Anders  M Liaaen.jpg

Anders M. Liaaen (1934 - 2014)
Anders M. Liaaen, skipsbyggar med sterke ætterøter på fjord- og fjellgardar i Sunnylvs- og Geirangerfjorden og styremedlem i Stiftinga Notanaustet, har i eit notat reist dette høgst relevante spørsmålet. Han viser til at den viktige organisasjonen Storfjordens Venner har berga mykje av den verneverdige bygningsmassen som sto att på dei fråflytte fjord- og fjellgardane, og også gjort sitt til å ta vare på kulturhistoria om desse gardane, men Storfjordens Venner sitt mandat rekk ikkje lenger enn til naustdøra. Fjorden og fjordens historie er det ingen som tar seg av, og fjorden er sjølve grunnlaget for både busetting og kultur
Eit bindemiddel. I dag blir fjorden nærast sett på som ei kommunikasjonsmessig hindring, men historisk har fjorden vore eit bindemiddel. Gardane på kvar side av fjorden var næraste grannar. Kommunane låg på begge sider av fjorden: Sykkylven høyrde til Ørskog, både Vartdal og Søre Sula høyrde til Hareid og Liabygda høyrer framleis til Stranda. I dag går trafikken langs fjordane. Før i tida var så godt som all aktivitet og all kommunikasjon basert på sjøverts ferdsel med bruk av båt og skip. Alle måtte ha båt og færingen var den tids traktor. «Sjøfart og sjøbruk er en viktig del av Storfjordens historie, og må bli betre belyst!», skriv Anders M. Liaaen, og det har han rett i.

Båtane. Historia til båtane dei brukte, heilt tilbake til då Heilag Olav i 1027 eller -28 reiste inn til Sylte, slik Snorre fortel, og fram til våre dagars båtar og skip, er sjølvsagt heilt grunnleggande i ei framstilling av fjordens historie. Då høyrer også turistskip-trafikken med, frå dei første skipa kom tidleg i 1880-åra og fram til dagens cruiseskip, men det var den britiske bankieren Edward Backhouse om bord i yachten «Nereid» som var den første cruiseturisten så tidleg som i 1869. Båtbygging skjedde i fleire bygdelag langs fjorden, særleg i område med mykje furuskog. På Stranda bygde dei først og fremst færingar, men det vart også bygd jekter og andre båttyper langs fjorden. Alle gardar hadde minst ein båt. Det vitna dei lange naustrekkjene om i alle fjordbygdene og på alle fjordgardane. Støer, vor og utfar og til slutt kaier fortel også om kor avhengige dei var av fjorden. Jektekøyler/jekteveiter der jektene vart tekne opp og lagt i opplag, er også viktige kulturminne.

Trafikken på fjorden. Dei måtte i båt når dei skulle besøke kvarandre, før motorbåten kom så måtte dei ro borna til og frå skulen i all slags vêr, og det kunne vere roturar på fleire timar. Sundag var det kyrkjeferd, og ein kunne sjå fullasta færingar kome frå fleire kantar til kyrkjestadane. Prestane måtte også i båt og brudefølgja måtte i båt. Stundom gjekk det gale, og også forlisa  og drukningane er ein del av fjordens historie. Legendarisk er doktorskyssen. Frå Stranda til sjukehus i Ålesund tok det fire timar med doktor Torgersen sin motorbåt. Det var dåtidas akuttberedskap. Selskapet som bygde Union Hotell i Geiranger gjekk konkurs etter kort tid, og i samband med det vart det mykje sending av telegram til og frå Ålesund. Då måtte dei ro telegramteksten ut til Sjøholt der det var telegraf, og så måtte dei vente på svar før dei rodde inn til Geiranger att. Det var dåtidas e-post. Frå rundt 1870 gjekk det rutebåt frå Ålesund og inn til Geiranger ein gong i veka, seinare to. Fram til 1890-åra då kaiene kom, måtte på- og avstiging skje frå båt. På veg til og frå med rutebåten møttest fjordfolket og frette nytt om kvarandre. Det var på fjorden det skjedde. Så kom dei første bilferjene i 1920-åra med fire bilar på tvers på fordekket, og til slutt i 1937 stasferja «Geiranger».

Godstransport. Alt dei produserte og skulle selje og alt dei måtte kjøpe gjekk med sjøverts transport. Det hogg tømmer til ved og husbygging som dei slepte langs fjorden. Skrenakk-Magnus tok ned huset sitt oppe på Skrenakken frakta det ned til sjøen og rodde det inn til Sylte og derfrå frakta han det fram til Heggen der han sette det opp att. Dei frakta også kyr i færingen, og framfor alt frakta dei høy. Så i mellomkrigstida kom meieria og mjølketransporten. Det vart langt på veg slutten for dei einbølte fjord- og fjellgardane.

Fisket og matauk.

No kan du bestille fjordfisketur frå både Geiranger og Ålesund med guide, men i tidlegare tider var fjordfisket nødvendig matauk. Fisket har vore ein del av livsgrunnlaget langs fjorden så lenge her har budd folk. Det som er vårt tema er vel først og fremst den fisken som vart tatt opp av fjorden, og ikkje dei sesongfiskeria som fjordbøndene reiste til ute ved kysten. Men sesongfiskeria hadde mykje å seie for økonomien og pengetilgangen i fjordbygdene. Til og med drengane i fjordbygdene hadde hevd på at dei skulle ha «fri fiskje og fri niste» i fisketida mellom kyndelsmesse (2.febr.) og marimesse (25. mars). Dette fjordamannsfisket dabba av utover mot slutten av 1800-talet, men fisket i fjorden hadde gått føre seg heile tida, og fjordfolket var godt kjende med dei beste fiskeplassane. Dei hadde til og med méd som fortalte kvar dei låg, og det skal finnast nedteikningar av slike méd. Sildefisket var viktig. Silda kom inn fjorden i store, tette stimar. Held ho seg på nordsida kunne ho gå seg fast på Ørskogvika, men held ho seg midtfjords eller på sørsida kunne det bli storfiske både i Stordal, Tafjord og Geiranger. Sildefisket var notfiske, og når silda kom måtte dei som var med i notlaga kaste det dei hadde i hendene for springe og hjelpe til med å få ut nota. Det kunne bli brotfiske, og i Geiranger blir det fortalt at dei fekk så mykje sild at dei til slutt brukte resten til å strø utover markane som gjødsel. I Ørskog gjødsla dei også med sild i så store mengder at distriktslegen meinte det forpesta drikkevatnet i brunnane.  Det var mange notlag innover fjorden, og det vart ført protokollar, m.a. gjorde Geiranger Notlag det, og også i Ørskog var det fire notlag. I bygdeboka «Ørskog gjennom tidene» er dette omtalt.

Laksefisket var også viktig. Dels fiska dei med såkalla lakseverpe, stillas på land og med utlagt kvit duk på botnen som viste når fisken gjekk inn i nota. Det fanst fleire slike innover fjorden. Så kom kilenøtene og tok over. Dette fisket var gjerne knytt til nokre gardar som låg nær sjøen, og dei kunne ha ei særs god attåtinntekt av laksen. Ishuset ved Stordalsholmen vart bygd for å kjøle ned laksen i påvente av sal og utskiping. Isen saga dei i Stordalselva om vinteren og la i ishuset saman med sagemask.

Fisking av kokfisk dreiv dei med heile året, og det kunne skje med handsnøre og i seinare tid også med garn. Seifisket kunne ofte slå til. I bygdeboka til Norddal står det at i 1892 stengde dei 10.000 sei i Tafjorden, og dei fekk 10 øre stykke. Det vart tusen kroner. Mykje pengar den tida.

Eit spesielt fiske, eller kanskje skal vi kalle det jakt, var nisefangsten. På ein stabbursvegg på ein av fjordgardane, eg trur det er i Matvika, er det oppspikra eit tital tørka nisespordar. Det fortel av nisejakt var noko dei dreiv med. Eg veit ikkje korleis nisa smaker, men dette er ein kvalart, og det smakar kanskje som kvalkjøt? Det var ein kunst å skyte nise, og den store meisteren var Geirangerfjordens einaste uteliggar, Sølfest Syltevik. Han skaut nisa etter at ho hadde kome opp og fylt seg med luft. Då sikra han seg at ho flaut. Skaut han ho med det same ho kom opp, så var ho tom for luft og sokk.

Færingen var viktig

Eg har vore inne på den sentrale rolla færingen hadde, men det fanst mange andre båttyper også, kjempefæring, seksring, trerøring, fjørefar og åttring. Jektene var dei største, og det fanst mange av dei innover fjorden. Dei fleste er vel registrerte. Båtbygging langs fjorden er avgjort eit tema det er verdt å samle informasjon om. Nokre eldsjeler har samla ein del, men mykje er ugjort.

På 1900-talet vart det all slags båttrafikk på fjorden. Frå 1910 av sette meierieigar Mork i Ålesund i gang med mjølkeruter. Eit par tiår etter kom det meieri på Stranda og også til og frå det kom der mjølkeruter. Rutebåtane vart finare og frå 1. juni 1920 tok Møre fylkes ruteselskap over, forkorta til MFR, som sunnylvingane meinte var ei forkorting av Mykje Før Ruta. Gode historier frå salongane på rutebåtane er vel verdt å jakte på. I 1937 kom bilferja Geiranger og vi fekk rundturane frå Stranda til Overåneset til Valldal og til Eidsdal og til Hellesylt og så til Geiranger.

Så må sjølvsagt også ei slik kunnskapinnhenting handle om vind og vêrlag, om snø og snøfonner, om ras og rasfare og om liv som er gått tapt både i ras og fonner, og også i forlis og drukningsulykker på fjorden. Her burde det vere mogeleg å få eit brukbart oversyn gjennom det store registreringsarbeidet som Astor Furseth har gjort.

Nettopp kunnskapsinnhenting og kjelderegistrering er kanskje det vi bør starte med, og dei gamle som framleis hugsar er kanskje det som hastar mest.

Harald Kjølås