HJULBAATENdsSØNDMØR.jpg
Det einaste bildet vi har av hjulbåten "Søndmør" som starta rutedrift på Storfjorden i 1857, men gjekk konkurs 10 år seinare.


Merkeår for samferdsla på og langs fjorden

NORDALSFJORD1914til1955.jpg

D/S "Nordalsfjord", populært kalla Silkemusa" fordi salongane var så fine, prega av plysj og silke.

1787

Samanhengande postrute Bergen-Trondheim kvar veke frå Hellesylt, over Ljøbrekka til Stranda, så med robåt til Amdam og over fjellet til Vestnes.

1808

Hellesylt postopneri i drift

1814

Slyngstad postopneri i Stranden etablert

1825

Ved kgl,res. 6. september vart postvegen klassifisert som hovudveg

1846

Fullført kløvveg frå Veiberg i Ytterdal opp til Kleiva og vidare til Heimre-Eide

1857

16/12. Hjulbåten D/S «Søndmør» starta rute på fjorden to gongar for veka til og frå Ålesund, via Borgund, Aure, Ørskog, Stordal, Stranda, Norddal, Sylte, Hellesylt og i 1858 også Geiranger.


Dette er aksjebrevet til kyrkjesongar Martinus Flem, far til redaktør Ivar Flem. Aksjebrevet er ein aksje i selskapet som kjøpte hjulbåten D/S "Søndmør" og D/S "Romsdal". 10 år seinare var det null verdt. Slik er det å vere føre si tid. 

Aksjebrev Søndmørske.jpg
Aksjebrev til selskapet som frå 16. desember i 1857 starta båtrute på fjorden med D/S "Søndmør"



1859

Norddalen postopneri opna på Dalebø i Norddal.

1861

Valldal postopneri opna på Muri, flytta til Sylte i 1869.

1861

Stordal postopneri opna.

1866

Søkelven postopneri opna.

1867

Søndmør-Romsdalske Dampskibsselskab konkurs, hjulbåten D/S «Søndmør» seld

1868

Geiranger postopneri opna

1868

Nytt Søndmør-Romsdalske Dampskibsselskab etablert. D/S «Lodden» innkjøpt og i drift.

1879

Det nye Søndmør-Romsdalske Dampskibsselskab konkurs

1879

Konsul Joachim Andersens rederi i Ålesund etablert, D/S «Lodden» overtatt

1879

D/S «Lodden» i rute på fjorden i samarbeid med D/S «Robert»

1886

Søndmøre Dampskibsselskab skipa. Nybygde D/S «Geiranger» i rute på fjorden.

To rundturar på fjorden kvar veke. O7.00 frå Ålesund tysdag og laurdag. 20 stopp

1887

Nybygd kai i Geiranger som den første i fjorden

1889

Geirangervegen Meråk-Oppland grense offisielt opna 14. august

1889

Nybygde D/S «Søndmør» også i rute på fjorden

1890

Krav om tre ruter på fjorden, men «Søndmørske» meinte to var nok.

1893

Kaier tekne i bruk i Ytterdal og i Valldal

1893

Vegen frå Tryggestad gjennom Norangsdalen starta bygd, ferdig til Øye i 1896

1894

Kaia på Stranda teken i bruk

1890-åra

Vestenfjeldske Dampskibsselskab som hadde ruta mellom Bergen og Ålesund, sette D/S «Nordfjord», også kalla «Treskoen»,  inn i ei rute på fjorden midt mellom avgangane til Søndmørske. Søndmørske la sin avgang frå Ålesund samtidig med D/S «Nordfjord» og dei kappkøyrde inn fjorden og underbydde kvarandre på billettprisen. Det vart ein episode, men då fylkesreiarlaget, Møre Fylkes Rutebåtar vart skipa i 1920, var D/S «Nordfjord» ein av båtane som vart kjøpt.

1896

Søndmørske kjøpte inn D/S «Storfjord» til bruk på fjorden

1902

Norddal kai vart opna

1904

Kaia på Hellesylt vart opna

1906

Rasmus P. Mork etablerte Aalesunds Meieri og etablerte båtruter for å hente mjølk frå distriktet, også inn til Stranda i Storfjorden. Det var så langt dei våga å hente dagfersk mjølk. Det var korrespondanse også frå Norddalsbygdene og frå Sunnylven. Denne båten tok med passasjerar og gjekk frå Stranda om formiddagen og returnerte om kvelden. Dermed hadde fjordfolket eit tilbod om dagstur til byen.

1909

Søndmøre Dampskibsselskab kjøpte motorbåten M/B «Aure» og sette den inn i ruta til Sykkylven. Morgonrute til byen og retur på ettermiddagen, akkurat som Mork sitt opplegg. Starta frå Straumgjerde kl.07.00. Stopp på Erstad, Blindheim, Ikornnes, Aure, Tusvika, Emleim og Meierikaia i Ålesund. Ruta varte til 1. juni 1956. Parallelt hadde det vore ferjedrift frå Magerholm til Aure i privat regi sidan 1931, og i MRF-regi sidan 1932. Talet på ferjeavgangar auka frå 13 i 1962 til 17 i 1968 og til 25 i 1971, då med to ferjer. I dag er frekvensen over 50. Frå 1. april 1973 vart sambandet nedkorta til Aursnes-Magerholm.

1913

Første rutebildrift på Indre Sunnmøre sett i gong i Geiranger.

1914

Søndmøre Dampskibsselskap fekk ny båt, D/S «Norddalsfjord», sjølvaste stasbåten på fjorden som etterkvart fekk kallenamnet «Silkemusa». Plass til 300 passasjerar.

1915

Billaget Geiranger-Grotli etablert.

1920

Fylkesreiarlaget Møre Fylkes Rutebåtar vart etablert. 21 dampskip med frå starten

1920

Dampskipsrute frå Ålesund og til 18 stoppestader inn fjorden tre dagar for veka, tysdag, torsdag og laurdag med retur  frå Geiranger onsdag og sundag, og frå Tafjord fredag. Tysdag avgang frå Ålesund 08.00, framme i Geiranger kl. 23.15, men båten var ofte forseinka, og det vart gjerne både 24.00 og 01.00. Som hemn vart MFR på Hellesylt omdøypt til «Mykje Før Rutå»

1920

Motorbåtrute Stranda-Stordal-Ørskog-Ålesund. Vaksvik-Sjøholt-Apalset-Langskipsøy og Glomset. I drift frå sommeren 1920 til hausten 1921.

1920

Motorbåtruter på Norddalsfjorden og Geirangerfjorden korresponderte med motorbåtruta Stranda-Ålesund.

1920

Sunnmøre Meieri etablerte meieri på Stranda, og dermed sende bøndene i Sykkylven og i fjordbygdene mjølka si dit

1921

Motorbåtruta kutta ut Stranda og Stordal, og Søvik vart ny start for ei rute til Ramstad, Vaksvik, Ørskog, Langskipsøy og Glomset. Apalset og Valle på signal.

1922

Sunnylven Meieri etablert. Dei indre fjordbygdene låg for langt unna meieriet i Ålesund for mjølkeleveransar. Bøndene i Sunnylven og Geiranger kunne levere fersk mjølk i staden for sjølve å måtte gjere mjølka om til smør.

1922

Ny motorbåtrute, avgang Ålesund onsdag kl. 09.00 til Dyrkorn, Stordal og Stranda i tillegg til stoppestadene i Søvik-ruta, og med retur frå Stranda torsdagsmorgon.

1922

Turistrute mellom Sjøholt og Geiranger. M/S «Rollo» med flott salong og restaurasjon om bord, men kunne ikkje ta bilar.

1923

M/F «Bilfergen» sett inn i trafikk mellom Geiranger og Hellesylt. Behovet for å kunne frakte bilar over eller langs fjorden melde seg med stigande styrke.

1924

Talet på ruteturar frå Ålesund til fjordbygdene utvida frå tre til fire kvar veg, to med motorskip og to med dampskip. Starta 08.00 i Ålesund og enda i Geiranger eller Tafjord om kvelden. Starta så retur midt på natta og kom til Ålesund på ettermiddagen. Dette opplegget redusert til tre turar frå 1927-28.

1925

D/S «Rauma» sett inn i rute Sjøholt-Geiranger, varte til 1937. Rauma kunne ta inntil tre bilar på tvers på forskipet. På Sjøholt var det korrespondanse med rutebil til/frå Vestnes. Sommarrute frå 15. juni til 8. september.

1929

Start i Ålesund kl. 14.00, seks turar kvar veg for veka med eitt skip. Glomset og Langskipsøy erstatta av buss. Endestaden seint på kveld eller natt, og retur med ein gong. Stranda anløp kl.20.00 på veg frå Ålesund og kl. 07.00 til Ålesund. Bussar langs fjorden til Sjøholt gjorde turen ut til Ålesund kortare om ein kombinerte.

1931

Bastian Weiberg-Aurdal fekk bygd B/F «Raana» og starta sambandet Aure-Magerholm. Ferja overteken av MRF året etter. Dette var det første heilårs ferjesambandet i Møre og Romsdal.

1932

Oaldsbygda kai teken i bruk. Før måtte av- og påstiging skje frå føringsbåt.

1933

Transportbehovet for bilar hadde blitt så stort at M/B «Sykkylvsfjord» måtte assistere i ruta mellom Sjøholt og Geiranger. «Sykkylvsfjord» kunne ta fem bilar.

I sommarsesongen korresponderte M/B «Tafjord» med ruteskipet D/S «Rauma» på Stranda, og frakta passasjerar til og frå Overåneset og Norddalsbygdene

1936

31. juli vart veganlegget mellom Valldal og Romsdal opna av kong Haakon, og han ga vegen namnet Trollstigvegen. Dagen etter var trafikken i gang.

1937

D/S «Geiranger» vart omdøypt til  D/S «Ivar Aasen» for å frigi namnet til den nye statsfinansierte ferja B/F «Geiranger» som var bygd som turistferje for å gå i ruta på Storfjorden mellom Valldal, Stranda, Hellesylt og Geiranger.

1937

Den hausten vart veganlegget mellom Sykkylven og Stranda opna.

1938

Første rutebilkøyring Stranda-Sykkylven-Magerholm-Ålesund i regi av Stranda og Sykkylven Billag A/S

1939

Vegen frå Vaksvik til Dyrkorn opna for ferdsel. Riksveg frå 1. juli 1941.D/S «Rauma» si turistrute gjekk då frå Dyrkorn i staden for frå Sjøholt. Bussar frå Dyrkorn.


Dyrkorn-37.jpg

Sakte, men sikkert åt bilvegen seg innover på auststida av Storfjorden. Dette bildet er frå 1937, og vegen mellom Vaksvik og Dyrkorn nærmar seg fullføring. Det skjedde i 1939. Standarden på vegen kravde dugande sjåførar. (Foto: M.F.)


1939

Sommarbilveg til Dalsnibba

1946

Ferjerute med B/F «Bilfergen» frå Dyrkorn til Stranda og Valldal.

1947

B/F «Farmann» i sommarrute frå Hellesylt til Geiranger, så til Stranda, Stordal og til Dyrkorn. Retur same vegen. Korrespondanse med rutebil på alle stopp

1947

Johannes Festøy bygde kai med ferjelem i Festøya, og B/F «Raana» tok ein rundtur pr. dag mellom Magerholm og Festøya i 1947, 1948 og 1949.

1949

Ferjekai bygd på Dyrkorn. Større ferjer kunne brukast

1950

I juni 1950 vart det frå Sunde ferjekai i Solavågen etablert heilårs ferjesamband til Festøya.

1950

I Geiranger var det korrespondanse med bilrute til og frå Grotli og buss vidare til Otta og Stryn. På Hellesylt bussrute til Urke og til Stryn. På Stranda buss til Sykkylven og Ålesund. (Ferje Aure-Magerholm)

1955

15. september opna Ørnevegen, og vegsamband mellom Geiranger og Eidsdal

 

1955

B/F «Julsund» frå Geiranger om morgonen, til Hellesylt, Stranda, Stordal og Dyrkorn. Gjekk også ei rute Dyrkorn, Stranda, Valldal og Tafjord.

 

1956

Ferjerute mellom Eidsdal og Valldal med seks turar dagleg

 

1956

Vegsambandet mellom Dyrkorn og Stordal opna 21. juli. Ferjefritt samband mellom Liabygda, Stordal og Ålesund. Ferjefritt heilt til Overåneset.

 

1957

Overåneset ferjekai opna. Ferjerute mellom Valldal og Overåneset

 

1962

22. september opna vegsambandet Stranda-Hellesylt og ferjesambandet mellom Stranda og Hellesylt vart nedlagt våren 1963

 

1967

Riksvegen ført fram til Linge og ny ferjekai bygd der. Fem ferjeavgangar til Overåneset. Frå Valldal fem ferjeavgangar til Eidsdal og vidare til Overåneset

 

1975

Denne sommaren vart vegen mellom Overå og Linge opna. Valldal hadde fått heilårs ferjefritt samband, og sambanda Valldal-Overåneset, Linge-Overåneset vart overflødige.

 

1975

Tunnel gjennom Syltefjellet knytte Fjørå til riksvegnettet

 

1979

Ferdig veg til Gravaneset og Liabygda ferjekai ferdig bygd der. Dermed vart ferjesambandet Stranda-Stordal nedlagt frå 1. juli, og nytt samband Stranda-Gravaneset vart etablert. Overåneset ferjekai avvikla, og det same vart sambanda Overåneset-Eidsdal og Stranda-Overåneset


stordal_fergekai-siste ferja-30.6-79.jpg

Siste ferja i sambandet til Stordal vart avvikla 30. juni 1979. Då var det veg til Overåneset og ferjekai der.
Frå venstre kaiekspeditør Clifford Søvik og ordførar i Stordal 1977-79, Johan Dyrkorn.



 

1982

Denne våren vart vegen Fjørå-Tafjord gjennombroten, og ferjeruta til Tafjord nedlagt frå 1. juli. På austsida av Storfjorden var det no samanhengande ferjefri veg frå Ålesund til Tafjord. Fjorden vart kryssa tvers over, men tida då fjorden var transportåre på langs både for folk og gods, var over. I dag blir fjorden på langs først og fremst sett på som ein turistattraksjon, og den er ikkje liten!

 

Kjelde: Ragnar Ulstein si framifrå bok om MRF

Harald Kjølås