Då Skafjellet raste

StrandabildeMF 066.jpg
Såret i fjellet på andre sida av fjorden viser områder der det gigantiske fjellpartiet rasa ut. Her låg eit nes med ein gard på som forsvann i den djupe fjorden.


Tvers over fjorden frå Sløgstad var der i eldre tid eit nes med ein liten gard på som vart kalla Ura. Det skal også ha gått ein dal oppover som ikkje var brattare enn dei kunne køyre med hest til toppen. Øvst oppe var ei remne i fjellet som det samla seg vatn i, og når det var kaldt sprengde isen på.

Om kvelden 8. januar i 1731 losna heile dette neset og sokk i fjorden. På mirakuløst vis hadde den vesle familien som budde på neset, greidd å ta seg opp på hustaket som flaut i fjorden. Det var Peder Rasmusson Giskehaug, kona Guri Monsdotter Emdal og dei fem borna deira, Rasmus 9 år, Peder 8 år, Anne 6 år, Peder 3 år og Gurid 2 år. Det var mange kuldegradar den natta, og når folk dagen etter kom over fjorden for å leite, fann det at fire av borna på hustaket hadde frose ihel, og det same var vesle Gurid som dei fann i vogga si flytande litt lenger ute i fjorden. Foreldra Gurid og Peder overlevde, men dei flytta så langt fram i Strandadalen, så langt vekk frå fjorden som dei kunne kome. Gurid levde til ho vart 75 år, og Peder døydde i ein alder av 77.  I følgje Hans Strøm si skildring i «Søndmøres Beskrivelse» var det 17 menneskeliv som gjekk tapt i denne ulukka. Trekkjer vi frå dei fire borna, blir det 12 att. Det vi veit er at Gamel Pederson Kjølås og sonen Ole frå Olmanngarden var nede ved naustet sitt i Kjølåsvika då den 30 meter høge flodbølgja kom, og begge miste livet. Same lagnad fekk Ole Ellingsen Habostad frå Heimigard på Opshaug. Han var nok også nede ved sjøen då bølgja kom, og mange av dei andre omkomne var nok husmenn som budde nede ved fjorden, men i og med at dei omkomne som ikkje er attfunne, ikkje vart registrert i kyrkjebøkene, er det vanskeleg å finne dokumentasjon.

Bølgja var så kraftig at ho smadra kyrkja på Sløgstad, alle naust bortsett frå to vart øydelagde. Det same vart båtane som låg i dei, og alle båtar som låg i støa. På Sløgstad miste handelsmann og jekteeigar Cornelius Seehausen både handelshuset sitt og jekta si og to sjøbuer. Utan forsikringsordningar gjekk han frå å vere ein velhalden mann til å bli ei fattiglus på berre nokre timar. Han døydde berre 47 år gamal. Fjellet heitte Rammerfjellet, men etter det store raset vart det heitande Skafjellet.

Kjelder: Astor Furseth: «Skredulykker i Norge»

              Jan Dimmen: «Skafjellet» i «Bygdeminne» 1996

Tekst: Harald Kjølås