aa Kart fergeruter Storfjorden.jpg

Kart over Storfjordområdet



Storfjorden er Norges femte lengste fjord. Den er 11 mil lang frå kysten og inn til Geiranger. Ei sidearm lengst ute er Hjørundfjorden. Lenger inne deler fjorden seg i to armar. Den eine ender i Tafjorden. Den andre går via Sunnylvsfjorden inn til Hellesylt. Ei sidearm til Sunnylvsfjorden er så Geirangerfjorden der sjølve Geiranger er endepunktet

Geiranger er målet for over 150 større og mindre cruiseskip i år, omtrent same antall som Oslo, og Geiranger og Oslo kjempar om å vere den nest største cruisehamna i landet, etter Bergen. Ålesund kjem også høgt med stendig fleire cruiseskip.

Storfjorden er ein såkalla terskelfjord som egner seg framifrå til oppdrett. Ytterst ute er det eit grunnare parti, ein terskel, som sikrar ein sirkulasjon av vannmassene i fjorden. Mange elvar og vassdrag renn ned i fjorden og gir eit stort innslag av ferskvatn. Det medfører at eit av dei største problema for oppdrett ute ved kysten, lakselusa, i liten grad finst her. Lakselusa dør i ferskvann. Storfjorden er ein djup fjord, mange stader ned til over 600 meter.

Oppdrettsanlegga innover fjorden driv i dag mest med ørret. Fjordlaks, Norges største ørreteksportør, har mange anlegg, og også nokre som driv med oppdrett av sei. I tillegg har det vore  blåskjelloppdrett i fjorden. Laks og ørret er hovudprodukta.

Heile ni kommunar grensar mot denne fjorden. Lengst ut mot havet ligg Hareid og Sula, Hjørundfjorden ligg i Ørsta kommune. Så kjem Skodje, Sykkylven, Ørskog, Stordal, Stranda og Norddal.  Det vanlege før var at alle desse kommunane omfatta område på begge sider av fjorden. Fjorden var hovudsamanbindingsåra, hovedvegen, og bant sammen landskapet å begge sider. Ser ein på gamle hus både langs denne fjorden og langs dei fleste fjordar på Vestlandet, vil ein finne at hovuddøra på husa vender mot fjorden. Seinare kom vegen langs fjorden, og då var den hamle hovudinngangen gjerne omgjort til veranda. I dag er fjorden eit stengsel, og kommunegrensene er i stor grad justerte slik at fjorden er ei naturleg grense. Nokre unntak har vi likevel innover i fjorden.