Keiser Wilhelm-UNION1904.jpg

På dette bildet sit den tyske keisar Wilhelm II til høgre. Han var på eitt av sine mange besøk i Geiranger. Bak står kusken, Lars Vinje, og hesten er Tamburen.



Keisar Wilhelm kom første gong til Geiranger i 1890, det andre året han reiste til Norge på ferie. Frå då av og i 25 år framover var han i Norge på ferie nesten kvart einaste år.11 gongar var han i Geiranger.  Keisarens nære ven, Fürst Philipp zu Eulenburg skreiv utførlege skildringar frå desse ferieturane. Den siste offisielle turen hans til Geiranger var i 1908, men i 1920-åra etter at Wilhelm var avsett som keisar og måtte busette seg som privatperson i Nederland, kom han på ei privat gjesting til Geiranger for å helse på gamle vener. Når han kom som keisar vart han gjerne verande i fleire dagar, og gjorde utflukter i terrenget. Keisaren kom med skipet sitt ”Hohenzolleren”, men hadde ofte også med seg eitt eller fleire krigsskip. På siste turen i 1908 hadde han såleis med seg ein heil marineflåte med 900 mann om bord inn til den vesle fjordbygda. Karl O. Grebstad som var både portier og skysskar på både Utsikten og Union, fortel i eit intervju i Sunnmørsposten at keisar Wilhelm var ein triveleg kar. Han bar alltid kappa si på venstre handa. Denne handa var veikare enn den andre, og dette handikapet som han var fødd med, plaga han heile livet, Grebstad fortel at han var med det keisarlege følgjet som vart frakta med 30-40 hestar opp til Djupvatnet. Med i bagasjen var også eit fat med tysk øl. Keisar Wilhelm II gjesta Geiranger i 1896, i 1899, i 1901, i 1904, i 1906 og i 1908. 

Men Wilhelm var ikkje den første til å oppdage fjorden og fjordbygda. I 1896, den 2. juli,  kom den norsk-svenske kongen Oscar II til Geiranger på skipet "Heimdal" og gjekk seg ein tur opp til Union Hotell som sto ferdig nokre år tidlegare. Han vart svært så kjøleg motteken midt under unionsstriden. Keisar Wilhelm II kom med skipet sitt "Hohenzolleren" til Geiranger dagen etter, og med eit følgje på fleire krigsskip. I 1897 kom kong Leopold av Belgia. I 1898 kom diktaren Bjørnstjerne Bjørnson på besøk. Han kom frå Øye og stoppa på Fivelstadhaugen. Han hadde med seg kona si, Karoline, og han Hellesylt.Magnus og han Hølsbakk-Ole rodde dei inn til Geiranger. Innafor Nokken fann dei to skysskarane at dei måtte rope Hurra for Bjørnson, og dei so gjorde. Bjørnson vart sitjande og lytte på ekkoet mellom fjella, og sa: "I eders sogn trengs ingen prester, for her taler naturen sitt mektige sprog"

Mange kongelege har feriert innover i desse fjordane. Den djupt religiøse dronning Wilhelmina av Nederland kjende seg nærare Guds skaparverk i Norge enn i noko anna land. Ho var i Geiranger fleire gongar, og det fortel litt om kva krav dei stilte når ho under eit besøk på Hjelle Hotell i Stryn  i 1954 kravde å bli oppvarta av den same serveringsdma som ho hadde då ho var der i 1924, altså 30 år tidlegare. Tilfeldigvis var den same serveringsdama i full sving framleis. Også den engelske dronning Alexandra var i Geiranger i 1904. Den svensk-norske kongen Oscar II var der i 1896 og Kongen av Siam var i Geiranger i 1907, og kong Haakon  gjesta Geiranger både i 1906 og fleire gongar seinare. I nyare tid har det også blitt mange kongelege besøk i fjordbygda.Dronning Wilhelmina av Nederland og dottera, dåverande prinsesse, seinare dronning Juliana kom med eit stort følgje i 1922. Dei kom først til Hellesylt og gjekk over Flofjellet. Den franske enkjedronninga Eugenie var her i 1899, kong Kristian X av Danmark i 1906, kongen av Siam i 1907. Også kong Alphons av Spania, Viktor Emanuel av Italia var i Geiranger fleire gongar

Dronning Sonja har vore mykje i dette fjordlandskapet, har overnatta på fleire av fjord- og fjellgardane, og har skrive bok om det i samarbeid med kunstnaren Ørnulf Opdahl. Eit høgdepunkt var sølvbryllaupsfeiringa til kongeparet i 1993 som var lagt opp som eit cruise i det nordvestlandske fjordlandskapet. "Silvercruise" kalla dei ferda, og både det norske og det danske kongeskipet deltok på ferda inn til Geiranger. Der gjekk heile det kongelege og fyrstelege følgjet med representantar frå dei fleste kongehus i Europa, opp til fjellgarden Skageflå. Dei som kvidde seg for den bratte råsa, vart frakta med helikopter, og oppe på Skageflå hadde kokkar frå Union Hotell stelt til eit overdådig lunsjbord, og dei kongelege fekk setje seg ved bord med utsikt mot Dei sju søstre og fjorden. Knut Buen, Arve Tellefsen  spelte og Linda Øvrebø song. Fleire kjendisar har neppe vore i Geiranger på ein gong.


De sju søstre kongeskipet hurtigruta.JPG

Geirangerfjorden, Kongeskipet, Hurtigruta og Dei sju søstre.
På hylla til høgre ligg fjellgarden Knivsflå. På andre sida av fjorden ligg Skageflå. Der var dei fleste kongehusa i Europa samla som ein del av Kongeparet si sølvbryllupsfeiring i 1993.


europas kongehus.png

Kongelege frå heile Europa samla til lunsj på Skageflå under kongeparets sylvbryllaupsfeiring, Silvercruise, i 1993.