Av Bjørn Helge Nygård

Gode fjordafolk, båtentusiastar og kulturinteresserte. No te dags er det så mange som leitar etter hyttetomt, men skal eg vere heilt ærleg, så ville eg som husmann ha vore mest interessert i ei nausttomt!

Det er ikkje så forferdelig månge åra sia Norddalen fekk den nye vegforbindelsen te Eidsdal, det va vel i 1961. Og gjeng øss slik attende i tid år før år, så ser ein snart at kvar bygd va forutan veg. Det fantest ikkje vegar, det fantest berre sjøvegar! Og då var sølvsagt sjøen den naturlegaste ferdselvegen, og dei mange nausta vart betydningsfulle for ferdsel og utfart, ja nausta vart vil e seie midtpunkt og fundament.

Å komme inn i dei gamle nausta gjev ei kjensle av å oppleve gammal og ekte historie og kultur. No te dags ska alt opplevast gjennom data, men i naustet fortel utstyr og lukt om svunne tider og hardt, men også triveleg arbeid. Der på naustveggen finn vi vabein og kleppinj, og så den gamle hytten som ein løyste fiskjin or garnet med. Så heng der snøre og garn, og gamle tjukke oljehyre som kunne stå på gølva sjølve om du sleppte taket i dei. Dette var før Goretexen og Helly-techen si tid! Og så dei gamle garnkulene ta glas, reine kunstverka, grøne og fine kledde i nettverk av tau. Og så var det flytekorkje ta ekte brun kork, ja, nesten så det fæ samlarverdi i våre dagar mykje av dette! Så finn øss store kveitekrokar og kveitevad, ilag med ilar og utfar og landtau og lineleggar. Og børte i ei krå kjem mest bokstavleg tala eit skrik frå den nye tid, moderne plastbåser i iltre og skarpe raudfargar!

naust enda mindre.jpg
Naustrekka i Norddal med kyrkja frå 1782 bak. Foto: John Kåre Storås

Slik kan øss halde på å kike øss rundt i naustet, øss ser at det æ mykje meir. Der æ storgarn og smågran, trøllgarn og sildegarn, makrellgarn, ja, kanskje ørretgarn og laksegarn frå ei lukkeleg tid då det var blånkfisk i fjorda. Der æ teine frå då han gamle Peter i Melchiorgarda dreiv etter hummer, ei gammal nygle og eit ausekar av den store sorten , ja, så stort at ein måtte halde seg unda når det vart aust så ein ikkje skulle kome inn i dragsuget og vart kasta over bord.

Det æ når ein ser kør innhaldsrikt eit naust kan vere, at ein kan seie: «Vis meg naustet ditt, og e ska seie deg kven du er!»

I vår tid ferdast øss etter vegå og hærikhaldige garasjer, i tidlegare tider var det sjøvegane, og naustet var då å sjå på som dei dagars garsje. Der fann øss båten som vart brukt når det var eitkvart ein skulle, anten det no kunne vere til kyrkje eller skule, eller kanskje på handel eller fiskje. Og når ein la utpå, gjaldt det å halde ein stø kurs, og erfaring hadde lært dei at «ein krokut ror, gjer ein lang fjord».

Men det å ro på fjorden er ei herleg oppleving, i alle høve viss einj hæ ein god og lettrodd færing i nøkelonde ver! E æ så heldig sjølv at e hæ ein bjørkedalsfæring frå 1942, og du og du kør kjekk anj e å ro, det ekje månge åretaka før anj æ komne innom nesa! (Sjølv med lærarhende!).

Ein færing æ brukskunst av finaste slaget, og av vårt likaste handverk. Ja, tenk berre på alle typar større og mindre båtar som har vorte konstruerte og laga opp gjennom tidene. Og så hæ øss alt frå den miste fjordafæring til trerøring, fembøring og så heilt opp til ottringen med fem årepar. Ja, når det gjeld årar, så sku dei vere laga av spesiell ved og på slikt eit vis fjøra lett i sjøen, nesten som om dei tok spenntak og skauv sjøen unna. Viss årane ikkje var smidige og fjøra, så kunne dei om var kløkbe, lett brøtne i hardaste taka.

Her inne i fjordå hæ øss igjønå åra hatt månge dyktige båtbyggjarar. Øss kjenne namn som Sti-Kristian-færing, og øss hæ høyrt namn som han Båt-Rasmus og han Båt-Erik, og her har i indste fjordbygdå våre vore lokal jektebygging, truleg til langt ut på 1800-talet. Så etter kvart kom stimbåt og dampbåt, men ikkje alle tok imot den nye utviklinga like godt. Det var so ho sa det ei: «Fælaste e hæ sett. Køyre på sjøen og lage svarte skye på himmelen – reine Guds bespottelse!»

Men litt tilbake til nausta. Vi har nemnt at båten var viktig og nausta mest som fundament i tilverelsen. Og som i andre bygde så finn øss også her i Norddalen notanaust. Der sto ein eller fleire av dei gamle notbåtane, og i bygdå kunne det vere fleire notlag der bønder og brukarar hadde gått saman for å hjelpast åt når silda eller brislingjen kom. Dette var før anj kunne kjøpe juleansjos i blå boksa på budene, og anj måtte sjølvsagt sjølv lage lakje og leggje ned sild som skulle få godgjere seg!

Det eine notlaget i Norddala vart kalla «lortvikingar», men det er uvisst om det er ein heiderstittel eller ikkje, men i alle høve fiska dei godt månge gonge. Kanskje kan og burde ein også ta endå betre vare både på notnausta og notbåtane, til vitne om ein del av den gamle og forgangne fjordkulturen.

På mange av dei gamle nausta var det god plass oppe på hjellen, og var naustet ekstra stort og høgt under taket, la ein golv og fekk naustloft som var god lagerplass for ulike vare, og ein starta etter kvart med handel og viktige varer vart plassert på naustloftet. Her var sekkar med salt og tønner med sirup. Ja, eg hugsar ei historie som er fortalt, eg trur at det måtte vere om nå Th. Ytterdal, handelsmannen i Eidsdal. Han var ned i naustet eller på naustloftet og sku hente sirup. Han tok ut tøppa og sette spannja opponde. Men på eit eller anna vis vart han seinare heft, og i tillegg hadde det seg slik at dei argaste slalåmkøyrarane frå Norddal la til kai med rutebåta, så han Tore gløymde heile sirupen, og det sku visst vere litt av eit syn då han endeleg fekk sett nyglå til sirupstønnå, men litt for seint!

Ja, rutebåten var nemnt, og mange hæ kanskje ste i nausta og sett ekspedisjonsbåten ro ut åt rutebåta. Det var før 1901, då Dalsbygda kai vart bygt. Då kom skipsekspedisjon frå land, og truleg var mange vitne til at fjordhestane vart heiste om bord i sele, noko mange av øss kun hæ sett på dei gamle historiebøkå i skula.

Ja, eg nemde i sta nøke om somslege naustløft, og eg veit ikkje om det er heilt sant, og kan ikkje gå god for historiå sjølv, men det er sagt at det var nokre omtenksame ungdomar frå Norddala som ivrige, velmotiverte og optimistiske bygde seg elskovsreir på eit av dei gamle naustlofta, anten på Rellingsidene eller på Dalssidene, eg trur helst at det var på Dalssidene før det det var nærast ungdomshuset som var litt lenger framme. Og ein skyner at det kunne ver snerte ditta dere, men om dei fekk med seg nøkinj heim på naustløftet, ska vere usagt. Men eg tikje e ser dei salig famlande i mørkna myljå garnblåser og andre blåser!

Men no er v i tebake her i nauststøa. Her vi kunne vasse på sleipe steinar mellom tang og småkrabbar, og her rett utfør nausta kunne ein i rimeleg trygge omgivelsar ta dei aller første symjetak. Og sommarstida var det gjerne eit yrande fugleliv rundt nausta når tjeld og måse hadde reir med ungar på mange av nausttaka. Lettast var det nok å finne reirtomt på dei taka som var av torv, men dei klora seg fast elles og.

Vi lyttar og høyrer åreplask, kanskje ei knirkande naustdør og ser solsvidde timreveggar. Og så oppdagar vi kanskje at bordkledningsborda på naustveggen har vore brukte før, ikkje til ka så helst, men det har vist seg at mange naust er kledde med gamle båtbord, og då er det verkeleg snakk om gjenbruk som kan gjere sjølv nå Martin oppi Gjerda forbina!

Og det er både imponerande og interessant at ein til og med kan rekonstruere gamle båttypar på bakgrunn av gamle båtbord som er attfunne som bordkledning på eldre naust! Det er som han sa: Ekje rettå god nøk, så fæ e bruke ho på vrångå! Ja, e presisera at det her truleg måtte vere snakk om jakkå eller skjortå.

Ja, her framfor nausta var det mange freista fiskelukka for første gong, med enkelt snøre og enkel vegn. Og her kunne ein kanskje oppleve sin første romanse ei seinsommarnatt eller ein haustkveld innunder naustveggjin. Opplevingane sit meisla fast i minnet og sansane og gjer hugen heit. Lukt av olje og tjøre, kanskje gammal lever i bøtta som minner om harskna tran, men fint å ha å smørje på lunnane slik at båten kan gli betre i støa!

 

Ofte kunnne ein stå i naustdøra og sjå utover fjorden og vente på at «anj sku gje seg» så mykje at ein fekk leggje utpå, kanskje for å setje eller kanskje for å drage. Eller tidleg ein forsommarmorgon med leikande tjeld i fjøresteinane når ein sku av garde for for å ta opp att linå som var sett på nattset i «Eldhusgropa» eller eit anna me.

Fint å høyre den fine klukkinga av småbåtane og grælå som daska mot borda i færingen som sjøens symfoni.

 

Naustet og båten var og er kultur – det var ein del av fundamentet i tilværelsen. No er det kanskje mest nostalgi, men lat oss ta vare på det beste frå gamletida, frå då ein levde og verka i eit samspel med naturen, då det var noko meir heilskap og harmoni over tilveret vårt.

 

Først trykt i «Årbok for Norddal 2002».