Viking-farge.JPG

30 meter inn i sandfjøra på Meråk rende D/S "The Viking" seg, og sto blegg fast.


Det staselige dampskipet ”The Viking” vart bygd i 1882. Båten var bygd som passasjerskip for rutefart mellom Storbritannia og Sør-Afrika, men vart etter at Polytechnic Touring Association overtok skipet i 1908 sett inn i turisttrafikk m.a. langs norskekysten. Ein av dei faste stoppestadane i Norge var Geiranger, men fleire gongar stoppa båten også i Ålesund. Det skjedde også onsdag 16. juni i 1910, då passasjerane fikk seg ein rundtur inn til Borgundgavlen. Klokka 08.00 dagen etter kom ”The Viking” inn til Merok i Geiranger, og i det skipet nærma seg land, ga kapteinen ordre om full fart akterover, men vedkomande som hadde vakt i maskinrommet slo i staden full fart forover. Nokre meter frå land er det ein fatal feil, og det digre skipet rende med full fart inn i fjøra like sør for det som i dag er gamleskulen i Geiranger. Heldigvis var det sandgrunn der skipet gjekk på land. I Sunnmørsposten dagen etter sto det at ”The Viking” hadde trengt inn i sandbanken ved fjøra i ei lengde på over 100 fot. Det vil seie at skipet hadde pløgd seg over 30 meter inn i stranda, og laga ei grøft som var 3-4 meter brei. Støa akkurat her vart etterpå heitande Vikingstøa.

Det strøymde sjølvsagt til med folk for å berge det som bergast kunne, men det viste seg at det digre skipet hadde køyrt seg så fast inn i stranda at det vart ståande. Bortsett frå sjokket ved bråstansen, var det ingen av passasjerane som vart skadde. ”The Viking” hadde ingen sjanse til å kome seg laus med eiga hjelp, og bergingsbåtar vart tilkalt. Bergingsselskapet Ludv. Fladmark A/S i Ålesund sende to av sine båtar innover, og dei drog med seg kvar sin lekter som skulle brukast til å pumpe sand oppi. Store anker vart lagt ut for å hindre at skipet kantra når sanden rundt det vart pumpa vekk. Dette arbeidet tok mange dagar, og imens gjorde geirangerfolk kva dei kunne for å halde passasjerane i aktivitet. Tur til Djupvasshytta vart arrangert, og det vart laga turar med dampskipet Jotunheim både til Hellesylt og Fivelstadhaugen, og med dampskipet ”Aalesund” til Tafjord og Ålesund, slik at desse passasjerane verkeleg fekk sett seg omkring. Laurdag 19. juni vart det gjort eit forsøk med dampskipet ”Jotunheim” på å trekke ”The Viking” av grunnen, men det resulterte i ein øydelagt pullert og ei trosse som slitna. Først mandag 21. juni, ved flo sjø om kvelden, lykkast det dei to bergingsbåtane til Fladmark saman med hurtigruteskipet ”Haakon VII” og reisandebåten ”Conrad Langaard” å drage ”The Viking” av grunnen. Då gjekk det lett og det viste seg at båten ikkje hadde fått nokon skade. Jubelen var stor både blant den store folkemengda på land og blant turistane som var om bord i båten. Neste dag gjekk ”The Viking” frå Geiranger, og i takksemd sende reiarlaget ei gåve til geirangerfolket, eit altersett som framleis finst i bygda. Reiarlaget trykte også opp postkort med bilde av den grunnstøytte turistdamparen, og dette bildet er henta frå eitt av desse korta. Det eine ankeret frå ”The Viking” var for tungt til at dei greidde å få det om bord att, og det vart ståaande i fjøra i Geiranger. Under første verdenskrig vart folket i Geiranger bydd mykje pengar for ankeret, for jarnet hadde då høg verdi, men geirangerfolket ville ikkje selje. Ankeret skulle vere eit monument over denne grunnstøytinga, og slik står det i strandkanten den dag i dag.  

Geirangeranker.JPG

Dette ankeret er den einaste suveniren som er att i Geiranger etter grunnstøtinga.