Så til nokre utdrag frå boka:

s.29 

Søknad. Den 4. februar 1692 har sorenskrivar Jacob Mathisen Ebeltoft saman med åtte menn frå Dale, Hjørundfjord og Ørsta skipreide, på allmugen i desse skipreidene sine vegne, i brev forfatta på garden Langlo, sendt inn ei oppmoding til Amtet om at omtalte allmuger, som ikkje har skog eller sjøen å ernære seg av, er ytterst fattige og ute av stand til å betale svære skattar i desse harde tidene.

 

s.30

Sylte prestegard. Den 24.oktober 1692  sende soknepresten i Norddal, Peder Rasmussen Brandal, ein søknad til Amtet om at det var nødvendig å foreta ei skjønsforretning på Sylte prestegard i Norddal som elva no hadde fart så ille med.

Amtmann Iver von Annen befaler at futen Andreas Hansen Møller har å innstemne sorenskrivar Jacob Mathisen Ebeltoft saman med lagrettemennene Ole Olsen Solnør, Iver Iversen Giskemo, Ole Olsen Melset, Lars Larsen Vestre, Amund Poulsen Øverlande, Elling Poulsen Svindset og lensmannen i Valle skipreide Ole Larsen Abelset, for å gje eit slikt skjønn.

 

Søknad. Den 3.juli 1692 søkte Lars Jensen, klokkar i Norddal, Amtet om å verte forskåna for konsumpsjonskatt, sidan han ikkje har nokon klokkargard. Søknaden er tilrådd av soknepresten Peder Brandal, og kappelanen Randulf. Resolusjonen er utferda i Steinvågen 5.august same år og der heiter det at når han betaler sin koppskatt og ildstedskatt, skal han skånast for anna.

 

s.31

Fjellskred. Året 1687, natta til 6.oktober, gjekk eit betydeleg fjellskred på gardane Helseth og Hauge i Sunnylven. Mykje skog, mark og eng gjekk tapt. Som følgje av dette blei skylda til gardane sett ned.

 

s.32

Postrute for året 1689. Når posten kommer frå Romsdal over fjellet til Gjerde, har Ole Gjerde å føre posten til Vaksvik og har Jens Vaksvik å føre den til Hauge i Dale og har Lars og Ole Hauge å føre posten frå seg til Rør, der Ole og Anders Rør har å føre den frå seg til Liaaen over fjellet. John Nedre-Liaaen og Ole Øvre-Liaaen fører posten til Hellesylt, og Ole Hellesylt har å føre den til Vollset i Nordfjord.

 

s.34

Mislykka fiske. Den 14.november 1803 melde futen på Sunnmøre Ole Bull til Amtet om årvegen og fisket på Sunnmøre dette året. Der heiter det at torskefisket var like slett som i 1802 og at sild slett ikkje vart fiska, slik at ein måtte hente sild frå Bergen til hushaldet, noko som er svært uhøyrt, då det pleier å vere omvendt. Kornhausten syntest å verte god, men då kom ein så rasande storm at den mislykkast aldeles og slik at mange bønder manglar såkorn. Bygget mislykkast også på dei fleste stader. Høyavlinga vart også dårleg, noko som skuldast langvarig regnvêr.

Torskefiske. I futen si melding til Amtet for året 1804 heiter det om torskefisket at det på Sunnmøre var like slett som førre år, og han trur at årsaka til dette ligg i det at fiskereiskapane er skrøpelege og elendige på grunn av det dårlege fisket og den dårlege avkastninga av jorda nokre år, og at allmugen er så fattige at dei heilt er sett ut av stand til å halde båtane sine og fiskereiskapen i brukbar stand.

 

s.43

Året 1775 fekk futen Mads Sørensen greie på at det hos Ole Honningdal var opphengd på stabburet 30 – 40 stykke rundfisk (torsk) mot forordninga av 12.september 1753, som han derfor var nær å bli bøtlagt for, men då han kunne skaffe vitne på at han ville nytte rundfisken til husbruk, blei han fritatt for å betale mulkt.

 

s.44

Året 1779  den 8.april skreiv sunnmørsfuten til  Amtet at forprang (ulovleg handel) går føre seg her på Sunnmøre, i sær inne i fjordane, der oppkjøparar fer omkring i bygdene og kjøper storfe, får, bukkar, geiter og smør, talg og skinn som dei fører til Trondheim med jekter og båtar. For å få slutt på dette vondet er ikkje anna råd enn at lensmennene misser embetet sitt om dei ikkje tek slike personar og fratar dei det dei ulovleg har kjøpt.

 

Jarle Sulebust

29.03.2021