Her kjem skuta. Femten årepar, seksti sterke armar driv ho fram. Ungdommane frå Sæbø idrettslag forsterka med tre kraftkarar frå Sykkylven sit på toftene.

22 07 07 Dronningen 2.jpg

"Dronningen" på veg inn Hjørundfjorden. Foto: Per Arne Grebstad

Det er Tokyo Broadcasting Company (TBC) som spelar inn ein feature-serie med tittelen «Nordmenns utferdstrang». Ein av episodane blir teken opp i Hjørundfjorden med «Saga Siglar» og «Dronningen» i hovudrollene.

8Eg, fostra opp på den knusktørre Aurefløten og som bur i eit klyngetun, mønstrar på «Saga Siglar» som lettmatros. Eg stig over ripa og Norges svar på Jules Verne, Ragnar Torseth, tar i mot meg med påtale om at eg stiller med mangelfull niste for langferd. «Kome heilt innja Sykkylva og ikkje ha med seg konnjøl», var velkomstorda.  Det var tydeleg at han kunne sin Hans Strøm. Han skriv om korntørkinga i Terringsbakkane. Dei kunne brygge juleøl av kornet som dei hadde hausta same hausten. Dette var Sunnmøre sitt kornkammer på 1700-talet.

22 07 07 Dronningen.jpg

Pause i roinga. Foto: Per Arne Grebstad

Fotografane hadde små gummibåtar, store kamera og endå større påhengsmotorar. Dei hoppa rundt på bølgene som syntetiske sjølopper.

Luftfotograferinga var suveren. Det gjorde eit sterkt inntrykk når dei kom inn over Jostedalsbreen i stor høgd og gjekk ned mot dei to båtane i fjorden, til tonane frå Grieg si Holbergsuite med London symfoniorkester.

Vakrare samspel opplever eg ikkje enn mellom norsk natur og Grieg sin musikk. Den vesle skjørtejægaren som i unge år gjekk frå sæter til sæter i Jotunheimen.

Det var i 1987, trur eg, at TBC tok opp denne serien. Ordføraren i Ørsta dukka opp i lys sommardress med Deep River Boys. Dei song om bord «Dronningen», og Al Bishop tryna på ei tofte.

22 07 07 Saga Siglar.jpg

Ikkje berre eit vikingskip på fjorden denne dagen i 1987. "Dronningen" hadde selskap av "Saga Siglar". Foto: Per Arne Grebstad


I 1972 spela BBC og NRK inn ein kriminalkomedie (The Case) med Cliff Richard i hovudrolla. Ørstaripsen hadde mobilisert og dominerte publikum.

Hjørundfjorden blir av enkelte kalla filmfjorden. Det er ikkje i kvar bygd ein risikerer å møte Scarlet Johnson i kolonialbutikken. Og kassaapparatet durar som ein plenklippar i sommarkvelden.

I 2003 laga NRK ein film om hesteferda til Romsdal Marknad. Grunnlaget for filmen, som vart vist i fjernsynet julekvelden same året, var Ragnar Standal sine bøker om «Vegar før vegar var». Under opptaka stod eg i første parkett saman med Ragnar og pleiarar frå Hjørundfjordheimen. Ei gripande oppleving. 

07.07.2022