2FC84463C5614D5DBAEF58F4151BC398.jpg

Bildet er teke mot Tafjord, eit stykke innafor Fjørå. Sett mot Tafjord ser vi på venstreside Furneset. På høgre side er det første neset Korsneset og det lengre inne er Seineset. Mellom Korsneset og Seineset kan ein sjå konturane av Alvikneset.

Desse gardane har fått ein organisasjon til å passe på seg, Storfjordens Venner, men denne organisasjonen definerer sitt arbeidsområde til å handle om landjorda til og med nausta. Ikkje båtane og alt det andre som skjedde på sjølve fjorden, dåtidas landeveg. Ein kan meine det ein vil om denne avgrensinga, men slik er det. Det er noko av bakgrunnen for at nå avdøde Anders M. Liaaen, skipsbyggar med sterke ætterøter på fjord- og fjellgardar i Sunnylvs- og Geirangerfjorden og styremedlem i Stiftinga Notanaustet, i eit notat reist spørsmålet om vi har gløymt fjorden og fjordens historie. Fjorden og fjordens historie ser det ut til at ingen tar seg av, og fjorden har vore og er sjølve grunnlaget for både busetting og kultur.

Denne utfordringa frå Anders M. Liaaen, noko av det siste han brann for før han døydde, kunne vi ikkje berre la ligge, og alt mens han levde rakk han å vere med på eit par møte i ei gruppe fjordentusiastar som Johan Weiberg Gulliksen fekk kalla saman. I tillegg til han og Anders møtte Jarle Sulebust på vegne av Sunnmøre Museum og Are Homlong, livsvarig stordfjordven og underteikna til nokre møte for å førebu det møtet i skal ha i dag.

Dette er ikkje eit nytt bokprosjekt, men det er først og fremst tenkt som eit innsamlingsprosjekt. Kva veit vi om fjorden og det som fjorden vart brukt til?

Vi treng neppe gå tilbake til Heilag Olav si tid. Det viktigaste er å samle stoff om det som har skjedd dei siste 300 åra, og prioritet nummer ein vil kanskje vere å samle inn det levande minnestoffet frå dei siste generasjonane som brukte fjorden på gamlemåten – før vegane langs fjorden kom og før ferjekryssingane kom.

Først litt om sjølve objektet. Storfjorden med sidearmar. Storfjorden er Norges femte lengste fjord. Den er 11 mil lang frå kysten og inn til Geiranger. Ei sidearm lengst ute er Hjørundfjorden. Lenger inne deler fjorden seg i to armar. Den eine ender i Tafjorden. Den andre går via Sunnylvsfjorden inn til Hellesylt. Ei sidearm til Sunnylvsfjorden er så Geirangerfjorden der sjølve Geiranger eller Marok er endepunktet.

Storfjorden er ein såkalla terskelfjord som egner seg framifrå til oppdrett. Ytterst ute er det eit grunnare parti, ein terskel, som sikrar ein sirkulasjon av vannmassene i fjorden. Mange elvar og vassdrag renn ned i fjorden og gir eit stort innslag av ferskvatn. Det gjorde at fjordarmane inst inne vart islagde så godt som kvar vinter i tidlegare tider, og i dei kaldaste periodane blir det fortalt at både Tafjorden og Norddalsfjorden var frosen heilt ut til Overåneset og også heile Geirangerfjorden ut til Lundaneset skal ha vore attfrosen. Før rutebåtane si tid, og mens gardane og bygdene baserte seg på sjølvforsyning, var det til å leve med, men frå midten av 1800-talet vart tilfrysinga eit problem.  I dag blir fjorden nærast sett på som ei kommunikasjonsmessig hindring, men historisk har fjorden vore eit bindemiddel. Gardane på kvar side av fjorden var næraste grannar. Kommunane låg på begge sider av fjorden: Sykkylven høyrde til Ørskog, både Vartdal og Søre Sula høyrde til Hareid og Liabygda høyrer framleis til Stranda. I dag går trafikken langs fjordane. Før i tida var så godt som all aktivitet og all kommunikasjon basert på sjøverts ferdsel med bruk av båt og skip. Alle måtte ha båt og færingen var den tids traktor. Sjølv gardar som låg langt framme i dalane, måtte ha naust og båt. «Sjøfart og sjøbruk er en viktig del av Storfjordens historie, og må bli betre belyst!», skriv Anders M. Liaaen, og det har han rett i. Båten vart bindemiddelet, og det er verdt å merkje seg at husa som vart bygde på 1800-talet og tidleg på 1900-talet vart bygde med hovuddøra mot sjøen. Det var frå sjøen og båten dei kom, gjestane, i alle fall var det tilfelle for grendene langs fjorden.

Båtane
Historia til båtane dei brukte, heilt tilbake til då Heilag Olav i 1027 eller -28 reiste inn til Sylte, slik Snorre fortel, og fram til våre dagars båtar og skip, er sjølvsagt heilt grunnleggande i ei framstilling av fjordens historie. Då høyrer også turistskip-trafikken med, frå dei første skipa kom tidleg i 1880-åra og fram til dagens cruiseskip, men det var den britiske bankieren Edward Backhouse om bord i yachten «Nereid» som var den første cruiseturisten så tidleg som i 1869.

Det første turistskipet som kom inn fjorden her, var truleg det britiske S/Y «Ceylon» tidleg i 1880-åra. Frå 1888 førte Hans og Martin Hole i Geiranger dagbok over talet på turistskip, og i 1888 registrerte dei 39 anløp. Fleire av skipa var nok innom fleire gongar, men tenkje seg til for ein revolusjon i den avstengde bygda. Også Det Bergenske Damskipsselskap hadde turistrute til Geiranger frå 1888, og i 1889 opna Geirangervegen over fjellet. I 1890 kom keisar Wilhelm på sitt første besøk inn fjorden, og det skulle bli årvisse besøk heilt fram til 1908.

Første rutebåten, hjulbåten «Søndmør» vart sett i drift alt vinteren 1857/58. Skovlane vart drivne av store tannhjul som var romslege og som  saman med  susen av det fossande vatnet rundt skovlane, bråka noko forferdeleg. Dei høyrde båten på lang lei, og det blir fortalt at når «Søndmør» kom til syne i Geiranger så vart lærar Lundanes så forfjamsa at han gløymde å gi lekse til neste dag. I 10 år gjekk hjulbåten før Søndmørske Dampskipsselskap gjekk konkurs, men det kom nye rutebåtar som knytte fjordbygdene saman med Ålesund. Fjorden vart meir og meir hovudvegen. Før rodde dei både over og langs fjorden. No tok dei rutebåten. Oddvin Lundanes skreiv ein gong ein artikkel med tittelen: Sjøen var allfarveg og færingen folkevogn. Færingen var meir enn det, også den tidas traktor med tilhengar.

Rutebåttrafikken på fjorden er godt dokumentert, men det vi kanskje manglar er dokumentasjon på det denne trafikken førte med seg av vekst og framgang. Vi manglar også gode nok og mange nok forteljingar om livet om bord på rutebåtane. Det går kanskje framleis historier på folkemunn som burde ha vore skrivne ned?

På veg til og frå med rutebåten møttest fjordfolket og frette nytt om kvarandre. Det var på fjorden det skjedde. Så kom dei første bilferjene i 1920-åra med fire bilar på tvers på fordekket, og til slutt i 1937 stasferja «Geiranger».

Før kaiene tok til å kome brukte dei flyttbåtar med flyttmenn om bord som frakta gods og passasjerar til og frå land og rutebåten. Dampskipskaia i Geiranger, ferdig i 1887, var den første i Storfjorden, og utover i 1890-åra fekk dei fleste stoppestadar kai, men ikkje fjord- og fjellgardane. Skulle dei sende noko eller ha med nokon på båten, måtte dei ro ut og legge seg til å vente. Oaldsbygda fekk kai i 1932  og fekk også då båtanløp, men då var bygda berre eit par tiår frå å vere fråflytta.  

Båtbygging skjedde i fleire bygdelag langs fjorden, særleg i område med mykje furuskog. På Stranda bygde dei først og fremst færingar, men det vart også bygd jekter og andre båttypar langs fjorden. Alle gardar hadde minst ein båt. Det vitna dei lange naustrekkjene om i alle fjordbygdene og på alle fjordgardane. Støer, vor og utfar og til slutt kaier fortel også om kor avhengige dei var av fjorden. Jektekøyler/jekteveiter der jektene vart tekne opp og lagt i opplag, er også viktige kulturminne.

Trafikken på fjorden
Dei måtte i båt når dei skulle besøke kvarandre, før motorbåten kom så måtte dei ro borna til og frå skulen i all slags vêr, og det kunne vere roturar på fleire timar. Det å ro skuleborna frå Smoge og inn til Eidsdal forbi Skrenakken og Ospahjellen når austingen eller skjella som vi kallar vinden på Stranda, sto på som verst, det tok på kreftene.

Sundag var det kyrkjeferd, og ein kunne sjå fullasta færingar kome frå fleire kantar til kyrkjestadane. Prestane måtte også i båt og brudefølgja måtte i båt. Stundom gjekk det gale, og også forlisa  og drukningane er ein del av fjordens historie. Legendarisk er doktorskyssen. Frå Stranda til sjukehus i Ålesund tok det fire timar med doktor Torgersen sin motorbåt. Det var dåtidas akuttberedskap. Torgersen sin båtførar, Peter Jelle, fortel i eit intervju i Sunnmørsposten i 1967 om ei julehelg då han og Torgersen la ut på sjukebesøk veslejulaftan og heldt det gåande i åtte samfulle dagar før dei kunne gå til land att på Stranda, og der fekk Torgersen melding om at han måtte ut ein ny tur, men då orka eg ikkje meir og fekk ein til å byte for meg, fortel Peter Jelle. Også dette er fjordens historie.

Selskapet som bygde Union Hotell i Geiranger gjekk konkurs etter kort tid, og i samband med det vart det mykje sending av telegram til og frå Ålesund. Då måtte dei ro telegramteksten ut til Sjøholt der det var telegraf, og så måtte dei vente på svar før dei rodde inn til Geiranger att. Det var dåtidas e-post. Frå rundt 1870 gjekk det rutebåt frå Ålesund og inn til Geiranger ein gong i veka, seinare to.

Alt dei produserte og skulle selje og alt dei måtte kjøpe gjekk med sjøverts transport. Dei hogg tømmer til ved og husbygging som dei slepte langs fjorden. Furutømmeret til Geiranger kyrkje er nok fløtt og slept frå anten Røbbervika eller Liabygda og inn til Geiranger. Slike slep kalla dei raft, og ordet rafting er difor meir norsk enn engelsk. Skrenakk-Magnus tok ned huset sitt oppe på Skrenakken frakta det ned til sjøen og rodde det inn til Sylte og derfrå frakta han det fram til Heggen der han sette det opp att. Dei frakta også kyr i færingen, og framfor alt frakta dei høy. Så i mellomkrigstida kom meieria og mjølketransporten. Då gjekk færingen meir og meir ut av bruk, og det vart  langt på veg også slutten for dei einbølte fjord- og fjellgardane.

Fiske
No kan du bestille fjordfisketur frå både Geiranger og Ålesund med guide, men i tidlegare tider var fjordfisket nødvendig matauk. Fisket har vore ein del av livsgrunnlaget langs fjorden så lenge her har budd folk. Det som er vårt tema er vel først og fremst den fisken som vart tatt opp av fjorden, og ikkje dei sesongfiskeria som fjordbøndene reiste til ute ved kysten. Men sesongfiskeria hadde mykje å seie for økonomien og pengetilgangen i fjordbygdene. Til og med drengane i fjordbygdene hadde hevd på at dei skulle ha «fri fiskje og fri niste» i fisketida mellom kyndelsmesse (2.febr.) og marimesse (25. mars). Dette fjordamannsfisket dabba av utover mot slutten av 1800-talet, men fisket i fjorden hadde gått føre seg heile tida, og fjordfolket var godt kjende med dei beste fiskeplassane. Dei hadde til og med méd som fortalte kvar dei låg, og det skal finnast nedteikningar av slike méd. Sildefisket var viktig. Silda kom inn fjorden i store, tette stimar. Held ho seg på nordsida kunne ho gå seg fast på Ørskogvika, men held ho seg midtfjords eller på sørsida kunne det bli storfiske både i Stordal, Tafjord og Geiranger. Sildefisket var notfiske, og når silda kom måtte dei som var med i notlaga kaste det dei hadde i hendene for springe og hjelpe til med å få ut nota. Det kunne bli brotfiske, og i Geiranger blir det fortalt at dei fekk så mykje sild at dei til slutt brukte resten til å strø utover markane som gjødsel. I Ørskog gjødsla dei også med sild i så store mengder at distriktslegen meinte det forpesta drikkevatnet i brunnane.  Det var mange notlag innover fjorden, og det vart ført protokollar, m.a. gjorde Geiranger Notlag det, og også i Ørskog var det fire notlag. I bygdeboka «Ørskog gjennom tidene» er dette omtalt.

Laksefisket var også viktig. Dels fiska dei med såkalla lakseverpe, stillas på land og med utlagt kvit duk på botnen som viste når fisken gjekk inn i nota. Det fanst fleire slike innover fjorden. Så kom kilenøtene og tok over. Dette fisket var gjerne knytt til nokre gardar som låg nær sjøen, og dei kunne ha ei særs god attåtinntekt av laksen. Ishuset ved Stordalsholmen vart bygd for å kjøle ned laksen i påvente av sal og utskiping. Isen saga dei i Stordalselva om vinteren og la i ishuset saman med sagemask.

Fisking av kokfisk dreiv dei med heile året, og det kunne skje med handsnøre og i seinare tid også med garn. Seifisket kunne ofte slå til. I bygdeboka til Norddal står det at i 1892 stengde dei 10.000 sei i Tafjorden, og dei fekk 10 øre stykke. Det vart tusen kroner. Mykje pengar den tida.

Eit spesielt fiske, eller kanskje skal vi kalle det jakt, var nisefangsten. På ein stabbursvegg på ein av fjordgardane, eg trur det er i Matvika, er det oppspikra eit tital tørka nisespordar. Det fortel av nisejakt var noko dei dreiv med. Eg veit ikkje korleis nisa smaker, men dette er ein kvalart, og det smakar kanskje som kvalkjøt? Det var ein kunst å skyte nise, og den store meisteren var Geirangerfjordens einaste uteliggar, Sølfest Syltevik. Han skaut nisa etter at ho hadde kome opp og fylt seg med luft. Då sikra han seg at ho flaut. Skaut han ho med det same ho kom opp, så var ho tom for luft og sokk.

Eg har vore inne på den sentrale rolla færingen hadde, men det fanst mange andre båttyper også, kjempefæring, seksring, trerøring, fjørefar og åttring. Jektene var dei største, og det fanst mange av dei innover fjorden. Dei fleste er vel registrerte. Båtbygging langs fjorden er avgjort eit tema det er verdt å samle informasjon om. Nokre eldsjeler har samla ein del, men mykje er ugjort.

På 1900-talet vart det all slags båttrafikk på fjorden. Frå 1910 av sette meierieigar Mork i Ålesund i gang med mjølkeruter. Eit par tiår etter kom det meieri på Stranda og også til og frå det kom der mjølkeruter. Rutebåtane vart finare og frå 1. juni 1920 tok Møre fylkes ruteselskap over, forkorta til MFR, som sunnylvingane meinte var ei forkorting av Mykje Før Ruta. Gode historier frå salongane på rutebåtane er vel verdt å jakte på. I 1937 kom bilferja Geiranger og vi fekk rundturane frå Stranda til Overåneset til Valldal og til Eidsdal og til Hellesylt og så til Geiranger.

Så må sjølvsagt også ei slik kunnskapinnhenting handle om vind og vêrlag, om snø og snøfonner, om ras og rasfare og om liv som er gått tapt både i ras og fonner, og også i forlis og drukningsulykker på fjorden. Her burde det vere mogeleg å få eit brukbart oversyn gjennom det store registreringsarbeidet som Astor Furseth har gjort.

Nettopp kunnskapsinnhenting og kjelderegistrering er kanskje det vi bør starte med, og dei gamle som framleis hugsar er kanskje det som hastar mest.