PROTOKOLL

Jarle Sulebust ønsket velkommen til møtet. 18 medlemmer var til stede. Ingen hadde merknader til styrets innkalling og saksliste.

 

Sak 1   Val av ordstyrar

Jarle ble samrøystes vald til ordstyrar.

 

Sak 2   Val av to personar til å skrive under protokollen

Kåre Stadheim og Odd Normann Hoff blei vald til å skrive under protokollen.

 

Sak 3   Val av referent

Arne Haugen var samrøystes vald.

 

Sak 4   Årsmelding 2021

Jarle leste opp årsmeldinga for 2021.

Årsmeldinga vart samrøystes godkjent utan merknader.

 

Sak 5   Årsrekneskapen 2021

Rekneskapen er ført av Økonomibyrået ved Lars O Foss, og revisor har vore Knut Sjåstad.

Økonomien til foreininga har vore tilfredsstillande. Styret  har arbeidd mykje med nye sponsoravtalar etter at  dei avtalane vi hadde gjekk ut i 2021. Vi har positive tilbakemeldingar frå lokale firma om samarbeid.

Revisoren var ikkje samd i at økonomien var tilfredsstillande. Han var redd for at økonomien kunne bli vanskeleg i framtida om ein ikkje skaffa nye sponsorar.

Med disse merknadane ble årsregnskapet  samrøystes godkjend.

 

Sak 6   Årsplan

I 2022 har styret planer omgå arbeide videre med heimesida og få inn leseverdige artiklar i lokalavisene, og arbeide vidare med ei liste over litteratur knytt til Storfjorden.

Styret har planar om to samlingar i 2022. Aktuelle tema: 1.Ver og vind l Storfjorden v/  meteorolog Anders Sivle. 2. Om fiskeria i Storfjorden v/ Knut Sjåstad. 3. Turistbåtane og cruiseskipa gjennom tidene. 4. Stod Hjørungavågslaget i Storfjorden? Styret er også takksam for andre forslag om andre tema enn det styret legg fram her.

Årsmøtet tok årsplanen til vitande utan merknader.

 

Sak 7   Kontingent 2023

Kontingenten blir uendra kr 200 i 2022.  Samrøystes vedteke.

 

Sak 8   Budsjett 2022

Ramme på                             43000

Kontingent.                             16000

Kulturtilskot                            12000

Sponsorstøtte.                        15000

Sum.                                         43000

Kostnader

Utvikling av heimeside             4000

Samlingar                                  18000

Rekneskap.                                13000

Div. utgifter.                                8000

Sum.                                            43000

Det ble stilt spørsmål om kva som låg bak kostnadane til rekneskapsføringa. Møtelyden fekk ei tilfredsstillande forklaring på det.

 Budsjettet vart så samrøystes godkjent.

 

Sak 9   Framlegg til endring av vedtektene

Styrets framlegg til endring av vedtektene er ei presisering av kva som ligg i omgrepet Storfjorden.  Det er intensjonen at heile Storfjorden med sidefjordar skal vere med.

Styret sitt framlegg til endringar av paragraf 1 i foreininga sine vedtekter vart samrøystes vedteke.

 

Sak 10 Val

Innstillinga frå Lars Per Longva og Kjell Ole Løseth i valnemnda var slik

Styret: Jarle Sulebust leiar                på val i 2023/2024

            Knut Måseide.                         på val i 2024

              Norunn H Steinnes.                på val i 2024

              Torbjørn Osvik.                       på val i 2023

              Arne Haugen.                          på val i 2023

Vara:  Ove Hansen                            på val i 2023

              Asbjørn Kron Dalen                på val i 2024

Revisor:  Knut Sjåstad                        på val i 2023

Innstillinga frå valnemnda på nytt styre vart samrøystes vedteke.

 

Valnemnd. 

Kjell Ole Løseth                                   på val i 2023

Årsmøtet gav styret det mandatet å finne ytterlegare ein person til valnemnda.

 

 

Det nye styret takka dei frammøtte for samarbeid og engasjement.

 

Etter årsmøtesakene var det ei god matøkt før Øyvind Midtlid heldt foredrag om postgangen i Storfjorden gjennom tidene. Han bygde det heile opp med å vise til eldre brev med særleg tilknyting til Ringdal, Hellesylt, Stranda og Norddal.  Spennande og lærerikt.

 

Stordal, 24. mars 2022

 

Arne Haugen

Referent

 

  Kåre Stadheim                                                                   Odd Normann Hoff

04.05.2022