2014-16

Anders M. Liaaen tok i mai 2014 eit initiativ for å samle inn og ta vare på kunnskap om bruken av Storfjorden på Sunnmøre. I første omgang fjorden innafor ei line Sandvika – Tøsse, men etter kvart flytte grensa vestover til lina Festøy – Flisneset inklusiv Hjørundfjorden.

Liaaen utarbeidde eit notat der han utforma prosjektet i detalj: «Om sjøfart og sjøbruk i Storfjorden ca. 1600 – ca. 1950» (Oversikt og register for innsamling/registrering av kunnskap og informasjon) Tidsavgrensinga var nærmast eit utgangspunkt og langt frå absolutt.

Johan Weiberg Gulliksen, Harald Kjølås, Are Homlong, , Jarle Sulebust og Anders M. Liaaen møttest 24.juni 2014 på Sunnmøre Museum og la opp ein strategi for prosjektet «Sjøfart og sjøbruk i Storfjorden». Denne «styringsgruppa» tok kontakt med Sunnmøre Museum, Storfjordens Venner, Stiftinga Geiranger Verdsarv og Stiftinga Notnaustet (i Norddalen) om dei kunne tenke seg ei rolle i ei slik foreining. Ingen av dei ynskte ei formell tilknyting, men alle gav uttrykk for støtte til arbeidet med å samle inn fjorden si maritime historie.

I november 2014 døydde initiativtakaren Anders M. Liaaen. Gruppa med Johan Weiberg Gulliksen i spissen meinte at prosjektet var så viktig at ein måtte halde fram arbeidet slik Liaaen hadde skissert. I februar 2015 gjekk det ut ein invitasjon frå styringsgruppa til ein del kulturhistorisk interesserte personar i bygdelag langs Storfjorden til ei samling i Nilsgardstunet i Stordal 11. mars. Her møttest eit tjuetals engasjerte deltakarar for å drøfte kva ein burde samle inn, og korleis ein skulle gå fram for å nå målet om innhenting av kunnskap om fjorden og formidling av denne.

Arbeidet vart følgt opp med ei ny samling i Nilsgardstunet 12.april 2016, der om lag det same talet på deltakarar møtte (19 stk.). Det var særleg den organisatoriske utviklinga av prosjektet som blei drøfta på denne samlinga.

Hausten 2016 vart Knut Maaseide invitert med i styringsgruppa. Framlegg til vedtekter for «Foreininga Sjøfart og sjøbruk i Storfjorden» blei utarbeidd, og i desember same året sende styrings-gruppa ut invitasjon til dei som hadde vore med på samlingane i Nilsgardstunet om dei ville vere med i ei slik foreining.


2017

Svara frå desse var positive og dei fleste bygdelaga langs Storfjorden er soleis representert i stiftingsdokumentet datert 13. februar 2017. 17 personar sto som stiftarar. Styringsgruppa blei no interimsstyre fram til formelt årsmøte kunne haldast med Harald Kjølås som leiar. Medlems-kontingenten vart fastsett til kr 200 for enkeltpersonar og kr. 1 000 for bedrifter.

Det hadde ei tid vore avklart at formidlinga måtte skje på nettet. Det var både økonomisk gunstig og tekstene og bilda ville vere tilgjengeleg for dei fleste. I samarbeid med IT-selskapet Avento fekk foreininga etablert eiga heimeside med adressa https://www.storfjord1.no Heimesida var operativ frå slutten av juni. I dag (26.01.2021) inneheld sida 79 artiklar og 285 illustrasjonar/foto.

Harald Kjølås var den som tok ansvar for å fylle sida med både artiklar og bilde. Johan Weiberg Gulliksen var i tillegg ein viktig pådrivar i å finne fram til relevante artiklar om ulike tema frå fjorden. Gjennom sine kontaktar i næringslivet trygga han foreininga sin økonomi gjennom fleirårige sponsoravtaler med ulike firma.

Interimsstyret inviterte medlemmene til samling på «Middelaldermuseet» i Borgundgavlen 22. april 2017. 18 personar møtte. Følgjande sto på programmet:

* Harald Kjølås/Johan W. Gulliksen:         Organiseringa av foreiningsarbeidet og utviklinga av heimesida. 

* Harald Kjølås:                                      Fjordabåtane og miljøet om bord.

* Knut Maaseide:                                     Jektefarten i gamle dagar


Hausten 2017 arrangerte foreininga tre opne samlingar for medlemmer og interesserte med følgjande program:

Valldal 12.10                (25 deltakarar)

* Harald Kjølås:                Om den nye heimesida.

* Knut Maaseide:              Meir om jektefarten på fjorden.

* Astor Furseth:               Om skred og drukning i fjorden.

* Turid Aspehjell:             Registrering av stadnamn langs fjorden i Norddal kommune.

* Terje Linge:                   Om Norddal mållag sitt arbeid med årboka.


Sjøholt 19.10                 (15 deltakarar)

Harald Kjølås:                Om den nye heimesida.

Knut Sjåstad:                 Om fjordfisket i Storfjorden i eldre tider.

Ragnar Bakken:              Arbeidet i Ørskog historielag

Kjell Sindre Tysse:          Arbeidet i Skodje sogelag


Stranda 15.11               (18 deltakarar)

Harald Kjølås:                Om den nye heimesida.

Knut Maaseide:              Meir om jektefarten på fjorden.

Jarle Sulebust:              Heilag-Olav si ferd inn Storfjorden til Valldal i 1028.

Arne Olav Stavseng:       Arbeidet i Stranda sogelag.

Per Arne Grebstad:        Lakseverpene i Storfjorden

Møtet på Stranda var det siste Harald Kjølås fekk vere med på. Han døydde brått i slutten av november. Både for lokalhistorierørsla på Sunnmøre og for foreininga var dette eit stort tap. Ein av hjørnesteinane i foreiningsarbeidet var brått borte. Våren 2017 kom så Knut Sjåstad med i gruppa som jobba med heimesida.


2018

På interimsstyremøtet i januar 2018 blei styret utvida med Torbjørn Osvik. Då var styret igjen på 5 personar slik vedtektene krev. Jarle Sulebust tok over som konstituert styreleiar etter Harald Kjølås fram til årsmøtet. Foreininga passerte 60 medlemmer. Etter søknad fekk foreininga eit tilskot på kr 15 000 frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Dessutan støtta Sparebanken Møre, TINE, Stokke Mineral og Avento foreininga med pengar, varer og tenester. I tillegg til dei årlege tilskota frå dei faste sponsorane sikra dette driftsøkonomien i foreininga.

Det første ordinære årsmøte i Foreininga Sjøfart og sjøbruk i Storfjorden blei avvikla 23. april i Nilsgardstunet, Stordal. Av foreininga sine 60 medlemmer møtte 24. Til handsaming : Vanlege årsmøtesaker. På årsmøtet blei interimsstyret valt til ordinært styre med akklamasjon. Unntaket var Are Homlong som etter eige ønske gjekk inn som vara til styret. Norunn Heggebakk Steinnes kom inn som nytt styremedlem.

Etter dei ordinære årsmøtesakene heldt avdelingsleiar i Stiftinga Sunnmøre Museum, Håvard Haraldson Hatløy, eit engasjert og svært interessant kåseri om strandabåtane – kan hende den vanlegaste tradisjonsbåten i indre fjordstrok.

Hausten 2018 arrangerte foreininga to opne samlingar for medlemmer og andre interesserte:

Hellesylt 16.10                         (14 deltakarar)

Sulebust, Maaseide, Sjåstad:      Styret sitt arbeid sidan årsmøtet i april.

Knut Sjåstad:                             Storfjorden si marine historie.

Arne Ringdal:                             Hellesylt – tettstad og knutepunkt.


Sykkylven 21.11                       (35 deltakarar)

Jarle Sulebust:                          Om foreiningsarbeidet og fornyinga av heimesida.

Lars Longva:                              «Syft og skaut» - tradisjonsbåtsegling på Sykkylvsfjorden.

Jarle Tusvik:                              Den gamle handelsstaden i Tusvika.


På styremøta hausten 2018 og vinteren 2019 var styret særleg oppteken av følgjande:

·        Vervekampanje for nye medlemmer.

  • Gjere innmeldingsprosedyren enklare for nye medlemmer. (Skjema på heimesida)
  • Gjere heimesida meir brukarvenleg. (Omorganisering og fornying) Jarle, Knut M. og Knut Sjåstad fekk ansvaret for dette arbeidet.
  • Korleis kome i kontakt med utflytta storfjordingar?
  • Skape blest om foreininga og fjorden si historie gjennom bruk av lokalavisene i området.
  • Etterkvart som kvaliteten på heimesida blir betre, bør ho marknadsførast mot det lokale skuleverket.
  • Utviklinga av eit digitalt kart og reorganisering av bildebasen hadde førsteprioritet i arbeidet med heimesida.
  • Organisert samarbeid med sogelaga/mållaga i Storfjordområdet.
  • Tid, stad og tema for to opne medlemssamlingar hausten 2019.
  • Intern arbeidsfordeling av ansvarsoppgåver i styret.
  • Etablere ei arbeidsgruppe i/utanfor styret som kan arbeide med å hente inn kunnskap om jektebygginga i fjorden (byggjestader, jektebyggjarar, trevirke, arbeidsmåtar m.m.)
  • Utarbeide framlegg til foreininga sin logo.
  • Erfaringane viser at dei opne samlingane dominerast av godt vaksne menn. Korleis gjere samlingane attraktive også for kvinner?


2019

Årsmøtet i foreininga vart avvikla 19. mars, som vanleg i Nilsgardstunet. Av 77 medlemmer møtte 24. Vanlege årsmøtesaker. Det nye styret såg slik ut:

                              Jarle Sulebust                                (styreleiar)

                              Knut Maaseide                                (sekretær)

                              Norunn Heggebakk Steinnes

                              Torbjørn Osvik

                              Turid Aspehjell

                              Johan Weiberg Gulliksen                (vara)

                              Ove Hansen                                    (vara)

Etter at det formelle årsmøtet var avslutta, framførte Harald Grytten, Inger Giskeødegård og Peder Otto Dybvik «Naust på Sunnmøre – ei impresjonistisk tilnærming» i ord og bilde på ein framifrå måte.

På vegne av styret hadde Norunn Heggebakk Steinnes teke på seg å kontakte lokalavisene i Storfjord-området (Storfjordnytt, Bygdebladet, Sunnmøringen og Sykkylvsbladet) for å få til eit samarbeid der foreininga kunne få inn kulturhistoriske bilde og artiklar saman med ein kort presentasjon av foreininga. Responsen var noko ulik, men fleire artiklar kom på trykk i løpet av året. Norunn freista å få inn førehandsomtale av foreininga sine opne samlingar, og alle lokalavisene blei inviterte til å kome på desse. Dei opne samlingane blei og annonserte i lokalavisene. Erfaringane med desse tiltaka var noko ymse.

Dessutan var styret særleg oppteken av følgjande saker:

Samlingar hausten 2019:

Samrådingsmøte med sogelag/mållag i Storfjordområdet var planlagt på Middelaldermuseet i Borgundgavlen 12. september. Dette måtte avlysast då responsen var dårleg; berre eitt sogelag meldte si interesse.

 

Opne samlingar for medlemmer og andre interesserte:

Fjøra 17.10.:                     (ca. 40 deltakarar)

Astor Furseth:                  Vêrlaget i Storfjorden.   (God pressedekning i Storfjordnytt!)

Sjøholt 14.11.:                 (ca. 70 deltakarar)

Oddvar Longva:               Korleis ser det ut under vatnet i Storfjorden? Vi slår på lyset.     

Styret oppnemnde Eivind Hjelme (leiar), Torbjørn Osvik og Ove Hansen som medlemmer i gruppa som skal innhente kunnskap om jektebygginga i gamle dagar i Storfjordområdet.


2020

Ved årsskiftet hadde foreininga 85 medlemmer. Med bakgrunn i den gode deltakarresponsen på dei siste samlingane gjekk styremøtet i januar inn for ei ny ope samling i februar. Sjøholt hadde vist seg som ein sentral og gunstig samlingsstad, og Kyrkjetorget som eit høveleg og rimeleg møtelokale.

Sjøholt 27.02.:                  (ca. 40 deltakarar)

Lars Golmen:                    Straumtilhøva i Storfjorden

Eit samla styre gjekk i februar inn for at utkastet til logo, utarbeidd av grafisk formgjevar Marius Drabløs Maaseide, vart foreininga sin nye logo. Den skulle presenterast på årsmøtet.

Årsmøtet blei – tradisjonen tro – lagt til Nilsgardstunet 24. mars. Etter årsmøtesakene og ei matøkt skulle Oddgeir Bruaset kåsere om folket langs fjorden. Han var det næraste ein «kioskveltar» som styret kunne tenkje seg  - også sett frå ein kvinneleg ståstad. Men dette var før koronaen . . .

Då Noreg blei stengd ned 12. mars, blei all foreiningsverksemd lagt på vent. Årsmøtet vart avlyst og utsett på ubestemt tid. Styret kommuniserte pr. e-post og telefon. Møta med Avento om utviklinga av heimesida blei utsett i det uvisse.

I juni og august kalla Jarle Sulebust inn til styremøte i heimen sin etter gjeldande smittevernreglar . Etter samråd med kommunelegen i Fjord kommune vart det no gitt grønt lys for avvikling av årsmøte 10. september i Nilsgardstunet. Vertskapet handheva smittevernreglane og Torbjørn Osvik passa på registrering av deltakarar og sytte for at rikeleg med antibac var tilgjengeleg. 16 medlemmer møtte.

På dagsorden var dei vanlege årsmøtesakene. Jarle Sulebust las og kommenterte styret sitt framlegg til årsplan. Då det var usikkert om det let seg gjere å gjennomføre dei planlagde medlemssamlingane utover hausten, ville styret ta stilling til dette etter kvart som korona-situasjonen utvikla seg. Årsmøtet tok årsplanen til vitande utan merknader.

Valnemnda sitt framlegg på kandidatar til dei ulike tillitsverva vart samrøystes godkjend med akklamasjon. Det nye styret såg slik ut:

               Norunn Heggebakk Steinnes      (styreleiar)

               Knut Maaseide                          (sekretær)

               Jarle Sulebust

               Torbjørn Osvik

               Turid Aspehjell

               Ove Hansen                              (vara)

               Asbjørn Krohn Dalen                 (vara)

Jarle Sulebust avrunda årsmøtet med å takke Johan Weiberg Gulliksen som gjekk ut av styret. Han er ein av initiativtakarane til foreininga og har vore medlem av styret sidan stiftinga. Johan har kanskje vore den viktigaste pådrivaren for å ta vare på den maritime fjordkulturen. Foreininga sin gode økonomi er i høg grad eit resultat av Johan sitt kontaktnett og hans personlege sponsorarbeid. Sidan han var forhindra frå å delta på årsmøtet, vil Jarle overrekke han ei gåve frå foreininga ved eit passande høve. Applaus frå forsamlinga. Nokre dagar etter fekk Johan overrekt ein pokal med helsing frå foreininga.

I styremøtet 13. oktober heime hos den nye styreleiaren, Norunn Heggebakk Steinnes, gjekk styret inn for ei ny fordeling av ansvarsoppgåver mellom styremedlemmene. Styret vedtok og å nytte pausen i foreiningsarbeidet som pandemien hadde skapt, til å utvikle ein strategiplan. Dette heng saman med bl.a. at dei gamle sponsoravtalane gjekk ut ved årsskiftet, og det er naudsynt å finne nye sponsorar, særleg frå Storfjordområdet. Ein slik strategiplan vil og vere eit viktig element i søknader om driftsstøtte frå offentlege institusjonar og andre samarbeidspartnarar.  Planen vil ikkje minst vere ein naudsynt reiskap for å vidareutvikla foreininga.

 

 

20.01.21, KM

 

 

07.06.2021