Ingen resultat.

Ein redningsdåd

av Martin Furseth. I ulike samanhengar får ein gjerne fortalt om forlis og drukningsulukker i fjordane våre, til dømes i artikkelen «ULYKKER PÅ STORFJORDEN OG HAVET» av Astor Furseth. Men det hende òg at båtar forliste i storm og uver og at folk likevel makta å klamre seg fast på vrakgods og båtkvelv, og med nærast umenneskeleg innsats likevel vart redda. Denne forteljinga er om ei slik hending, der to menn og ei ung kvinne nær hadde gitt opp all von om å bli berga.
1880 - 1900
Glomset
Les heile artikkelen

Trist jul på einbølt gard

Av Johannes Osvik På mange sunnmørsgardar åt dei fisk til jul. Men den var ikkje alltid så greitt å få fisken i hus. Stundom gjekk det slett ikkje bra. Slik er denne triste historia frå Kastet. Samstundes er det fortellinga om ei jente som ikkje nølte, men gjorde det ein kunne forvente, og meire til, når ulukka først var ute.
Les heile artikkelen

Drukningsulykker på Storfjorden

Etter grundig gransking i bygdebøker, kyrkjebøker og andre kjelder har Astor Furseth konkludert med at meir enn 300 personar har drukna i Storfjorden i løpet av dei 300 siste åra. 75 av desse har drukna av skredhendingar. I tillegg har meir enn 50 personar frå Storfjordområdet drukna på havet.
1701 - 2005
Storfjorden
Les heile artikkelen

Drukningsulukka i Storfjorden 8. januar 1923.

Av Norunn Heggebakk Steinnes Den 7. januar 1923 skulle Johan Edvard og 3 av borna, Martin Edvard, Johannes og Nikoline og verfar til Johannes, Bernt Nilsen Hauseth, ro over Storfjorden frå Sykkylven til Honningdalen for å vitje slekta si. Dei rodde frå Aursneset og turen over fjorden gjekk greitt. Tilbaketuren vart verre.
1918
Glomset
Les heile artikkelen

Forlis ved Skrenakken

Fraktebåten M/S «Leif Erikson» som køyrde på Skrenakken 1. september i 1970, var ingen liten båt. No ligg han på over 300 meters djup. Båten har ei særs skiftande forhistorie.
1970
Stranda
Les heile artikkelen

Tafjordulukka

Klokka 03.08 natt til laurdag 7. april i 1934 losna Langhammaren i Heggura på nordsida av Tafjorden midt mellom Fjørå og Tafjord. Eit fjellskred på rundt 3 millionar kubikkmeter stein og sand raste nedover frå 730 meters høgd, og i ei fart på rundt 100 kilometer i timen, traff det vassflata. Det skapte ein tsunami som breidde seg både utover og innover i fjorden, og la det meste øyde på si ferd.
1934
Tafjord
Les heile artikkelen

Skafjellulukka

Om kvelden den 8. januar 1731 rasa eit gigantisk fjellparti i fjorden frå Rammerfjellet tvers over fjorden frå Stranda sentrum. Ei 30-40 meter høg flodbølgje gjekk over fjorden og raserte alt liv i strandsona på Stranda.Kyrkja vart øydelagt og fire born frå den vesle plassen Ura som vart teken av raset, greidde saman med foreldra sine å kome seg opp på hustaket som flaut i fjorden. Januarkulden den natta gjorde at dei fire borna fraus ihel. Også minstejenta som låg i ei trekrybbe som flaut på fjorden, omkom av kulde, . Foreldra berga seg, men i alt 17 menneske omkom.
1731
Stranda
Les heile artikkelen

Uvêrsnatta 25. februar 1854

Stranda ei stormfull vinternatt 1854. Mannskapet kjemper for å redda handelsjakta "Flora" - noko som får katastrofale konsekvensar. Kva hende og kvifor gjekk det så gale?
1854
Stranda
Les heile artikkelen