Bak dei første turistane og til venstre for Meroks Hotell, som stod ferdig i 1866, ligg naustrekka. Bildet er teke då Backhouse-familien vitja fjordane våre i 1869. Nausta er grindbygg med torvtak og i nokre støer ligg færingen.

Dei første turistane1869.jpg

Naustrekka i 1869.

Det neste biletet er truleg frå 1880-åra. Det er ikkje så mykje vi ser av  nausta, men dei ligg der mellom vegen og fjorden. Skipet som ligg for anker er yachten "Ceylon". Den kom første gongen til Noreg i 1884 og vart etter kvart eit årleg syn i Geiranger. 


Dampyachten Ceylon.jpg

Naustrekka i 1880-åra.

Det håndkolorerte biletet nedanfor viser kor sentral båten, fjorden og naustet var for heile bygda. For å utnytte arealet har ein no bygd på nausta i høgda. På bakkekanten bak ligg den åttekanta kyrkja bygd i 1843. Vegen frå Geiranger til Grotli var ferdig i 1889 og er synleg på biletet som er frå 1890-åra. 

Geiranger Meråk håndkolorert kort.jpg

Naustrekka i 1890-åra.


Biletet nedanfor frå Geiranger i 1892 gjev eit godt inntrykk av naust og båtar. Dei gamle nausta, skakke og skeive, ligg der dei alltid har lagt medan den nye tida i turistbygda veks opp bak.

Geiranger 1892 naustrekke.jpg

Naustreka 1892.


Hest og kjerre er ikkje lenger det som tek turistane med seg rundt om. Automobilen har tatt over. Og nausta er ikkje lenger naust, i alle høve ikkje berre naust. Nye hus har komme opp og dei gamle nausta har vorte større og husar ikkje lenger berre ein færing eller to.


Geiranger 1932 turister.jpg

Naustrekka i 1920-åra

Bak naustrekka går det ein veg som ligg høgare enn båtstøene og nausta. Vegen opp frå kaia har først ein sideveg til høgre som går nedover og framfor Meroks Hotell. For omvising oppover i bygda vart turistane på 1800-talet og tidleg 1900-tal frakta rundt med karjol og hest. Då bilalderen inntok Geiranger, blei turistane vist rundt i opne bilar. Nokre bileigarar trengde parkeringsplass eller garasje. Det vart løyst ved at dei bygde på nausta i høgda. Ein annan trengde plass til å tørke garn og anna vegn, medan handelsmannen hadde behov for meir lagerplass.  I dag gir nausta også plass til turistbutikkar av ulik slag.

Gamle naust Geiranger.jpg

Naustrekka i vår tid. Foto: Peder Otto Dybvik

Johan Weiberg Gulliksen  / Jarle Sulebust

16.03.2020