Overlandturar vart tidleg lagt inn i programmet for cruisepassasjerane. Ein av pionerane som vognmann for turistane opp Romsdalen var Arne Mjelva, som og blei tilsett som agent for Cooks Bureau. Konkurrenten Romsdal skyssforeining vart stifta i 1891 og hadde snart 100 hestar i drift. I 1902 kom også Romsdals Vognmanns Co. i gang med 23 hestar. Automobilane nådde også til Romsdal, der dei vart sett i turistdrift første gang i 1909.

Også lenger sør på Nordvestlandet vart overlandtrafikken populær. Det var først frå 1899 ein kom i gang med overlandsturar frå Øye  i Hjørundfjorden til Hellesylt. Nokre få tok den lange turen Øye – Grodås – Stryn – Hellesylt, mellom dei passasjerane frå «Stella Polaris» i dei første åra. Seinare gjekk turane frå Øye over Grodås – Stryn og til Marok i Geiranger eller frå Visnes i Nordfjord over Grotli til Marok. B.D.S. sine båtar hadde fram til krigen 326 anløp av Geiranger og 407 til Øye. Frå Øye køyrde passasjerane anten til Hellesylt eller Geiranger.

Stella Polaris med tekst.jpg

"Stella Polaris" bygd for Det Bergenske Dampskibsselskap i 1926 og ein fast sommargjest både i Geiranger og på Øye i mange år.  "Stella Polaris" er med rette blitt kalla verdas vakraste cruiseskip. Skipet var i drift som cruiseskip  heilt til 1969. 


Gjennom mange år gjekk overlandtrafikken med hest og kjerre. For oss i dag kan vel dette synast romantisk, men vegane var ikkje av dei beste , og gleda kan vel ha vore så som så for dei siste i støvskya frå ein kortesje på hundre eller fleire stolkjerrer. For ikkje å nemne problema i regn og søle i vestlandsk sommar ver. Då triller og kalesjevogner for alvor kom i bruk rundt hundreårskiftet, kunne dei som hadde råd til det reise litt meir komfortabelt.

Utanom hotella og skysstasjonane var det fleire som kjøpte seg hestar om våren og dreiv berre med turistskyss om sommaren. Alt frå 1894 prøvde heradsstyret i Sunnylven å få dette inn i ordna former for Hellesylt og Marok. Frå 1906 vart det kravd løyve frå futen for å drive hesteskyss.

Frå 1910 kunne ein sjå ein og annan bil i fjordane, men ikkje mange fekk køyreløyve dei første åra. Det var til og med kongeleg forbod mot bilkøyring gjennom Norangsdalen i lang tid. Vegen var for dårleg. I Geiranger var det særleg hotelleigar Karl Mjelva og broren Sivert som såg framtidsutsiktene. Saman med Bertel O. Steen i Oslo fekk dei Opelfabrikken til å lage spesialbilar som høvde til forholda. Tre chassis vart tinga og karosseria vart bygd ved Mjelva sin verkstad i Geiranger.

Frå 1913 tok bilane stort sett over turistkøyringa over fjellet til Stryn eller Otta. Frå 1920 tok det nystarta interkommunale billaget Ottadalen-Geiranger-Stryn over for dei private billaga, hotella og andre. Fram mot andre verdskrig hadde laget om lag 30 bilar, mellom dei 6-7 bussar med opptil 24 sitjeplassar kvar.

Geiranger skysslag vart starta i 1907, og trafikken auka raskt. I 1910 var 36 hesteeigarar med, mange med fleire hestar. Sjølv om ein ofte gjorde to turar til Djupevatnet, vart kapasiteten for liten og forsterkingar frå Eidsdal måtte kallast inn. Trafikken fekk naturleg nok ein stopp under første verdskrig, men tok seg opp att frå 1921. Snart gjekk Geiranger skysslag over til automobilar.

Bilene klare i Geiranger 1937.jpg

Etter første verdskrig og utover i 1920-åra tok bilane over all turistkøyring på land. Ikkje minst dei opne bilane som dei tidlegare hesteeigarane i Geiranger gjekk saman om å kjøpe, var populære blant turistane. Her frå 1930-talet.




04.05.2022