Ingen resultat.

Årsmøte 2023

Det vert årsmøte i foreininga "Sjøfart og sjøbruk i Storfjorden" torsdag 30.mars kl 18.00 på Nilsgardstunet i Stordal. Etter årsmøtet vil oppdrettsdirektør Svein Flølo snakke om Hoseth Aqua sine planar for lakseoppdrett.
2022 - 2023
Storfjorden
Les heile artikkelen

Protokoll frå årsmøtet i Nilsgardstunet i Stordal, torsdag 24.mars 2022 kl. 18.00 - 18.45

Årsmøtet vart halde 24.mars 2022 på Nilsgardstunet i Stordal. Arne Haugen skreiv referatet og Kåre Stadheim og Odd Normann Hoff skreiv under protokollen. Etter årsmøtesakene var det ei god matøkt før Øyvind Midtlid heldt foredrag om postgangen i Storfjorden gjennom tidene. Han bygde det heile opp med å vise til eldre brev med særleg tilknyting til Ringdal, Hellesylt, Stranda og Norddal. Spennande og lærerikt.
2022 - 2022
Storfjorden
Les heile artikkelen

Årsmøte 2022

Torsdag 24. mars er det årsmøte i Foreininga sjøfart og sjøbruk i Storfjorden. Det held hus i Nilsgardstunet i Stordal, og tek til kl 18.00.
2022 - 2022
Storfjorden
Les heile artikkelen

Sogelag i bygdene langs fjorden

Foreininga Sjøfart og sjøbruk i Storfjorden ynskjer å ha eit godt samarbeide med andre kulturhistoriske lag og organisasjonar i foreininga sitt nedslagsfelt, dvs. bygdelaga langs Storfjorden. Her vil vi legge inn kontaktinformasjon til desse laga.
2022
Storfjorden
Les heile artikkelen

Sjøfart og sjøbruk i Storfjord på Facebook

Dersom du har bilder, fortellinger eller synspunkt kan du legge de ut i gruppen vår på Facebook. Her vil du også finne opplysning om samlinger og møter. Gå inn på brukergruppa "Sjøfart og sjøbruk i Storfjorden" på Facebook og bli medlem.
Les heile artikkelen

Perler i sunnmørsfjordane

av Per Arne Grebstad Det er mange slags perler rundt Sykkylvsfjorden. Her får de møte nokre av dei.
1760 - 2000
Sykkylven
Les heile artikkelen

Foreininga Sjøfart og sjøbruk i Storfjorden – kort historikk

Knut Maaseide har laga ein kort historikk om "Foreininga sjøfart og sjøbruk i Storfjorden" si historie. Frå oppstarten i 2014 og fram til 2021.
2014 - 2021
Storfjorden
Les heile artikkelen

Historiske Optegnelser

av Peder Fylling Tidleg på 1870-talet gjekk det ein følgjetong med historiske oppteikningar i Aalesunds Blad, og i 1875 kom dei ut i bokform. Forfattaren var folkeopplysaren og granskaren Peder Fylling (1818 – 1890). Her kjem nokre smakebitar frå hans «Historiske Optegnelser No. 2» i moderne språkform. Dei som vil lese teksten i Fylling si språkdrakt, finn boka på «Kulturnett. Kulturdatabase Møre og Romsdal» si heimeside (http://db.ikamr.no/MoereRom-lokalhistorie/Peder-Fylling).
1687 - 1804
Storfjorden
Les heile artikkelen

Litteratur knytt til folket og bygdene langs Storfjorden

Mykje er nedteikna om folk og bygdelag langs Storfjorden. Her kjem ei første liste over denne litteraturen. Veit de om andre bøker eller artiklar som burde vore med, så gje oss eit ord.
2020
Storfjorden
Les heile artikkelen

Årsmøte 2020

Årsmøtet i foreininga vart gjennomført 10.09 på Nilsgardstunet i Stordal. Det møtte 16 medlemmer og arrangementet gjekk greitt i desse koronatider. Styret sine forslag til årsmelding, årsrekneskap, årsplan, budsjett og kontingent vart vedteke. Dei er tidlegare sendt alle medlemmene. Valnemnda sine forslag vart vedteke samrøystes, så no er Norunn Heggebakk Steinnes ny leiar av foreininga. Asbjørn Krohn Dalen er ny i styret (vara). Etter årsmøtet fortalde Eystein Hjelme om jekteprosjektet. Spennande. Dette kjem vi attende til i eit seinare temamøte. Vanleg årsmøtereferat/protokoll kjem etter kvart. Til slutt vart Johan Weiberg Gulliksen, som no går ut av styret, takka for sitt engasjement og sin store innsats for foreininga.
Storfjorden
Les heile artikkelen

Gamle bilete frå Storfjorden

Dette er ei liste som omtalar nokre av dei plassane på nettet der du kan finne gamle bilete fra Storfjorden. Kjenner du til andre nettstader som burde vore med på lista, så gi oss eit ord. Så skal vi få dei med.
Storfjorden
Les heile artikkelen

Seks teikningar frå Sunnmøre

av Sophus Larpent "Skjønt Reiseskildringer og billedverker have spredt Ryet om Norges Naturskjønhed vidt omkring, ere dog Landets, efter mit Skjøn, meest maleriske Egne - imod Vest og imod Nord - kun lidet kjendte udenfor den snævre Kreds af Reisende, som have været paa disse Steder.
1863
Storfjorden
Les heile artikkelen

Gamle naust i Geiranger

Alle gardar på Sunnmøre har båt. Og har dei ein færing, så har dei også eit naust. Eit naust som i byrjinga kryp saman og verner båt og vegn mot vind og sjø. Etter kvart har desse små værharde nausta vokst og dei er ikkje lenger berre heimen til ein færing, ein klepp, garnkuler, auskar og anna utstyr. Difor skal vi sjå litt på nokre gamle, og eitt nyare, bilete av nausta i Geiranger og kva dei kan fortelle.
Les heile artikkelen

Årsmøtet i foreininga er utsett

Koronaviruset har tvunge oss til å utsette årsmøtet. Det vert altså ikkje årsmøte 24.mars i Stordal. Vi kjem attende med ny dato for årsmøtet når alt har roa seg.
Les heile artikkelen

Send oss gjerne artiklar og bilete!

Dersom du har fortellingar eller bilete som handlar om fjorden, send dei til oss og så legg vi dei ut på heimsida vår. Send dei i ein mail til jarle@sulebust.no eller til knut.maaseide@gmail.com eller til ein av dei andre i styret.
Les heile artikkelen

Om naust

ved Harald Grytten, Inger Giskeødegård og Peder Otto Dybvik Foredrag om naust som Harald Grytten, Inger Giskeødegård og Peder Otto Dybvik holdt på årsmøtet 2019 til "Foreininga sjøfart og sjøbruk i Storfjorden". Grytten stod for tekst, Inger Giskeødegård for tegninger, akvareller og maleri og historier rundt disse. Peder Otto Dybvik viste foto. Dette er Harald Grytten sin tekst. Et divertimento i fem satser
2019
Storfjorden
Les heile artikkelen

Storfjorden

Storfjorden er Norges femte lengste fjord. Den er 11 mil lang frå kysten og inn til Geiranger. Ei sidearm lengst ute er Hjørundfjorden. Lenger inne deler fjorden seg i to armar. Den eine ender i Tafjorden. Den andre går inn til Geiranger.
1950
Storfjorden
Les heile artikkelen

Har vi gløymt fjordens historie?

Harald Kjølås ​Det kan diskuterast i det vide og det breie om fjordlandskapet rundt Geirangerfjorden ville ha blitt verdsarv viss det ikkje var for kombinasjonen fjord og kulturlandskap med fjord- og fjellgardar. Dei som kjempa fram den norske søknaden meinte dei hadde størst sjanse ved å legge vekt på naturlandskapet isolert sett, men dei vedgår at sjølve fjorden og kulturlandskapet, fjord- og fjellgardane talde med.
1850 - 1950
Storfjorden
Les heile artikkelen

Fjordens historie - kva er det?

Delar av fjordane på Indre Sunnmøre har fått status som verdensarv. Det kjem ikkje minst av natur og landskap, men også av kultur og historia til dei som bygde og levde langs desse fjordane. Deira grunnlag for å slå seg ned her, var ikkje minst fjorden, både som transportåre, men også som matfat. Det som har skjedd på og i fjorden er vårt fokus, mens andre tar seg av vernet av den rike kulturarven som finst langs med fjorden.
1860 - 1940
Storfjorden
Les heile artikkelen

Hyllest til båt og naust og til fjordakulturen

Naust, båt, vegn og menneske er ein del av fjordkulturen. Det er ein del av fundamentet i tilværet. Historieforteljaren Bjørn Helge Nygård gjer bileta frå nausta levande, og vi kan nesten lukte tjøre, garn og fiskelever. Her er får vi møte naustet, og livet i og kring det.
1850 - 2002
Norddal
Les heile artikkelen