga lettare. Postkort og billedsamlaren Kåre Aasebø i Ålesund fann fram til bankieren og kvekaren Edward Backhouse, fødd i byen Darlington i grevskapet Durham i nordaust-England, men slo seg ned i byen Sunderland saman med far sin. Edward reiste langs norskekysten to gongar, i 1866 og i 1869. På denne siste turen reiste han nord til Molde, og han reiste også inn til Geiranger. Han og andre familiemedlemer som var med på turen tok mange fotografi, og Edward skreiv også dagbok og teikna både natur og planter på begge turane. I 1907 vart dagbøkene og anna dokumentasjon om Edward Backhouse sitt liv overført til Durham County Record Office, og der fekk Aasebø bestilt kopiar både frå dagboka og av bilde frå turen i 1869. Backhouse med følgje kom med skonnerten ”Nereid”, eit namn som tyder ”Havnymfe”, og på slep hadde dei med seg ein liten dampbåt som dei brukte som dels landgangsbåt, og dels til å slepe skonnerten med når vinden var vrang, slik det viste seg på turen inn Storfjorden. Heile vegen inn til Geiranger var ”Nereid” under slep, slik historia er blitt fortalt i Geiranger. 

Bilde 4-Geirangerartikkel (002).jpg

Inn Storfjorden var det vindstille, og «Nereid» slepte på ein liten dampbåt som vart brukt til å slepe seglbåten når det var vindstille. Edward Backhouse har teikna danpbåten i dagboka si.


Turen inn Storfjorden starta tysdag 7. juni 1869, og først i tretida natt til torsdag runda dei Lundaneset. I dagboka er Edward Backhouse overbegeistra over alle fossane innover Geirangerfjorden. Skonnerten passerer under det som seinare fekk namnet Brudesløret og ikkje minst går dei nær fjellet under Knivsfossane, det som vart Dei sju søstrene. Der måtte dei bruke paraplyar og regntøy for ikkje å bli våte. Edward Backhouse skriv at fossane inn fjorden var noko av det mest fantastiske han hadde sett, men fjord- og fjellgardane nemner han ikkje med eit ord. Torsdag 9. juni klokka 13.00 ankra dei opp i Geiranger, og mange innfødde kom roande ut for å sjå på skonnerten. Dei kunne fortelje at dei aldri før hadde sett eit engelsk skip i Geiranger. På bildet har mannskapet frakta Backhouse-familien inn til Merok om bord i landgangsbåten ”Launcher”. I bakgrunnen Meroks Hotell, bygd i 1866. Ved sida av mannskapet i landgangsbåten er det familiemedlemer Edward Backhouse her har teke bilde av. I tillegg er 10 vaksne og nokre barn frå Geiranger med i bakgrunnen. Dette er truleg det første bildet som er teke i Geiranger.

Dei første turistane var elles ikkje først og fremst turistar, men meir oppdagarar og opptekne av naturfenomen, botanikarar opptekne av planter, og etnografar opptekne av folk og folkedrakter og boforhold og kultur. I Geiranger vart dei av bøndene den første tida nærast sett på med forakt fordi dei ikkje gjorde noko nyttig anna enn å spasere rundt og snakka på eit språk dei ikkje forstod. Dei budde om bord i båten, men gjekk på land og delte ut Asbjørn Kloster sitt blad «Menneskevennen». På land fekk dei stilt opp nokre frå lokalbefolkninga til bilde. Dei var i Geiranger frå torsdag til laurdag, og gjekk tur opp langs elva og fossane.

Nokre geirangerfolk vart også inviterte om bord. Den raude topplua som Ellend Ellingson Hole hadde på seg, imponerte Backhouse. Det er døtrene og kona som er med. Ellend var 55 år då dette bildet vart tatt. Han kom opprinneleg frå Hole i Sunnylven og gifte seg til det som vart heitande Ellendgarden på Maråk. Han gjorde seg såpass forståeleg at engelskmennene skriv i dagboka at dei forstod at både lua og dei blå knebuksene hans var 33 år gamle, og at han brukte dei berre på sundagane. Det var med andre ord kyrkjeklede, og det var nok tilfelle også for draktene kvinnene hadde på seg. Også dei hadde hovudplagg, rundhuer. Hovudplagg var vanleg for kvinner den tida. Dei var alle alvorlege. Fotograferte hadde dei ikkje blitt tidlegare, og dei var skeptiske. Ikkje fekk dei sjå resultatet heller. Om kvelden før skonnerten «Nereid» skulle reise, kom fleire robåtar med rundt 60 geirangerfolk som song norske songar til stor glede for dei britiske turistane. Som takk vart 3-4 ungdomar inviterte om bord for å sjå yachten.


Bilde 3-Geiranger.jpg

Ein Geiranger-familie vart invitert om bord i «Nereid». Det var Ellend Ellingson Hole, kona hans og dei tre døtrene.