Det første flytande hotellet som fann vegen til Geiranger og dei andre fjordane på Vestlandet  skjedde truleg i 1884, då Noreg vart vitja for første gong av det britiske turistskipet «Ceylon», som deretter vart ein årviss sommargjest like til 1907. «Ceylon» fekk snøgt fylgje av fleire flytande hotell frå Storbritannia – dei fleste var eldre, uttente passasjerskip som på denne måten fekk eit «nytt liv».

Bergenske og Nordenfjeldske Dampskibsselskab blir rekna som pionerane i historia om cruisefart under norsk flagg. Dei første turane hadde Nordkapp og midnattssola som mål, men opplegget for Englandsruta Trondheim – Bergen – Newcastle som kom i gang i 1890, var at om sommaren var Vestlandsfjordane ein del av ruteopplegget. Skipa var kvitmåla, og vart i fargerike brosjyrar omtalte som «Steam yachts». I tillegg til dei ordinære rutene hadde selskapa, som nytta initialane  B & N Line (eit norsk motstykke til det britiske P & O) som reklame, særskilde cruisetilbod.

BK bilde plakat.jpg

Brosjyre for B & N Line (Bergenske og Nordenfjeldske) 1912. Bård Kolltveit si samling.

Frå 1890-åra og utover møtte dei britiske (og norske) selskapa aukande konkurranse frå Tyskland, etter at keisar Wilhelm II kom til Noreg for første gong i 1889 og deretter vart ein årviss gjest (med unntak av 1905) til og med sommaren 1914. Hamburg-Amerikalinja, best kjent med intialane HAPAG, gjekk i bresjen med spesialbygde flytande hotell som «Prinzessin Victoria Luise» og «Meteor», bygd i 1901 og 1904. Begge var stadig å sjå i Storfjorden Ved utbrotet av første verdskrig i 1914 hadde britane og tyskarane fått fylgje av skip frå andre europeiske land og jamvel frå USA. Hovudattraksjonane var stort sett dei same som i våre dagar – Vestlandsfjordane, Lofoten, Nordkapp, midnattssola og Spitsbergen.

BK bilde Mira.jpg

Mira i Geiranger. Bård Kolltveit si samling.

Verdskrigen gjorde ein brå slutt på all cruisefart, men alt i 1921 var dei første flytande hotella tilbake. Bergenske kjøpte «Meteor» som Storbritannia hadde teke frå Tyskland, og som no vart ein like årviss sommargjest under norsk som før under tysk flagg. Med «Meteor» starta Bergenske heilårs internasjonal cruisefart – i norske farvatn om sommaren, i Middelhavet om vinteren. I 1927 gjekk selskapet eit steg vidare med «Stella Polaris» - eit av dei mest legendariske av alle flytande hotell, både i samtida og i cruisehistoria. «Stella Polaris» fann vegen til alle  himmelstrok, frå polarisen til tropiske palmeøyar. Nordenfjeldske gjorde ein stor, men mindre vellukka freistnad på comeback i cruisefart i 1925 med «Prins Olav», ein tidlegare britisk kongeyacht som vart altfor dyr i drift og som i 1937 vart omgjort til eit moderne hurtigruteskip.

BK bilde Meteor

Meteor i Geiranger. Bård Kolltveit si samling.

Sviktande tal over Atlanterhavet gjorde at Den norske Amerikalinje tok til med cruisefart i 1920-åra, både med norske og amerikanske turistar. «Stavangerfjord» og «Bergensfjord» var ikkje bygde for slik fart, men gjorde god teneste, og med «Oslofjord» i 1938 hadde selskapet fått eit skip som stetta alle krav til eit moderne flytande hotell.

Både britiske og tyske turistskip og turistar var tilbake alt tidleg på 1920-talet, og snart fylgde andre land etter: Nederland, Belgia, Frankrike, Sverige o.fl. Også for desse var cruisefart eit alternativ til opplag i nedgangstider for vanleg skipsfart. Det galdt mange av dei største og flottaste skip i Atlanterhavsfart. Om skipa vart større og meir komfortable så var reisemåla, ikkje minst dei ved Storfjorden, dei same som før. Derimot vart tilboda meir allsidige og meir tilgjengelege for fleire, som t.d. billegturane med «Monte-skipa» til Hamburg-Süd, emigrantskip med plass for mange passasjerar og rimelege billettprisar.

Ein ny verdskrig sette kroken på døra og ei karrig etterkrigstid gjorde at først i 1950-åra vart dei flytande hotella atter vart eit vanleg syn i norske farvatn. Eit unntak var «Stella Polaris» som var tilbake alt i 1948,  fylgd av «Caronia» - «den grøne gudinna» - i 1951. Med unntak av dei nye «Meteor» (1955),  «Oslofjord» (1949), «Bergensfjord» (1956) og «Sagafjord» (1965) – og «Brand-båtane» til sunnmøringen Bernt Fauske - var dei fleste flytande  hotella framleis av utanlandsk opphav. Det såkalla norske «cruiseventyret» frå 1970 og utover hadde sitt opphav i Karibia, men inspirerte tradisjonelle norske cruise-selskap som Bergenske og Nordenfjeldske til ein «ny giv» i form av Royal Viking Line, og som i dei siste åra har fått ein slags «renessanse» med Torstein Hagens Viking Ocean Cruises, der stadig fleire «Viking Star», «Sky», «Sea» o.fl. er å sjå i Storfjorden kvar sommar. Til skilnad frå Fred. Olsen og andre cruise-operatørar med norsk tilknyting fører «Viking-skipa» norsk flagg, og dei aller nyaste, ekspedisjonsskipa "Viking Polaris» og «Viking Octantis», er jamvel lokale Sunnmørsprodukt, til liks med fleire liknande skip bygd for utanlandske operatørar.

BK bilde Royal Viking Sun.jpg

Royal Viking Sun og Seabourn Pride i Geiranger. Bård Kolltveit si samling.

Etter kvart har også dei norske cruise-reiarlaga i Karibia funne vegen tilbake til «heimlandet», som då «Norway» - verdas største passasjerskip den gongen - gjesta Noreg sommaren 1984. Geiranger stod sjølvsagt på programmet, noko som ikkje gjekk upåakta, korkje blant dei lokale eller folk flest. Tilstrøyminga var ikkje mindre tjue år seinare, då den tids største passasjerskip, «Queen Mary 2», glei innover mot Meråk i juli 2004, omkransa av flaggprydde bilferjer og eit utal lystbåtar, parallelt med trafikk-kork på alle vegar som førte til Geiranger.

Til skilnad frå krutrøyken frå Grande som helsa «QM2» og andre nykomne flytande hotell velkomne til Geiranger, er røykskyene som i dag legg seg mellom fjellsidene frå dagsens turistskip, mange av dei større enn «Norway» og «QM2», truleg det synlegaste varsel om andre og større utfordringar for den framtidige cruisefarten. På grunn av forureining har Venezia stengt lagunen for store cruiseskip, og om eit par år vil døra til Geiranger vera stengd for dei av våre dagars flytande hotell som ikkje stettar nye og strenge miljøkrav. Men trass i trugsmål om boikott, vil Storfjorden og dei andre Vestlandsfjordane også bli gjesta av meir miljøvenlege flytande hotell også i framtida, slik dei har vore gjennom halvtanna hundre år.

18.11.2022