Vi er attende til 29.august 1998. Biletet er tatt frå Høgebøane. Arbeidet med brua over Sykkylvsfjorden har nettopp teke til. Vi ser Ekornes-fabrikken på andre sida og Sandella på Vikesida. Brua stod ferdig eit par år seinare.

21 12 09 foto.jpg

Jardarnes og  bru under bygging. Foto: Per Arne Grebstad

Dei arkeologiske undersøkingane ved brufesta i 1999 gav oss eit uvanleg funn, nemleg to vakre perlekjede.

 

21 12 09 perle 1.jpg
21 12 09 Bilde 2.jpg

Perlekjeder frå vikingtida funne på Vik, Sykkylven. Foto: Svein Skare, Bergen Museum

 

Dei har nok tilhøyrt ei kvinne på garden Vik i Sykkylven. Dei  vart funne i det som  viste seg å være ei grav, ei kvinnegrav frå vikingtid. Det er nå vel 20 år sidan grava vart undersøkt. Dette skjedde tidleg på vinteren, det var svært kaldt, og tilhøva var ikkje dei beste for ei utgraving.

 

I 1766 skriv Hans Strøm: «Søkelvs-Fiord er en Tværfiord eller Green af Storfiorden, paa hvis Søndre Side den ligger, og strækker sig 1 heel Miil ind i Landet hen mod Sønden; men er derimod neppe 1 Fierding breed end og ved Mundingen, og bliver siden alt mere og mere indkneben, og endelig forandret til et trangt Revier, som har brak Vand og Strøm, foraarsaget af det imellem Revieret og Velledals-Elven beliggende færske Vand, kaldet Fidtja-Vatn. I denne snævre Fiord falder Giennemfarten meget behagelig . . .»

Vidare skriv Strøm at på begge sider ligg gardane som eit samanhengande gjerde, noko som vi elles ikkje finn i fjordar på våre kantar. Isen har lagt opp ein terrasse av leire rundt fjorden. Elles er det i sunnmørsfjordane som andre stader i verda, elvedelta der dei gjennom mange år har dyrka jorda. I Hjørundfjorden finn vi strandgardane, medan innover Storfjorden mot Geiranger ligg gardane som ørnereir på smale fjellhyller. Omkring desse små grøne bøtene der plantar, dyr og menneske har klora seg fast stuper fjellet rett i sjøen.

 

I Sykkylvsfjorden finn vi noko som skil seg tydeleg ut, eit nes av jord, Jarnes eller Jarðarnes som vikingane sa. Dette neset er blitt kalla «perla» i sunnmørsfjordane.

 

09.12.2021