Fyrst vil vi prøve å definere kva skilnad det var på ei jekt og ei jakt.

Jekt

Hovudtrekket ved ei jekt var ein rett, nærast bein, høg stamn. Størrelsen på sjølve skutene kunne variere sterkt, frå dei minste, som vart kalla ”tendring”, desse kunne ha ei lasteevne på 2 til 6 kommerslester. Sjå under.

Saxe Bjørkedal oppgir at dei fleste jektene var 13 til 17 meter lange, breidda kunne vere frå 5 til 8 meter, og lasteevna var på 10 – 30 lester (= x 2.08 tonn). Med andre ord var jektene lasteskip og lite eigna til skarp sigling. Ved fleire høve er det nemnt at jektene låg og venta på lagleg bør, og ein tur til t.d. Trondheim kunne ta fleire veker. Sidan jektene hadde berre eitt årepar, var det seglet som stod for framdrifta. Saxe har på sine modellar laga eit spel framme på taket av den vesle ”kahytta” i baugen, dette var nok mest til forhaling eller for å halde båten på plass i forhold til krabben (ankeret). I tillegg hadde dei gjerne eit mindre anker (varpjernet) som vart nytta dersom jekta skulle forhalast berre ein ”mole”.  Elles vil eg tru at begge ankera vart nytta dersom jekta skulle ligge trygt  om vêret ikkje var det beste.

21 09 02 15 Krabbe farge.jpg

Storbåtkrabbe. Sunnmøre Museum.

Mannskapet på ei jekt kunne vere på 8-10 mann alt etter storleiken på skuta.  Desse måtte nok dele på skinnfellane og lusa i kahytta i baugen. Her skal det òg ha vore ein eldstad for varming av mat m.m. Skipperen derimot hadde tilhald i vengen, eit opplyft på den tverre bakenden av skuta. Denne kunne ofte vere todelt dersom dei skulle frakte passasjerar. Her kunne det òg vere 2 – 4 mindre vindauge. Vengen kunne variere mykje i både størrelse og innreiing.

Jekta var frå gamalt av rigga med råsegl, som var eit tverrstilt, høgt segl som hang i ei rå. Råa er ein tverrstilt bom, som kan heisast opp og ned på masta. ”Rakkjen” var ein ring av dreia trekuler, denne kunne firast opp og ned på masta og  var den som styrte råa i tillegg til eit heller komplisert opplegg av tauverk, som det gjerne kravde fleire mann for å nytte /styre. Ser vi nærare på kopiane av vikingskipa, er riggen mykje lik. Enkelte jekter hadde i tillegg eit toppsegl, desse vart ut ifrå dette kalla ”toppjekter”. Råseglet på jekta ”Anna Olava” av Herøy er på 70 kvm. og mastehøgda 12,5 m. Andre jekter kunne ha segl på opp til 210 kvm., og toppsegl på 70 kvm. I den samanheng er der nemnt ei mastehøgd på 29 m og med ein rotdiameter på 0,8 m.

Arne Emil Christensen jr. attgjev skisse av råsegl og asymmetrisk råsegl, brukt på Sunnmøre. Denne siste segltypen skulle vere så vanleg her i distriktet, og også på søre Nordmøre og i Nordfjord, at dette vart kalla ”sunnmørssegl”.

21 09 02 Fjørefar_teikna_av_Hans_Strøm.jpg

Hans Strøm: sunnmørsbåt med asymmetrisk råsegl

Detaljar om både byggjetekniske ting og seglføring er nok svært vanskeleg å ha bastante meiningar om i dag. I boka Draken Harald Hårfagre  skriv forfattaren Arne-Terje Sæther òg om kor lite sikkert det er det ein i dag veit om slikt. Dette gjeld eit vikingskip, men mykje ved riggen er likevel svært likt den på jektene. Det som er heilt sikkert, er at dei enkelte distrikta hadde sine lokale variasjonar, fyrst og fremst i byggjemåten. Så  hardanger -, nordfjord -, eller sunnmørsjekter  var neppe heilt like, men det var dei nok ikkje skipsbyggjarane heller.

Jektene er sannsynlegvis ein svært gamal båttype, som kanskje har erstatta vikingane sine knarrar. Bjørn Tore Pedersen er av same meining, han seier at etter vikingtida og opp gjennom mellomalderen var det knarren og ”byrdingen” som var fraktefartøya. Det vert hevda av fleire at ”byrdingen” var ein mellomting mellom knarren og jektene.

Ingen veit i dag noko sikkert om korleis ”byrdingen” såg ut, og stiller spørsmålet om denne var spiss i begge endar, eller?

På kalkmaleri frå Højby kyrkje i Danmark frå 1300-talet og Trondenes kyrkje ved Harstad frå 1600-talet finn vi bilete av jekteliknande skuter. Ei glasrute ved Historisk Museum i Bergen frå 1607 viser jekt og jektefarar i god stemning! Ordet jekt har vore i bruk frå 1500-talet og i Hardanger vert dette tyda som ”snøggsiglar”. (Bjørn Tore Pedersen).

For meg ser det ut til at der har vore jekter i alle bygder frå Dyrkorn og innover. Eit år er det nemnt heile 40 stykker, men om dette er registrerte turar innom toll er vanskeleg å vite. Det kan sjå ut for at det var ein del  strid mellom ”bondejekter” og ”borgarjekter”. Men dette vil eg la ligge her.

21 09 03 Jekteskruer frå Eidsdal  Foto Lars I Ytterdal.jpeg

Jekteskruar frå Eidsdal.  Foto Lars I. Ytterdal

Mange av kjeldene nyttar jekt/jakt om einannan, men slik det ser ut for meg, var det seglføringa som bestemte namnet, så ut ifrå dette har eg nytta  jekt om skuter som førde råsegl, desse kunne òg ha eit toppsegl. Kanskje er då asymmetrisk råsegl ein del av overgangen til latinersegl. Desse er nemnde under avsnittet om jakter.

At sunnmørske båtbyggjarar var kjent, skjønar vi når vi ser kva Peder Clausson Friis (1545 – 1614) skriv: ”Paa Sundmøre bygger man de skiønne Sundmørsbaade”.  Sjølv danskekongen bestilte i si tid to båtar her.

Den fylgjande oversikten er frå lister utarbeidde av Knut Måseide, og ein del er henta frå Norddal bygdebok.

I liste over skipsskatten på Sunnmør frå 1563 er der registrert 34 jekteeigarar på Sunnmøre, her finn vi:

Oluff po Enngesetter schipper oc styremand.

Bergen 1634 – 37. Her er eigarar og jekteførarar nemnde frå det indre av Storfjorden: Knut Rødset, Peder Dale, Oluf Hjelle, Simen Uri, Bertil Hatlestad, Jon Lingås, Ole Torsen Dale, Tor Ellingsen Omenås, Sevald ”Seder” Omenås.

I Norddal bygdebok står det at i 1655 var der tre jekter i Norddal (og då snakkar vi om Norddal kommune), og på desse var Tormod Hauge, Peder Ytterdal og Laurits Årset styrmenn, med eit samla mannskap på 21.

1739. Jekteeigar Ingebrigt Vigen og Rasmus Muri måtte skatte for jektene sine.

1747. Jekter frå Norddal:

10 lester, Peder Ytredal.

10 lester, Lars Matisson Muri/Peder Sakkariasson.

  6 lester,  Rasmus Arneson Muri.

1764.

14 lester, Lars Muri.

13 lester, Peder Berdal /  Steffen Lingås.

1790.

”Svanen”, 24 lester, selt frå Lars Ytredal til sonen Peder.

1806 /1809

”Anne Kristine”, 6,5 lester, Arne Arneson Muri.

”Elisabeth Margrete”, 7 lester, Ole Monsson Høyhjelle/Ingebrigt Muri.

I Norddal er det i 1844 nemnd 7 jekter på frå 6 til 19 lester, noko som svarer til mellom 12,5 og 40 registertonn.

Desse ber namna: ”Haabet”, ”Den vandrende Lykke”,  ”Anne Marie Nicoline”,  ”Fuglens Rede” n. 1831 reder Peder Gjerde. ”Fuglens Rede” n. 1845 med fører K. Waldahalie. ”Prøven”. ”Anna Martine” n. 1840. Fører M. Walldhal. ”De 3de Brødre af Nordalen”, og ”Nille Helene”.

I Sunnmøre sorenskrivarembete sin tingprotokoll har L.R. Bjørlykke funne desse nemnd: ”Haabet” eigar Tosten N. Lied. Jakta ”Faalungen” nemnt i 1840 og jekta ”Ørnen” verd 200 spd. Dette siste er kanskje ved eit eigarskifte.

Slik kan ein fortsette å ramse opp, og namna på eigarane viser at desse hadde tilknyting  til indre Storfjorden. Alt i alt viser dette at her var stor aktivitet med handel og skipsfart.

21 09 03 Jektekøyla Vikja.jpg

 Jektekøyla i Vikja. Her var det i si tid bygd 13 jekter.  Sjå meir om dette i Nøysemd 3. Frå fjøre til fjells og heilt til Natal. Art Jektebygging i Vikja. Bjørlykke Forlag 2014.

Arne E. Christensen. jr. fortel at lastekapasitet på skip frå gamalt vert målt i kommerselester. 1 kommerselest er vel 2 tonn. Etter 1851 var ein kommerselest sett til 2,08 registertonn = 5,89 m³. Her var det variasjonar frå land til land, og kanskje frå distrikt til distrikt.

Desse gamle båtane vart mælt etter ripa med eit alnemål: Ei sjølands-alen eller båtalen = 21 ” = ca. 55 cm.

Både jekter og jakter hadde ofte lasteevna oppgitt i så og så mange tynner (standard sildetynner). Dette var eit gamalt holmål, og ei tynne var rekna for å vere 115,81 liter. Målt i sild var det 520 sildar om dei var stampa. Ca. 367 ustampa.   Tynnene var i mange storleikar: 1/1, 3/4, 1/2, 1/3, 1/8, 1/16 , 1/32 og sikkert fleire variantar.    For turre varer var ei tynne korn 138,97 liter. Ei tynne poteter er 100 kg. Desse tala finn ein på Wikipedia, men det er mange lokale variasjonar.

M.a. skriv Bjørn Tore Pedersen (B.T.P.) i boka: ”Jekta. Eventyrets farkost”. Jekta ble delt i tre størrelser: Småjekt, som lastet frå 200 til 400 tønner; mellomjekta, som kunne laste fra 400 til 700 tønner; og storjekta, som vanligvis hadde en lasteevne på 1000 tønner. Enkelte ganger ble det bygget jekter på hele 1600 tønner. Grovt omregnet gikk det seks tønner dødvekt på tonnet”.

Dette siste handlar om nordlandsjekter, men ein del av dette er  sikkert mykje likt med sunnmørsjektene, om ikkje dei aller største.

Elles nemner Pedersen: ”I 1728 forliste ei jekt fra Sunnmøre utenfor Stad. Tre omkom og tolv ble berget”.

21 09 03 Ballaststein og grov kjetting frå Stordalsholmen..jpg

Ballaststein og grov kjetting frå Stordalsholmen. Foto: Eystein Hjelme

I overgangstida mellom jekt og jakt, var der ei type jekt som vart kalla jektegaleas. Dette var ei råsegljekt, som hadde ei ekstra mast bak på skuta. (B.T.P.) Om denne typen  var registrert her i distriktet, veit eg ikkje, men den er avbilda på eit maleri frå 1886 av Fredrik Sørvig.

 

Jakt

Jakta hadde ein baug som var litt meir skrå framover, og han var lågare sidan han skulle gi plass for klyverbommen. Jaktene var ofte større og hadde ”rom” for mannskapet under dekk, sjølv om det neppe var noko luksusliv dei måtte freiste! Jaktene hadde framleis berre ei mast (ein galeas hadde ofte to). Jaktesegla var plasserte på langs etter båten og verkar langt meir kompliserte enn jektesegla for den som ikkje har greie på slikt, men skulle vere lettare å handtere for eit mindre mannskap. T.d. hadde ”Embla”, ei hardangerjakt bygd på Hamnes ved Surnadalsfjorden i 1893, denne seglføringa (rekna attanfrå): storsegl, gaffelsegl, skværsegl, (brei)fokk, klyver og jagar. 

 

…………………………………

……………….

….

Kva veit  vi vidare om jekter og namn som kan ha tilknyting til jektetrafikken i bygdene her på indre? Det er eit omfattande manus på om lag 60 A4 sider. Her har eg prøvd å samle alt stoff frå dei ulike bygdene i Storfjorden, som Tafjord, Fjørå, Valldal og ut til og med Skodje, og vidare Hellesylt/Geiranger og til Sæbø i Hjørundfjorden. Dessutan er der med eit avsnitt om båtbygging i Bjørkedalen, og litt om omfanget av jektehandelen.

Alt er ”ført i pennen” av underskrivne som òg er fotograf.

Eystein Hjelme.

01.09.2021