Av Roger Furset

 

Handelsfart med jekter har lange tradisionar i fiordbygdene.  Den første jakta vi med sikkerheit veit om på Stranda, var eigd av den rike handelsborgaren Nils Pedersen Langlo 1L679-l723. Han busette seg på Sløgstad, vart leiglending på garden og bygde opp eit handelshus. 

Dei fleste av handelsferdene frå Stranda gjekk til Trondheim eller Bergen. Dei ankra opp ved åburden, ein trepåle som stod i fjøra på Sløgstad, rett nedanfor Litleelva. Her vart det lasta om bord handels- og bytevarer frå bøndene på Stranda. Alt vart stuva i hop om bord, så dei måtte ha god kontroll med dei enkelte varene og kva som skulle inngå i kjøp eller byte.

Flora var den siste handelsjakta på Stranda. Ho vart bygd om lag 1848 i Kjølåsvika av eigarane sjølve, saman med ein innleigd bestmann.  Skuta var på 15 kommerselester, ca. 31 tonn lastevekt.  Eigarane var Nils lvars. Kjølås, Larsgarden, Ole Knuts. Kjølås, Rasmusgarden, Kristian Hanss. Hagen, Klokkargarden og Ole Hanss. Opsvik, Ivalarsgarden. Jakta hadde eit fast mannskai på ni i alderen 21 til 38 år, og ein av desse var den eldre og erfarne kjentmannen Elling Ansok.

Det var laurdagskveld  25. februar 1854. Dei var om lag ferdige med å laste om bord  varer, men Elling Ansok var ikkje komen då han ikkje likte vêret. Det hadde blåse godt heile dagen, men i kveldinga hardna det p,' og det bles opp til snøstorm frå vest-nordvest. Vindkulene slo ned over Bøen, og dei sju karane i båten torde ikkje lenger å vere om bord. Dei var redde for at jakta kunne slite seg eller åburden kunne brotne, då ville dei drive bort i Oshammaren.  Einaste måten å kome seg i land på var å hale seg etter landtrossa medan dei sat i skipsbåten. Då seks av karane hadde  kome seg ned i skipsbåten, kom ein stor brottsjø. Han som stod att om bord Ole Andreas Øye,vart vitne til at fanglina slitna og skipsbåten gjekk under. Ole Andreas fekk hjelpt to av karane om bord att i jakta, medan dei fire andre kom bort i sjøròket. Dei to som vart berga om bord var så kalde og medtekne at dei måtte legge seg til ro i venge akter i båten. Ole Andreas arbeidde heile natta med å sikre båten. Han måtte passe og kle alle tau med filler slik at dei ikkje vart gnaga av i vinden. Først  dagen etter, då det lysna av dag og dei tre kom seg i land, gjekk det opp for dei kva dei hadde vore igjennom den natta.

 

Dette var manskapet på Flora:

Karl Martinus Knudsen Engeset, Fremste Framhus - omkom

Ole Andreas Pettersen Overvold,  Olagarden - omkom

Peder Olsen Opshauglid, Liene - omkom

Ole Martinus Ellingsen Opshaug, Framigard - omkom

Elling Olsen Ansok, Olagarden, kjentmann, var ikkje om bord

Ole Knudsen Opsvik, Olagarden – sjuk, var ikkje om bord

Ole Andreas Øye, Øye - om bord heile tida

Lars Andreas Olsen Opsvik, Ivalarsgarden - vart redda

Hans Olsen Habostad, Framgarden - vart redda

 

Dagen etter, søndag 26. februar, var det lyst til preike i kyrkja. Det dårlege veret gjorde at lite folk møtte, og preika vart avlyst. Nyhende om ulukka spreidde seg mellom dei frammøtte og dei tok til å hjelpe med å sokne etter dei omkomne. Alle fire vart funne rundt og under båten.

Laurdag 3. mars 1854 var det gravferd. Kyrkja var fulI til siste plass, og presten Claus Ernst Lampe  heldt ein gripande tale om menneska sin underlege lagnad i liv og død. Dei fire døde vart lagt i ei stor felles grav like ovanfor kyrkjegardsporten.

I kyrkjeboka har presten skrive:

Omkomede en stormfuld Aften,

da de fra en på Slyngstad

Havn liggende Jagt vilde begive

sig i Land, derved, at Baaden,

strax defra borde stige i den,

fyldtes af en vældig Bølge.

Dei attlevande måtte ta seg av varene dette året. Men snart slutta dei, ein etter ein og det vart ikkje meir handel med jekter. Den 30. januar 1858 gjekk første dampbåten inn Storfjorden, dette vart skiljet mellom den gamle og den nye tid.

Kva tid Flora gjekk ut av bruk veit vi ikkje sikkert, men då det vart bygd løe på Bernplassen på Kjølås i 1868, fann dei akterveggen på vengen nytta til trofjøler. På denne hadde Johannes Peders. Kjølås frå Sæbjørngarden måla dette verset;

Flora

Er mit navn

Gud være min føIger

Som dæmpe kan Bølger

og lede på Havn

 

 

 

Kjelder:

Stranda Bygdebok lIl Bind A

Stranda Bygdebok ll

"Folkeminne frå Sunnmøre" av Jørgen Gjerding

Digitalarkivet: Ministerialbok for Stranda, Døde 1843-1861 


Artikkelen er henta frå Bygdeminne nr. 30, Årbok for Stranda Sogelag 2013